Statuttar for Sveio Kommune sitt “Fartien Valen-stipend”
1. “Fartein Valen stipendet” er oppretta og vert lyst ut av Sveio kommune. Stipendet kan søkjast av komponistar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg.
2. Ein jury skal velja ut kven av dei aktuelle søkjarane som skal få stipendet på grunnlag av prosjektskildring, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid. Juryen vert sett saman slik:
* Ein musikkfagleg representant frå universitet/høgskule.
* Ordføraren i Sveio eller den han måtte peike ut.
* Ein representant vald av styret i Fartein Valen-stiftelsen
* Ein representant frå kulturfagleg ansvarleg politisk organ i Sveio kommune.
* Ein representant frå hovudeigaren av Valen-eigedommen.
3. Den som får tildelt Valen stipendet må arbeide i Sveio i året stipendet gjeld for eller 1 kvartal i året etter. Opphaldet bør strekkje seg over 4 – 6 veker. I samarbeid med eigar, stiller kommunen bustad og arbeidsplass til rådvelde i Valen-heimen.
4. Under dei påfølgjande Valen-dagane, vert stipendmottakaren “Årets komponist”. I samband med dette er det ein føresetnad at ho/han vederlagsfritt held eit foredrag over eit aktuelt tema/eller presenterer seg som komponist. Arrangør av Valen-dagane har rett til å ta inngangspengar eller dekka utgiftene sine på annan måte, i samband med framføringa. Arrangøren dekker stipendmottakar sine reise- og opphaldsutgifter etter nærare avtale.
5. Dersom stipendopphaldet resulterer i ein ferdig komposisjon eller anna skriftleg arbeid, må stipendopphaldar forplikta seg tilå donera eit eksemplar til sveio kommune og eit til valen-heimen.
6. “Fartein Valen stipendet” skal lysast ut årleg eigna, musikkfaglege publikasjonar. Søknadsfrist er 15.mars.
7. Stipendet vert kvart år avgrensa av midlane avsette av kommunestyret ved handsaminga av årsbudsjettet..
Vedtatt i Sveio kommunestyre sak 6/99, 15.02.99
Kommentarer
Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!