Men inga særskild satsing på musikkfeltet, korkje på musikar- eller arrangørsida i budsjettforslaget for 2020, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.

Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg, © Thor Hauknes

Digitalisering av kulturarva vår er ein av budsjettvinnarane i kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grandes kulturbudsjett for 2020. Elles er det inga særskild satsing på musikkfeltet, korkje på musikar- eller arrangørsida i budsjettforslaget for 2020.

Digitalisering av kulturarva vår
Det er positivt at regjeringa prioriterer midlar til å digitalisere og gjere kulturarven vår tilgjengeleg. Arkivverket får 35 millionar i året over fire år for å lage ei felles løysing for det. I tillegg får Nasjonalbibliotekets digitaliseringsanlegg ei auke på 87 millionar. Vi reknar med at folkemusikkarkiva vil nyte godt at denne satsinga og at den rike kulturarven vi har i folkemusikken og folkedansen vil bli teken vare på og gjort til tilgjengeleg for mange fleire.

Fleire kunstnarstipend
Det er lagt inn 32 nye arbeidsstipend og 5 langtidsstipend i statsbudsjettet, det er eit godt steg i rett retning mot dei 100 vi har sagt det er trong for. Talet på stipend til folkekunstnarar har stått stille i alle år, trass i auken av profesjonelle utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og vi forventar at nokre av dei nye stipenda vert øyremerka folkekunstnarar.

Auke i momskompensasjon
Det er lagt inn ei auke på 92 millionar, totalt 1,7 milliardar kronar, til momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Det er positivt, sjølv om det framleis er eit godt stykkje unna full momskompensasjon. Vi ønskjer at ordninga med momskompensasjon vert ein rett og ikkje skal vere avhengig av statsbudsjettet. Det ville gjort ordninga meir føreseieleg.

Inga auke i Kulturfondet
Kulturfondet, der mellom anna både musikarane, dansarane, heilårsarrangørane, festivalane og FolkOrg får sine tilskot, får inga auke. Her er budsjettet berre prisjustert. Det betyr at desse gruppene ikkje blir satsa på i 2020. Musikkfeltet er i liten grad prioritert i statsbudsjettet, sjølv om det er det kulturuttrykket som blir nytta mest etter kino.

Satsing på kultureksport?
Regjeringa seier at dei satsar på kultureksport, og i Kulturdepartementets budsjett så er det lagt inn ei auke på åtte millionar til organisasjonane i Norwegian Art Abroad-nettverket. Music Norway får ein av desse millionane. Men når vi samstundes ser at Utanriksdepartementet nok ein gong kuttar i Kultur- og informasjonsformål, med meir enn 10 millionar, er det vanskeleg å sjå at dette er ei auke. Det er frå den potten desse organisasjonane får sine tiltaksmidlar og utanriksstasjonane får kulturmidlar. Dette har vore ein gjengangar for denne regjeringa, men delar av kutta har før vore redda av Venstre og Krf. Med desse partia i regjering, har desse midlane gått til forhandlingar.

Inkludering og mangfald
Regjeringa ønskjer at fleire skal ta del i kulturlivet, både i produksjon, deltaking og som publikummarar. Det frivillige kulturlivet skal ha eit særskild fokus. De har difor sett av fem millionar til ei søknadsbasert ordning. Det er ei viktig satsing i dagens samfunn, men vi undrar oss over at det er Kulturtanken som skal stå for forvaltninga av den ordninga. Er dei den med best oversikt over det frivillige kulturlivet?

Regjeringa satsar på ei forsøksordning med fritidskort for born mellom 6-18 år, og har sett av 60 millionar til det. Fritidskortet skal kunne dekke utgifter til faste, organiserte fritidsaktiviteter for gruppa.

Kutt i studieforbunda
Vi undrar oss over at Kunnskapsdepartementet har kutta 10 millionar kroner til studieforbundet året før ordninga skal delast mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Det er eit uheldig signal å sende midt i den prosessen, og det får oss til å undre oss over intensjonane regjeringa har med dette.

Institusjonar på vårt felt
Det er ingen endringar i driftstilskotet på vårt felt, både Riksscenen og Stiftinga for folkemusikk og folkedans får berre indeksregulering.

Balansekunst, som arbeider for eit likestilt og mangfaldig kulturliv og der FolkOrg er medlem, har fått auka driftstilskotet frå 1,5 millionar til 2,3 millionar, det er positivt. Kulturalliansen får framleis det same tilskotet som i 2019.

Kommunereformen
Oppgåvefordelinga mellom dei tre offentlege forvaltningsnivåa blir ikkje ferdig før kommuneproposisjonen i 2021, så her er mykje uavklart. Når det i tillegg er tvil om dei nye fylka overlever neste stortingsval, så er det ein del usikkerheit kring det regionale nivået.

Publisert:

Del: