Også Norsk Folkemusikk- og Danselag etterlyser oppfølging av kulturmeldinga . – Kva skal vi meine om denne forma for politikk der kulturministeren ikkje vil ta omsyn til det eit samla Storting seier skal skje? Vi er “såra og vonbrotne” for å sitere ein tidlegare Krf-høvding, seier Halvard Kaasa, styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Halvard Kaasa, NFD

I lys av Kulturmeldinga og stortinget sin handsaming av denne i vår, er det svært vanskeleg å forstå kulturministeren sitt forslag til Statsbudsjett for 2005. Stortinget ba i vår om “et betydelig økonomisk løft i årene som kommer” for folkemusikk- og folkedanssektoren. Da er det ikkje på langt nær nok med knutepunkts status og 350 000 kroner til ein folkemusikkfestival.

I 1998 ba kulturdepartementet om at folkemusikkmiljøet skulle samordne sine tiltak. Dette har også vore gjentatt av kulturkomiteen. Denne oppfordringa har miljøet tatt og resultatet har me fått ros for i heile det politiske miljøet.

Samstemte mål med konkrete tiltak frå folkemusikkmiljøet, mellom anna med bakgrunn i to utgreiingar som staten har betalt, er presentert for kulturdepartementet og Stortinget. Stortinget sa klårt i frå i vår, men Kulturministeren hoppar over det heile.

I føreliggjande forslag til kulturbudsjett for 2005 er det ingen ting til

* Riksscene for folkemusikk og folkedans, nasjonalt produksjonsmiljø for sektoren

— og heller inga auke til:

* Arrangør- og turnenettverket Den norske Folkemusikkscena,
* Turnestøtte for folkemusikk og folkedans (har stått uendra sidan 1991)
* Eksportstøtte og utanlandsprofilering

— Kva skal vi meine om denne forma for politikk der kulturministeren ikkje vil ta omsyn til det eit samla Storting seier skal skje? Folkemusikksektoren har bruka mykje tid og ressursar på å utvikle gode samordna planar, og no ser det ut som dette har vore eit narrespel. Vi er “såra og vonbrotne” for å sitere ein tidlegare Krf-høvding, seier Halvard Kaasa, styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag.

— Vi som arbeider på fritida med viktige kultursaker forlangar at våre politikarar syner eit minimum av konsekvens i sine handlemåtar. Nåverande kulturminister har aldri gjort noko for å møte eit samla folkemusikkmiljø sine ønskje. I faktisk politikk er denne delen av norsk kultur nedprioritert frå hennar side. Det gjeld både den religiøse folkemusikken, dansen og slåttemusikken, seier Kaasa vidare.

— Vi trenger ein heilt annan kulturpolitikk der folkemusikk og folkedans vert handsama på lik linje med andre kunstnarelge uttrykk, og der det er samsvar mellom det stortinget vedtar og det kulturdepartementet gjer, seier styreleiaren i Norsk Folkemusikk- og Danselag, som no sett sin lit til at Stortinget hugsar kva som blei sagt i vår.

I Kulturmeldinga i fjor haust slo Kulturdepartementet fast at “Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling.”

Under Stortingets handsaming av Kulturmeldinga i vår sa ein einstemmig kulturkomité i sin innstilling at det er “behov for et betydelig økonomisk løft i årene som kommer” på folkemusikk- og folkedansområdet, og at “den økte satsingen må følge flere parallelle linjer, og omfatte rekruttering, formidling, kompetanseheving og videre utvikling”. Komiteen var også einstemmig i sin presisering av at den “støtter initiativet for å få i gang ein nasjonal scene for folkemusikk og folkedans”.

Kultur- og Kirkedepartementets egen samleside for budsjettfremlegget for 2005, inkludert en rekke pressemeldinger, finner du her.

Publisert:

Del: