28. mai, under Den norske folkemusikkveka på Ål i Hallingdal, byrja kampen om kven som vert ”Årets unge folkemusikarar”. Fyrst i elden var torader/trøorgelduoen Gammel-likt se og Majorstuen. Det var dei sistnemnde som gjekk videre til INTRO-folk finalen etter helgas innsats.

Majorstuen-collage

INTRO-folk er eit heilt nytt lanseringsprogram for unge lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk. Rikskonsertane, i samarbeid med Norsk Folkemusikkformidling og Den Norske Folkemusikkscene, står bak tiltaket. INTRO-folk programmet vert gjennomført i samarbeid med dei største folkemusikkfestivalane i landet; Den Norske Folkemusikkveka, Riddu Riddu, Telemarkfestivalen, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Jørn Hilme – stemnet, Osafestivalen, Nordsjøfestivalen ”Sailor`s Wake” og Kalottspel.

INTRO-klassisk og Jazzintro er allereie godt etablerte lanseringsprogram som har fått god omtale. Artistar som har vunne Jazzintro eller INTRO-klassisk har fått hjelp til å setje fart på karrieren i Norge, og enkelte har også blitt internasjonale stjerner. No står folkemusikken for tur.

Med INTRO-folk vil ein skape ein arena der utvalde, unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar, og får røynsle i musikkformidling på høgt nivå. Gjennom deltaking på toneangivande festivalar vert eit breitt publikum betre kjent med dei som musikarar.

Arrangøren har invitert norske folkemusikarar i alderen 18 – 27 år til å sende inn lydmateriell. Frå dette materialet er det plukka ut 8 semifinalistar som skal tevle om finaleplass. Det er fire semifinalearrangørar: Den Norske Folkemusikkveka, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Riddu Riddu og Telemarkfestivalen. På kvar plass plass tevlar to deltakarar, der den eine går vidare til finalen, som finn stad på Jørn Hilme – stemnet i slutten av juli.

Årets unge folkemusikarar 2005 vinn ei skreddarsydd lanseringspakke for 2005 og 2006, som m.a. omfattar:

• presentasjon på dei deltakande lanseringsfestivalane, som er Osafestivalen, Nordsjøfestivalen”Sailor’s Wake” og Kalottspel.
• fri bruk av Rikskonsertane sitt studio til Demo-innspeling
• skulekonsertar, herunder eventuelt bestillingsverk for Rikskonsertane
• produsent ved Rikskonsertane
• turne i Noreg i regi av Rikskonsertane og/eller Folkemusikkscena
• turné i Norden
• promotering i mot utlandet (Womex o.l.) i regi av Norsk Folkemusikkformidling
• utarbeiding av PR-materiell.
• gratis innmelding til Norsk Folkemusikkatalog

Under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, laurdag 9. juli, møter hardingfelespelemannen Synnøve Bjørset felekollega frå Majorstuen Gjermund Larsen. Laurdagen etter, den 16. juli, møtast to trioar under Riddu Riððu festivalen i Kåfjord. Tindra har besetningen fele, trekkspel og song, medan Geitungen består av fele, torader og gitar.

Sist ut i semifinalerunden er Telemarkfestivalen i Bø, fredag 22.juli, der den samiske gruppa Adjagas møter hardingfelespelemannen Per Anders Buen Garnås, som dermed stiller på heimebane.

Ein fast jury på fem medlemer følgjer deltakarane frå festival til festival, og avgjer kven som går vidare; og kven som til slutt står som vinnar. Juryen er leia av konsertsjefen i Rikskonsertane, Helge Skansen. Med seg har han Annbjørg Lien, Øyonn Groven Myhren, Asgaut Bakken i Folkemusikkscena og Ola K. Berge i Norsk Folkemusikkformidling.

Publisert:

Del: