Den Norske Opera & Ballett, åpningsgalla1/Foto: www.operaen.no

Starten på ein gullalder?

KOMMENTAR: I helga opna Den Norske Opera & Ballett verksemda i sitt nye hus i Bjørvika. «Operahuset vil forandre andres og vårt eget syn på Norge», meiner operasjef Bjørn Simensen, og statsminister Jens Stoltenberg uttalte at operabygget opnar for ein gullalder for norsk opera og ballett. – Opningsgallaen laurdag markerte først og fremst overgang og nye høve, meiner Ballades utsende. – Og sjølv om den ikkje fylde alle programmessige forventningar, er det viktigste no at huset har opna – for nye forsøk, eksperiment, for utforsking og feiring.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Ida Habbestad

Det var mange av oss som hadde kjensla av å vera med då operahuset vart opna laurdag, anten me var gjestar i Bjørvika eller sat i sofaen framfor TV-skjermen, der NRK1 baud på noko så sensasjonelt som ein fire timar lang opera-aftan.

Gjennom helga er det mange som har vore oppslukte av operaen. Store folkemengder har lagt søndagsturen til praktbygget som står som eit monument på ei kultursatsing utan like.

Bygget er endeleg teke i bruk. Den første overdådige heilaftan er gjennomført, og me har fått prov på at mykje av det me har ynskt oss er oppnådd. Lyden av orkestret for eksempel, har med hjelp frå orkestergrava heva seg eit solid hakk på kvalitetsstigen. Det intime preget i salen med høvevis kort avstand til scena, gjer at ein ser mimikk, uttrykk og skodespel på kloss hald. Framsyningane kan altså opplevast langt nærare enn før.

Å gå ikring i huset på generalprøva, mellom kvit marmor, brunt tre, utsmykkingar av glas; å betrakta lyset i stadig nye brytningar – alt kjendest heilt spesielt, og likeeins opplevinga av at kjensla var kollektiv: Me var ei heil mengd menneske som alle gjorde oss kjende med vårt nye hus.

For det kjendest verkeleg som vårt. Og det kjendest definitivt som starten på noko nytt. Så oppslukt kan ein bli, at eg ved innkjøp av avisene søndag var forundra over at det kunne vera andre nyhende denne dagen enn opninga av Operaen i Bjørvika.

Skal samla Noreg som kulturnasjon

For den siste veka har for mange vore prega av dette eine fokuset: opninga av kulturbygget som har engasjert oss gjennom eit tiår. For enkelte har draumen om eit operahus vore der i heile livsløp. Mellom dei som har størst ære for realiseringa, operasjef Bjørn Simensen og direktør Bernt Bauge, er det snakk om eit nitid arbeid gjennom 20 år.

Parallelt er det mange som ikkje forstår kva me skal med det nye bygget. Enkelte meiner det er uakseptabelt at ein så stor del av kulturmidla går til ein og same plass; at dei burde vore fordelt breidare både sjangermessig og geografisk. Medan andre meiner midla ikkje burde vore nytta på kultur i det heile.

’Finkulturen’ har aldri vore heilt stuerein i det norske samfunnet, og når Trond Giske i sin opningstale laurdag heldt fram huset mellom eitt av få verkelege praktbygg i landet, på linje med Nidarosdomen, Bryggen i Bergen og Holmenkollen, legg han eit ekstra stort ansvar i fanget òg på sitt eige departement.

For dei nemnde storverk er alle minnesmerke frå epokar i nasjonens historie; og fortel om kva som har særprega dei respektive tidspunkta: religion, handel og idrett.

”Dette huset skal få vist vår generasjons historie, det skal samle oss som kulturnasjon”, sa Giske laurdag.

Overgang og nye høve

Vår generasjon vert altså karakterisert som kulturgenerasjonen. Symbolfunksjonen og oppgåvene den nye operaen vert pålagt er med det overmenneskeleg store.

Skal oppdraget om å nå ut lukkast, må dei satsa sprekt, ungt og nytt. Ikkje berre kva gjeld repertoar, men òg kva gjeld utøvarar, regissørar, koreografar og idear.

Skal dei klara det, bør dei òg få tid.

Opningsgallaen laurdag markerte ein overgang og nye høve. Det var mykje ein kunne sakna der; fornying av operaforma til dømes. Operakompaniet framsto til tider trått og gamaldags; ikkje berre grunna repertoaret, men òg grunna ein for lettvinn regi, samt ei programrekkefølgje som fekk delar av framsyninga til å framstå som langsam.

TV-showet mangla dessutan lydkvalitet, den heilt store punchen i dei humoristiske innslaga, gneisten som må til for å engasjera eit bredt TV-publikum gjennom laurdagskvelden.

Men at dei fekk TV-kvelden direkte overført, er i seg ein seier. Å få plass midt i beste sendetid, utan kutt, seier noko om kva merksemd ein meiner både huset og innhaldet fortener. Og ensemblet glimta stadig til, med dyktige skodespelproduksjonar og strålande song. Nasjonalballetten sine fantastiske utøvarar leverte dessutan solide produksjonar, av friske, nyproduserte verk av verdsleiande såvel som norske koreografar.

No skal det fyllast med innhald

”Operahuset vil forandre andres og vårt eget syn på Norge”, sa Bjørn Simensen, og statsminister Jens Stoltenberg uttalte at den nye operaen opnar for ein gullalder for norsk opera og ballett. På Kveldsnytt understreka han dessutan at gullalderen ikkje berre skal gå for seg på operaen i hovudstaden, og gjekk langt i å lova ei auka satsing på operaverksemda over heile landet.

Så gjenstår det å sjå kva løftene fører til. Og det gjenstår å sjå kva det nye huset vil by på – i gullalderen.

For sjølv om opningsgallaen ikkje fylde alle forventningar, er det viktigste no at huset har opna – for nye forsøk, eksperiment, utforsking og feiring. Som Bjørn Simensen sa under sin opningstale laurdag, ”Nå starter et nytt og viktig arbeid med å fylle huset med innhold”.

Me har konstatert at vilkåra er til stades, og me tek Bjørn Simensen på ordet. Truleg er det først er no det ”verkelege” arbeidet byrjar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.