av:

Publisert:

Del:

Ballade har her gleden av å bringe videre Hallgrim Bergs store, morsomme og betimelige åpningsinnlegg under Norrsken 2002 på Røros, der alle de viktigste aktørene i det nordiske folkemusikklivet satte hverandre i stevne. ¨”Spelemannens plass i direktørkofferten på veg ut for å erobre verdsmarknaden”, hadde Berg satt som overskrift på sitt foredrag, der han bl.a. stilte spørsmålet: Har folkemusikken noe å by på for kremmere som skal ut i verden for å handle?

Hallgrim Berg
Hallgrim Berg

Av Hallgrim Berg, daglig leder Fjell og fjordferie AS

Alle intelligente menneske er samde om at folkemusikken har eigenkvalitetar og representerer store musikalske verdiar.

Spørsmålet er: Har folkemusikken og noko å by på som eignar seg for kremmarar og forretningsfolk som skal ut i verda for å handle? Er folkemusikken eigna til å brukast ute i verda ved presentasjon av produkt og tenester som skal skal seljast? Eksplisitt: Kan folkemusikk, spelemenn og kvedarar, med hell nyttast i samband med industriell alliansebygging og framstøyt på eksportmarknaden?

Mitt svar er eit klårt ja. Men samstundes eit ja på visse vilkår.

Om resultatet skal bli bra, må vedkomande produkt – anten det er tale om råstoff (fisk, gass, olje,) halvfabrikata (aluminium) eller ferdige produkt (møblar, maskiner, legemidlar, teknologi) – pakkast inn på ein målretta måte. Med det meiner eg at mottakarane, dvs. kjøparane, må setjast i fokus. Det vil seia at det då er nøye kva slag folkemusikk og kva slag type utøvarar som vert nytta, deira musikalske nivå, originalitet, formidlingsevne, språkkunnskapar, osv. Kort og godt: Målet er rett musikkinnslag på rett arena til rett publikum til rett tid på døgnet. Suksess er også avhengig av at musikken og musikarane vert presenterte på ein måte som forsamlinga kan verdsetja. Eg veit ikkje noko anna område der det er så stakkarslege introduksjonar og dårlege konferansierar som på folkemusikkområdet.

Folkemusikk med mangfald og spennvidde
I denne forsamlinga av intelligente menneske, og som har det til felles at me alle har stramme trommehinner og er vane med å lytte til tradisjonelle melodiar med sær tonalitet og til dels merkeleg skalabruk, fylt med synkoper, forsiringar og andre finesser, går eg utan vidare ut frå at me er samde om at folkemusikken representerer ei stor spennvidde med eit mangfaldig innhald. Det er nok å ta av – også til utanlandspresentasjonar.

Folkemusikken er ikkje berre “en smal greie”, men eit univers. Folkemusikken dekkjer all livsens trong melodisk, tonalt og rytmisk, frå morgon til kveld, i gjennom livet i kvardag, fest og sorg. Det er som det står på plakaten og vervebrosjyra til The First Baptist Church of Harlem: “Ei messe hjå oss dekkjer alt mennesket treng, åndeleg, intellektuelt og emosjonelt!”

Det er eit enormt sprang frå ein høgtidsam og vyrdeleg episk mellomalderballade til bygdevisa og den finstemte bånsullen, frå den indarlege religiøse folketonen til dei mest utspekulerte slengestev og høg-erotisk slåttetralling. Berre innanfor vokaltradisjonen oprerer me med over 20 sjangrar. Og vidare eit stort spenn i fele- og hardingfelemusikken, frå dei varaste tonar og lydarslåttar over til høgt oppdrivne konsertnummer og drivande dansespelet, frå strenge slåtteformer til ekstatisk villspel, i solo, i samspel, utført på ei lang rekkje instrument og i instrumentkombinasjonar, rein tradisjon eller arrangert. Eit tusental slåttar og melodiar, med mange tusen dialektale, lokale og personlege variantar, vek, vendingar, kvar med sine variasjonar i speleteknikkar, i strok, ornamentikk, likringar, prillingar, osv – alt dette som gjer den individuelle tolkinga så spanande.

Spelemannen – eit musikalsk spanande vesen

I denne forsamlinga skjønnar alle kva ein spelemann er. Eg meiner at ein god, sann spelemann i kvalitet og kvalitetar ofte står over den som kallar seg musikar. Spelemannen er interessant i utgangspunktet. Øver han nok, og har talentet, kan han bli svært interessant – også for eit heilt nytt publikum, anten det er her heime i Noreg eller i utlondo.

For å drøfte dette viktige punktet kan det vera høveleg å sitere kva eg skreiv i heftet til folk-teknoprosjektet Ari Thunda på plata Licensed to dance. Fyrst ein internasjonal definisjon av ein sann spelemann: “Traditionally, a spelemann is a performing musician who renders his tunes and services for entertainment, weddings, dance parties and social gatherings, including funerals. He is popular among the commonfolk, particularly if he plays with an energetic drive that inspires a joyful dancing crowd. Traditionally, he is also a clever story-teller and does not refrain from funny remarks and humorous gags. He likes his drink and always attracts the opposite sex.”

Så er det spørsmål om ein spelemann er god nok, om han er skolert nok, om han er kultivert nok, til å kunne sendast utanlands med ein direktør, anten det snakk om ein næringslivsdirektør eller ein kulturdirektør. For ein ekte spelemann har vel framleis liten eller ingen teoretisk utdanning? Og kan han te seg blant folk?
Rett nok, “ a true spelemann has until recently had no systematic or theoretical education from musical academies. But it is a must to revceive comprehensive instruction from older players in the local area or throughout the country. The tradition is aural, as the spelemann often does not read music. He is strongly inspired by dramatic nature and also by basic human drives. Nevertheless, his sense of structure and style, form and finesse, interpretation and improvisation, might equal and sometimes surpass musicians from other genres”.
Når ein såleis ser kva slags opplæring ein god spelemann har, korleis tradisjonen gjennom hundreåra tek vare på og raffinerer det stilsikre, kva slags intensitet musikkopplevinga kan bli for ein som byggjer på inspirasjon frå dramatisk natur og grunnleggjande menneskelege drifter, er min påstand at:

“In short, there are many a spelemann who qualifies a musician, but, indeed, very few musicians who qualify as spelemenn!”

Dette var så godt sagt av “Hal” Berg i 1998, og byggjer på så stor empirisk røynsle, at det toler bli sagt på norsk:
Det er mang ein spelemann som godt kan kallast musikar, men det er svært få musikarar som maktar å kvalifisere seg som spelemenn !

Dei greier det ikkje, om dei prøver, dei har ikkje evna til å sleppe seg laus og improvisere, dei kan berre spela frå notebladet. Naturen og livsrøyndomen er for langt unna. Tolkinga blir avgrensa til relativt små variasjonar over dei tonane som står på notebladet, og det musikalske resultatet – ofte imponerande utført – læt meir eller mindre likt verda rundt.

Resultatet i godt tradert slåttespel vert såleis mange gonger meir personleg enn i attgjevinga frå komponert kunstmusikk på notar. Ein kjennar vil på ein blunk kunne høyre kven som spelar, både på speldialekt, slåtteform og personleg preg.

(I parentes: Eit merkeleg fenomen er også dette korleis ein spelemann har kondisjon, kan spela i timesvis, heile natta, vera like sprek og fungere godt, anten han er klink edru eller meir eller mindre full. Medan den klassisk skolerte ikkje greier å spela med promille og blir heilt pumpa av ein liten times konsert, anten han er solist eller ikkje, ja endå om han kan gøyme seg bort i eit orkester på 100 mann).

Ein kan sjølvsagt ikkje vente at direktørar og tilsette i næringsliv og departement skal vera så overvelda av folkemusikkens rikdom og potensial at dei automatisk tenkjer på spelemenn og kvedarar kvar gong dei skal ut på salsferd. Men det burde vel vera interessant å satse på norsk nasjonalt særpreg?

Organisasjonane og utøvarane må sjølve gjera ein innsats for å selja seg. Musikken er meir enn bra nok, men utfordringa er å gjera operatørane merksame på kva landet og musikkmiljøet har å by på. Her må det til eit skikkeleg opplysningarbeid. Det er ikkje støtt like lett, for husmannsånda er på mange vis like levande som før.

1990-talet – førebels gjennombrot

Men det går framover. Noko av eit gjennombrot har me opplevt på 1990-talet. Ein ny type folkemusikar har stått fram, ein meir allsidig og fleksibel utøvar enn det me har vore vane med.

Norsk Folkemusikk-og Danselag gjekk i brodden med ei sponsoravtale med Saga Petroleum. Den gav mange oppdrag på nye arenaer for unge talent i norsk folkemusikk. Ein Sagapris vart skipa, og relativt statusfylte festkonsertar vart haldne på Det norske teatret og under Den norske folkemusikkveka i Ål, med festivitas og prisutdelingar. Dei som hadde motteke prisen, om lag 20 unge talent, vart ei tid ein slags uoffisiell “Stall Saga” og fekk gode oppdrag.

Eit stort arbeid vart gjort av einskildpersonar under ymse seminar i forkant av førebuinga til Dei olympiske vinterleikane på Lillehammer (Knut Buen, Hallvard T.Bjørgum, Halvard Kaasa, Maria Høgetveit Berg), der faktisk heile profilen kom til å bli prega av norsk folketradisjon. Samstundes og føreåt var det svære utanlandslanseringar i Barcelona, Munchen, Tokio og Atlanta, der folkemusikken og dansen sto i fokus, som uttrykk for sjølve den norske identiteten. Folkemusikken- og dansen fungerte fin-fint i Operaen i Barcelona. Hauk Buen og hallingdansarane frå Jondalen gjorde furore på Katedralplassen framfor eit mangetusentals publikum.

På 1990-talet skaut utdanninga av folkemusikarar fart gjennom gode fagopplegg ved Den norske musikkhøgskulen, meisterklassar ved Ole Bull Akademiet, medan musikkskulane og folkemusikkliner ved fleire vidaregåande skular står for verdfull rekruttering og døropning til det eg kallar folkemusikksektoren (eit forferdeleg ord!).

I denne perioden har me også opplevt at mange spelemenn og kvedarar går i retning profesjonalisering. Dei viser større fantasi og frimod til å stå fram åleine eller i ymse grupper med presentasjonn av folkemusikk i eit meir underhaldande og lett arrangert preg enn før. Ferdige CD’ar og demo-CD’ar haglar; det vitnar om vitalitet!
Parallelt med denne utviklinga aukar interessa for utøving av norsk folkemusikk i USA, merkeleg nok ikkje blant amerikanarar av norsk ætt, men mellom kresne og høgt utdanna personar som finn særlege og interessante kvalitetar i vår folkemusikkeog våre bygdedansar. Det er ikkje tilfeldig at The Hardanger Fiddle Association of America har 400 medlemer. Eit tjuetal av desse vil vise sine kunster under Den norske folkemusikkveka i Ål 26.mai-1.juni i år.

Hugseliste
Det finst såleis ingen tvil om at folkemusikken både har stoffet og spelemenn/spelekvinner som høver godt til å bera feleskrinet side om side med mannen eller kvinna som ber stresskofferten. Om det skal seljast fisk, tremasse, energi eller hich-tech, er det ingen ting i vegen for å kunne bruke folkemusikk som

· appetittvekkjar (helst før kvitvinsglaset og kanapeane!)
· konferanse kick-off (sjekk lydanlegg og teknikar i tide!)
· messer o.likn. (NB: stim, ståk og leven – hallingkast slår an!)
· sjølvstendig konsert (eller konsertinnslag)
· middagsunderhalding (helst før desserten!)
· nachspiel (taktisk klokt med innslag når direktøren tek til å bli full!)

Ein må alltid hugse på kven som er mottakaren og freiste finne ut på førehand kva kulturelt og musikalsk nivå ein kan rekne med å møte i forsamlinga. Ved å plukke ut høveleg repertoar for det stadiet gjennomsnittet av publikum står på, intellektuelt og musikalsk, er det god sjanse til å få respons. Folkemusikaren eller dansegruppa, i bunad eller andre fine klede, har alltid ein fordel ved å sjå “eksotisk” ut, slik at det visuelle vil forsterke det auditive til eit endå betre totalinntrykk.

(Men i parentes: Spelemenn og kvedarar i alle land, må – på global basis – nekte å opptre som bakgrunnsmusikk i ei skravleforsamling. Det går an å selja seg for dyrt. Folkemusikken er intim i sin karakter, krev aktiv lytting for å få med tonale, tekniske og rytmiske finesser. Det er eit helvete å spela eller synge for folk som ikkje høyrer etter).

Praktisk formidling – lenge forsømt
Eg meiner at eg med denne framstillinga har slått fast at folkemusikken , eller element frå folkemusikken, i høg grad er eigna til å vera med i norske delegasjonar som dreg utanlands, anten desse sendelega primært er kulturelle, kommersielle eller politiske. Folkemusikken er fin nok. Der konge, kronprins og prinsesser kan vera med, kan også spelemannen vera med. Han er i dag god nok til det.

Så kjem dagens praktiske hovudspørsmål: Korleis skal spelemannen gå fram for å få engasjement i utlandet og her heime, og helst slik at han får like god betaling for det han gjer som utøvarar av andre musikksjangrar? Kva kan organisasjonane gjera for å auke attraktiviteten og tilbodet av spelemenn og kvedarar til bruk ute? Og kva kan me andre gjera, som er glad i folkemusikken og vil hjelpe til for å få han ut til fleire, for å få politikarane og byråkratane til å interessere seg meir?

Det er viktig at det finst greie adresser å vende seg til. Norsk folkemusikkformidling er i utvikling. Norsk Folkemusikkatalog er blitt ein realitet. Nettpresentasjonen som ligg på www.folkogdans.no er eit glimrande tiltak som tener som ein grei katalog over utøvarar som kan opptre også i ei krevjande forsamling.

Ambisiøse spelemenn og kvedarar må sjølve koste på seg ei mappe til bruk for media og planleggjarar i næringslivet. Den bør innehalde data, litt om kva du kan, kva du gjerne vil gjera, kva slags format du helst opptrer i, og ikkje minst skikkelege foto.

Tid for eit Norsk folkemusikkensemble – eller ein “produksjonssentral
Til slutt vil eg lansere, eller relansere, ein ide som har klar relevans til det temaet me her drøftar.

På slutten av 1980-talet arbeidde Hallvard T. Bjørgum og andre med tanken om eit Norsk Folkemusikkensemble, i storleiken 10-12 personar. Ideen var å gje Noreg eit tilnærma profesjonelt ensemble som på prosjektgrunnlag kunne setja opp førestellingar for sal og scene, drive utviklingsarbeid, nyskaping, representere, osv. Det var snakk om folk som hadde evne og tid til å kunne vera med nokre veker her og der.

Prosjektsøknad vart sendt til styresmaktene. Tone Hulbækmo og andre uttalte til media at det var bruk for eit slikt ensemble, at Noreg burde kunne koste på seg dette. Prosjektet fall i fisk. Det vart rett og slett sabotert av statens offisielle rådgjevingsorgan, Rådet for folkemusikk-og dans i Trondheim. I eit brev til styresmaktene, unnateke offentlegheit, underteikna av Egil Bakka og Bjørn Aksdal, vart det sett stoppar for initiativet, med ganske utrulege argument som det har lite for seg å gå inn på her.

Lite har hendt sidan på dette feltet. Eg meiner utan tvil at tida no er komen for å ta opp att ideen om ein sjølvstendig profesjonell institusjon som kan knyte til seg spelemenn, kvedarar, dansarar etter behov, dvs som ikkje treng ha faste stillingar utanom administrasjon og kunstnarleg leiing. Den kunne knyte til seg ein høveleg og smidig stall av utøvarar og laga større og mindre førestellingar, både retta mot breie, smale og nye publikumsgrupper. Inkludert formidling av høvelege og gjennomarbeidde innslag som også passar utanlands som akkompagnement og oppspel for å erobre ein eller annan kommersiell marknad, som marknadsførar av Noreg, til dømes i samspel med Noregs Turistråd, representasjon på større kulturfestivalar, som sto fritt til å laga eigne turnear, osv. Ein ekstra plussverknad av eit slikt opplegg ville vera å kunne spela på breidda av aktørar i det norske folkemusikklandskapet, slik at ikkje dei same kalkunane går att i norske representasjonsoppdrag heile tida. Det siste tiåret har det rausa på med intelligente, dyktige, godt utdanna, fleksible, samarbeidsvillige, ivrige unge spelemenn og kvedarar som er særs interesserte i å utvikla seg – og få oppdrag som dei kan vekse på. Eit kvalitetsensemble/produksjonsselskap ville vera midt i blinken. Det treng ikkje koste meir enn 6-8 millionar kroner i året.

Den norske staten held i dag liv i 58 “ensembler” av ymse slag, frå klassisk musikk, til Carte Blanche, frie teatergrupper osv. Felles for desse 58 er god kunstnarleg kvalitet. Kulturpolitisk er det flott at dette skjer i slik breidde.

Men det som er både trist og skammeleg, er at det ikkje finst eitt einaste institusjonalisert ensemble eller produksjonskompani som gjev oppdrag til norske folkemusikkutøvarar. Dette må bli eit kulturpolitisk og allmennpolitisk krav! Her har folkemusikkmiljøet ei felles utfordring, ei skikkeleg kampsak.

La meg gje eit aktuelt døme på den norske husmannsånda: Me forvaltar i dag truleg den rikaste folkemusikktradisjonen i Vest-Europa. Kvart år vert det frå Oslo produsert og sendt ein mykje kostbar Nobelkonsert med fjernsynsdekning til heile den vide verda. Me inviterer Anastasia, og ho treng det kanskje. Men me inviterer ein utsliten Paul McCartney, ein av Europas rikaste menn, og let han stå på scenen og avertere sin siste CD…

Til dags dato har det ikkje vore sendt eit einaste innslag frå vertslandet sin eigen nasjonalkultur. Eit folkemusikalsk kvalitetsensemble med spanande oppsetjingar i skikkeleg koreografi burde sjølvsagt ha sitt faste oppdrag kvart einaste år i ein slik samanheng.

Det er nok å ta fatt i! Lykke til med feleskrinet og stresskofferten!

Hallgrim Berg, Norrsken, Røros, 1. februar 2002

Hallgrim Berg var i mange år Stortingsrepresentant for Høyre, og har også utmerket seg som utøvende musiker på munnharpe og seljefløyte. I tillegg til å være daglig leder av Fjord- og Fjellferie, er han også programsjef for Den Norske Folkemusikkveka i Ål.