– I dagens oppheta diskusjon om fordeling av pengar som TONO krev inn, er det mange interessante problemstillingar, skriv folkesanger Sondre Bratland i dette innlegget. Han tar her særleg for seg den delen av folkemusikken som ikkje har har noen definert opphavsmann. – Den er eit felleseige som aktive folkemusikarar og deira miljø har tatt vare på og odla/dyrka, slik at den er levande og viktig for mange i dag, seier Bratland, som vil at TONO skal sjå “det norske folkemusikkmiljøet som ein juridisk komponist som bør nyte godt av at folkemusikk blir framførd”. Saman med Rff foreslår Bratlkand at det vert oppretta eit fond der aktive folkemusikarar i dag kan få TONO-midlar til å halde fram med å formidle og vidareutvikle folkemusikken

Sondre Bratland, 2005

Av Sondre Bratland, sanger, kveder og rådsmedlem i Rådet for folkemusikk

I dagens oppheta diskusjon om fordeling av pengar som TONO krev inn, er det mange interessante problemstillingar. Korleis skal midlane til opphavspersonane fordelast ? Skal den fordelast etter kompleksitet, eller popularitet ?

Rådet for folkemusikk har gjennom fleire møte hatt ein viktig dialog med TONO og Nopa, og ønskjer å setje fokus på ei anna problemstilling:

Folkemusikken har ingen definert opphavsmann. Den er eit felleseige som aktive folkemusikarar og deira miljø har tatt vare på og odla/dyrka, slik at den er levande og viktig for mange i dag.

Det er altså ingen juridisk komponist til musikken, og det er på mange måtar problemet. Midlar som blir kravd inn ved framføring av solistisk, u-arrangert folkemusikk har ingen adresse. Dersom musikken blir arrangert derimot, så får sjølsagt arrangøren pengar for arbeidet.

Rff ser dette som ei stor utfordring for TONO. Meiner ein verkeleg at den tradisjonelle solistiske framføringa av norsk folkemusikk er mindre verdfull enn om den blir arrangert ?

Vi meiner det ligg eit stort moralsk ansvar i å gje denne musikken ei adresse, og vi meiner at det norske folkemusikkmiljøet burde definerast som ein juridisk komponist som skulle nyte godt av at folkemusikk blir framførd. Ein måte å oppnå dette på er at det vart oppretta eit fond der aktive folkemusikarar i dag kunne vende seg til og få midlar til å halde fram med å formidle og vidareutvikle denne musikkforma.

Slik det er i dag, så er det nærliggande å seia:

Ja, TONO set pris på norsk folkemusikk dersom den blir arrangert.

Med helsing Sondre Bratland – rådsmedlem i Rff

Note fra Ballade: Rådet for folkemusikk og folkedans jobber for å fremme, verne og videreføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjoner som et uttrykk for kulturell identitet og som bærer av
særegne kvaliteter. Rådet gir også støtte til mindre engangstiltak for folkemusikk og folkedans og til formidling av folkemusikk. Hjemmesidene til Rff finner du her.

Publisert:

Del: