PLATEMELDING: – Inderleg, vart og tekstnært tolkar Solveig Kringlebotn utvalde norske romansar frå 1800-talet. Med seg har ho pianist Gunilla Süssmann som følgjer opp med same overtydande tekstforståing, og saman har dei laga ei innspeling full av nostalgi og romantiske lengslar. – At songane stadig kan omtalast som kunstnarlege høgdepunkt i vår songskatt, gjer at det ikkje berre er nostalgi som får ein til å ynskja at dei takast vidare, skriv Ballades meldar om utgjevinga.

Solveig Kringlebotn, Gunilla Süssmann_Romanser_cover

Av Ida Habbestad

”Tilbake til begynnelsen” er overskrifta Kringlebotn gjev omtalen av innspelinga der songar av Halfdan Kjerulf, Agathe Backer Grøndahl og Edvard Grieg er dokumentert. Den internasjonalt anerkjende sopranen byrja si eiga musikalske ferd med nettopp romansar frå norsk gullalder, og har sidan vore ei aktiv ambassadør for materialet, både her og utanlands.

Det uskuldsreine – bonderomantikken og det nasjonalromantiske – rådar grunnen, men songar med europeiske straumdrag er òg representert. Der er elegante vendingar, som den lekkert tolka ”Idyl” av Kierulf, eller den uendelig lyriske ”Mens jeg venter” av Grieg. Der er djupt alvorlege songar som ”Moderen sørger”, også den med tekst av Krag, der den sorgtyngde mor skildrar vesle Gretchen som nyleg er lagt i grav. Og der er den påfølgjande ”Og jeg vil ha meg en hjertenskjer”, like optimistisk som førre song var utan von.

Tekstleg avstemming

Gjennom det heile finst ein særeigen samstemmighet mellom songar og pianist, og deira felles sterke evne til å tolka tekst er etter mitt syn den største styrken med innspelinga.

I coveret skildrar Kringlebotn korleis songlæraren hennar, Randi Helseth, aldri let henne byrja på ein song før ho hadde lært seg teksten og forstått innhaldet. Slik er det ikkje overraskande at Kringlebotn byd på slike innlevde, vare og tekstnære tolkingar, og det imponerer tilsvarande når den nokre år yngre Gunilla Süssmann følgjer opp og syner tilsvarande evne til omstilling – frå kraft og tyngde, til tirlande lokkar og fuglesong.

Frå den innleiiande voggesongen ”Søvnen” – som like gjerne kunne vore framført på sengekanten som på ei konsertscene – og til den siste hyllest av kløverengens ”søde hjertevarme” balanserer dei saman elegant på grensa mellom eit skjørt og vart uttrykk og det meir inderlege. Kvar enkelt song er avstemt mot innhaldet – og der vert aldri overtolka, sjølv ikkje i skildringa av djup desperasjon, som i ”Vidste du vei”.

Or gløymsla?

Romansane tilhøyrer ei anna tid – med andre idéar, normar og ideal, og særleg tekstane kan virka fjerne for mange i dag. Dei er ikkje overrepresenterte på konsertprogramma, og dei er heller ikkje lenger ein like sjølvsagt del av den musikalske oppveksten som for Kringlebotn og tidlegare generasjonar.

At songane stadig kan omtalast som kunstnarlege høgdepunkt i vår songskatt, gjer imidlertid at det ikkje berre er nostalgi som får ein til å ynskja at dei takast vidare. Ei innspeling med kvalitet som denne syner òg kor viktig det er å føra dei vidare; lengslene frå eit anna århundre; draumane om det røyndomsfjerne, som den av Welhaven om tapte songar:

Der fører en Sti saa langt af Led
til Lien, hvor Fuglen bygger;
der stemmer den op hver Sang, den ved,
i dunkleste Graneskygger.
Men om jeg aldrig kan vinde did,
jeg kjender dog Lokkesangen,
hvor sødt den kalder ved Sommertid,
naar Kvelden har dugget Vangen.
Tirilil Tove,
langt, langt bort i Skove!

Solveig Kringlebotn, Gunilla Süssmann – Romanser
Utgiver: NMA

Solveig Kringlebotn – sang
Gunilla Süssmann – piano

NMA har denne siden.

Publisert:

Del: