Adrian Fiskum Myhr gav ein handfull Osloborgarar ein smak av improscena i Berlin. Er Oslo på veg mot noko av det same?

Klaus Kürvers, Isak Hedtjärn og Inga Margrete Aas. Foto: Privat

I eit ganske mørkt, lite rom i andre etasje på Deichmanske biblioteks avdeling på Grünerløkka var ei lita gruppe menneske samla fredag kveld for å oppleve den vesle improfestivalen “Berlin i Oslo!“.

Festivalen var initiert av bassist Adrian Fiskum Myhr, i samband med at eit knippe musikarar frå Berlins improscene er i Oslo for å delta på forestillinga “Proud Cloud” på Grusomhetens teater. Myhr hadde kopla Berlin-utøvarane mot diverse norske utøvarar og sett opp fire ulike konstellasjonar.

Avvæpnande uformelt
Eg hugsar ikkje kven som inviterte meg inn på den relativt eksklusive facebookhendinga (med om lag 350 inviterte), og rommet hadde eg berre høyrt rykte om. I det eine hjørnet kunne folk forsyne seg med te, og ved sidan av stod eit par-tre ungdomskuleelevar frå Morellbakken og selde vegetarwraps til inntekt for klassetur til Berlin.

Dette er ein artig, og stadig meir vanleg, kombinasjon. Improvisasjonsmusikken dukkar opp i små lokale, i ei svært uformell setting. I det initiativtakar Myhr presenterte første settet fredag kveld gav han inga lengre forklaring på kvifor vi var her utover at no kjem det noko musikk og her er musikarane.

Som det ofte kan vere, hadde fleire av musikarane ikkje spelt saman før, så verken vi i publikum eller utøvarane kunne vere sikre på kva vi hadde i vente. Koplinga mellom dette uføreseielege elementet, og den lettbeinte, avvæpnande stemninga med te og ungdomskuleelevar passa fint.

Uttrykksmessig spenn
I løpet av knappe to timar blei alle fire setta gjennomført. Innanfor ei improsetting var det musikalske programmet ganske variert. Felles for konsertane var eit sterkt kollektivt fokus frå start til slutt, der alle hadde like stor rolle i skapinga av musikkstykka på 15-20 minutt. Men innanfor desse minutta er det ganske mange ulike strategiar og fokus ein kan velje.

Den tonale ramma var relativt snill, snarare sto den uføreseielege utviklinga for mesteparten av spenninga.

Ta til dømes den første trioen, med den svenske bassisten Joel Grip, den tsjekkiske pianisten Vojtech Prochazka og den engelske bassisten Tobias Delius. Til trass for ei viss dynamisk stigning undervegs, merka ein eigentleg ikkje at dei var på veg nokon stad. Augneblinken sto i sentrum, medan det tekniske og tematiske hoppa frå det eine til det andre heile vegen, frå små støt og triller til større klangteppe, og slutten var like brå som starten. Den tonale ramma var relativt snill, snarare sto den uføreseielege utviklinga for mesteparten av spenninga.

Til samanlikning var det siste settet, med norske Inga Margrete Aas og Klaus Kürvers på kvar sin kontrabass i duell med den svenske klarinettisten Isak Hedtjärn, meir prega av lange linjer og effektbruk på alle tre instrument. Både Aas og Kürvers brukte fleire såkalla utvida teknikkar, som skapte både perkussive og høgfrekvente effektar, og slik løyste dei elegant utfordringa med to identiske, basstunge instrument. Mest spenning kom det likevel frå dei lyse, støyande lydane Hedtjärn skapte med sin klarinett. Dei tre utøvarane sto tett inntil kvarandre og skapte ein intens og intim tjueminuttar, med ei langt meir seriøs kjensle enn det meir tilsynelatande spontane, lettbeinte fokuset på innfall i augneblinken nemnt over.

Adrian Myhr, Axel Ddörner, Kim Myhr og Steve Heather Foto: Olav Opsvik

– Ein smak av Berlin
Mandag etter minifestivalen tok eg ein prat med initiativtakar Myhr. Kva er det med improscena i Berlin som gjorde at han ville lage ein eigen liten festival for å syne den?

– Eg ville gi publikum i Oslo ein smak av denne scena, svarer Myhr.

– Slike uformelle arrangement med låg terskel er ganske typiske for byen, og det å spele “for døra” er meir vanleg enn i Oslo. Den høge aktiviteten trekk til seg improvisasjonsmusikarar frå heile verda.

På Myhrs festival vart det også tydeleg at musikarane som frekventerer improscena i Berlin har bakgrunn frå heile verda. Italia, Tyskland, USA og Australia var representert, i tillegg til dei som allereie er nemnt over.

Eit besøk til nettstaden echtzeitmusik.de gir eit godt bilete av den høge aktiviteten.

– Echtzeitmusik har på ein måte blitt omgrepet for eksperimentell impromusikk i Berlin, forklarar Myhr. På nettstaden er omgrepet, som direkte omsett blir sanntidsmusikk, presentert som eit slags samleomgrep for “musikkstilar referert til som ‘improvisert musikk’, ‘frijazz’, ny musikk og eksperimentell musikk”.

Mange norske utøvarar har også opphald i byen, anten ein månad eller to om gangen, slik Myhr har hatt fleire gonger sjølv, eller permanent, som til dømes Atomic-pianist Håvard Wiik. Den høge frekvensen av jobbar, kombinert med betre betalte turnear med hjelp frå norske støtteordningar, gjer det mogleg.

Adrian Myhr Foto: Svetlana Selezneva
Adrian Myhr Foto: Svetlana Selezneva

Unorsk sjangeroverskriding
Sjølv syntes Myhr settet med den amerikanske cellisten Tristan Honsinger i spissen var ein “højdare”. Saman med den tyske fiolinisten Franziska Hoffmann og Antonio Borghini, spelte også den etablerte norske trommeslagaren Per Oddvar Johansen.

– Eg var litt spent på korleis Per Oddvar skulle reagere, han visste ingenting om kva han kom til. Men han kasta seg uti det og hadde det veldig artig, meinte Myhr.

Grunnen til at Myhr hadde vore spent kom raskt fram under konserten på fredag. Godt vaksne Honsinger synte seg raskt som mykje meir enn berre ein improviserande cellist og gav det som truleg kan vere ein forsmak på teaterforestillinga der han er komponist og musikalsk leiar.

Nokre få minutt ut i settet gjekk Honsinger inn i teateret si verd; med usamanhengande babling og improvisert skodespel, i setningar som “Look! there’s a window open under the vegetable shop!” og “Desorientation! Go east! Go east!”. På eit punkt simulerte han også ein nødsamtale ved hjelp av den høgre skoen sin.

Sjølv om den norske improscena er ganske kreativ er denne typen kopling sjeldan.

Sjølv om den norske improscena er ganske kreativ er denne typen kopling sjeldan.

Impromusikkhøgskulen
Stor aktivitet og brei representasjon sikrar kanskje eit større mangfald av uttrykk i Berlin enn her heime, men i følge Myhr har impromiljøet i Oslo utvikla seg i same retning.

– I tillegg til meir etablerte scener som Blow Out! og dei typiske jazzklubbane blir det stadig fleire uformelle arrangement som på fredag, forklarar Myhr, og viser til scenene Capellens Forslag og Pizdets.

Desse er relativt bortgøymde og dugnadsbaserte, men ofte ei spanande oppleving for den som finn vegen dit. Myhr meiner utviklinga rundt jazz- og improvisasjonsmusikk ved Norges musikkhøgskole, med utøvarar som Ivar Grydeland og Ingar Zach som ei pådrivande kraft, står for mykje av aktivteten.

– Om du tek turen til musikkhøgskolen i dag spelar nesten alle jazzstudentane impromusikk, seier Myhr.

Sanntidsmusikk i Oslo?
Kanskje får vi eiga nettside for echtzeitmusik, eller sanntidsmusikk, også her i byen? Sjølv om utviklinga går den vegen, skapar somme tilhøve stadig skilnadar til Berlin.

– I Berlin spelar også dei kjende og etablerte utøvarane “for døra”. Når øl og mat er billegare har folk meir overskot til å betale for musikk, og der er meir kultur for å gå ut å høyre slik musikk. I Oslo er det stort sett studentar du finn blant musikarane på desse uformelle arrangementa, forklarar han.

Med ei frijazz- og improscene som har vore i vekst dei siste ti-femten åra kan vi kanskje tillate oss å håpe på Berlinske tilstandar også her, med enno større aktivitet og breidde enn vi allereie har.

Første steg må kanskje vere å kome seg ut og lytte – og legge nok pengar i hatten.

Publisert:

Del: