– Norsk folkemusikk og dans har blitt ein smal sjanger i ein kjempestor marknad med kulturtilbod der det er vanskeleg for folk flest som ikkje har førehandskunnskap å sjå forskjell på genuin norsk kultur og internasjonale kommersielle tilbod. Dessutan er det vanskeleg for våre kunstartar å slå gjennom i ein slik marknad fordi me har svært små økonomiske ressursar å kjempe med for å gjera oss synlege, sa Halvard Kaasa i si innleiing under Norsk Folkemusikk- og Danselag sitt møte 22. mars om folkemusikken sin plass i kommersiell radio.

Halvard Kaasa, NFD

Av Halvard Kaasa, styreleiar i NFD

Norsk folkemusikk og dans har blitt ein smal sjanger i ein kjempestor marknad med kulturtilbod der det er vanskeleg for folk flest som ikkje har førehandskunnskap å sjå forskjell på genuin norsk kultur og internasjonale kommersielle tilbod. Dessutan er det vanskeleg for våre kunstartar å slå gjennom i ein slik marknad fordi me har svært små økonomiske ressursar å kjempe med for å gjera oss synlege. Storsamfunnet har akseptert at kultur er varer som skal tilbys konsumentar som sjølvsagt kan kjøpe det dei vil.

Dei særeigne folkemusikkformene og den høge kvaliteten på musikken og dansen vår har blitt til i geografiske område som var kommuniksajonsmessig skilt så mykje frå kvarandre at særdraga kunne utvikle seg. Det var altså mangel på kommunikasjon som la grunnlaget for den særeigne og høgkvalitative norske folkemusikken, og for at me har så mange musikk- og dansedialektar. Geografisk isolasjon blir dette kalla i utviklingslæra.

I løpet av dei siste 50 åra har kulturuttrykka våre fylgd straumen inn i eit samfunn der mesteparten av desse grensene er borte. På 90-talet overtok marknadsmakta på felt etter felt, me var midt oppe i globaliseringa med kommunikasjonshastighet på fleire tusen km i sekundet. I dette samfunnet ville me ikkje fått utvikla lokale slåttetradisjonar, heller ikkje nasjonale. Utan omtanke og vern må ein vente at små kulturuttrykk, som vårt, står i fare for å fordampe omtrent som verdiane på børsen. Me kan få mykje bra ny musikk i denne crossoverprosessen der blanding av uttrykksformer er populær aktivitet, men me kan altså og fort miste fotfestet for dei genuine kulturuttrykka. (Det blir kanskje som å krysse nærbeslekta dyreartar, avkoma blir ofte store og feite, men dei er ikkje fruktbare og kan ikkje føre nokon av artane vidare.)

Det verkar kanskje derfor som eit paradoks å gå inn i diskusjonen om folkemusikk i kommersiell radio når det nettopp er kommunikasjonssamfunnet og marknadsstyringa som er i ferd med å ta livet av folkemusikken. Men me har ikkje noko val, me må arbeide med å formidle dei norske kulturuttrykka til flest mogleg samstundes som me må ha eit klart medvet om det å ta vare på dei gamle tradisjonane og kjeldene.

NFD har i årevis hatt eit medvete tilhøve til denne utviklinga, og har arbeidd med å halde tradisjonane i hevd med nye verkemidlar. Organisasjonane har altså ei anna rolle enn for 20 år sidan. Nå må me både bevare, danne opinion via media og ut i marknaden å formidle.

Tar me for oss mediesituasjonen synes det som norsk folkemusikk og dans i eit litt lenger historisk perspektiv har fått mindre og mindre del av radiorommet. Det har blitt fleire og fleire radiostasjonar; lokale, regionale og landsdekkjande. Felles utfordring for dei fleste av desse er at dei konkurrerer om eit avgrensa lyttartal. Bortsett frå radiokanalar med formål om å spreie religiøse bodskapar er truleg mange av dei andre kanalane meir opptekne av å nå dei store lyttargruppene ved hjelp av å treffe hovudstraumen av smaksvarianter når det gjeld musikk og andre sendetema. Dette har ført til at radiokanalane spelar det dei trur at folk vil ha – dei formaterer til dømes musikkvalet slik at dei treffer prosentvis dei smaksgrupperingane dei har som lydarar.

Påstand: Musikkvalet til lydarane blir i stor grad danna av det dei får presentert i fjernsyn og radio.

Dersom denne påstanden er rett tyder det at formateringspolitikken til kanalane fører til at musikksmaken til folk blir smalare og smaleare, og folk dårlegare og dårlegare orientert om anna enn hovudstraumen. Det blir ikkje stimulert til mangfald men til einfald. Ikkje “survival og the fittest” men “survival og the fattest”! Marknadsliberalismen kan kanskje kallast Anti-Drawinisme på dette feltet.

Ein kan vera freista til å peike på kva som skjedde med Sovjetunionen da Stalin reinska ut hopetal av utdanna folk i hæren og samfunnslivet, likeins da Mao gjorde det same i Kina. Dette var ein fysisk formateringsmetode verda heldigvis sjeldan ser maken til.

Utan samanlikning til desse meir brutale metodane har likevel formateringspolitikken i fleire radiokanalar gått hardt ut over sjangrar som folkemusikken. Det hjelper likevel lite å finne kvasse karakteristikkar og bare klage på dette systemet som samfunnet har vedkjent seg. Me er midt oppe i det, og må prøve med hjelp av ein meir positiv dialog å få politikarane og radiokanalane til å vera med å ta eit ansvar for sjangrar som folkemusikken vår.

Nå synest det vera mange journalistar som trur at lyttargruppa til norsk folkemusikk er lita. Men, litt avhengig av måten ein presenterer stoffet på, så er dette etter mi vurdering feil. Det er tvert om ei stor gruppe lydarar som er interesserte, og potensialet er stort om ein evnar å utvikle det.

Men, ein ting er sikkert, marknaden er ikkje interessert i tradisjonen, men i musikk. Reklame og kommersiell påverknad overtek styringa av smaken, og folkemakta minkar. Vi lar oss styre. Samtidig opnar det seg nisjar for nettopp kulturelle særdrag der nasjonale kultursjangrar blir viktigare og viktigare markørar i nasjonalstatane. Slik også her i Noreg. Men det er fort å gå i “honningfella”, la seg lede mot aktivitet og produkt som gjev mest pengar i kassa. Der er det søtt og godt å vera både for kunstnarar og kommersielle radiokanalar.

Fjernsynsstasjonane bryr seg ikkje om norsk folkekultur og da visst ikkje om norsk klassisk tradisjonsmusikk. Radiostasjonane synest i større grad å bry seg, men alt for lite. Dette kan likevel tyde på at radiostasjonane vender seg til meir spesifikke og spesialiserte lyttargrupper.

P4 er sterkt fokusert midt i dei største lyttargruppene og er slik heilt verdilaus for norsk folkemusikk, og er helst ei ulykke fordi dei lærer opp publikum i ein smal musikkverd. Mange lokalradioar satsar på same målgrupper og formateringsmetodar som P4 og er lite interessante for norsk folkemusikk. Andre er godt lokalt forankra og brukar litt av dei lokale tradisjonane med gode resultat.

NRK ser ut til, med si nedlegging av distriktskontor, i større grad å vende seg mot det store breie publikumet og trekker seg ut av distrikta.

Kanal4 ser av planane ut til å ha sitt fotfeste mellom anna i distrikta og kan såleis bli ein god samarbeidspart for oss som arbeider med norske kulturuttrykk.

NFD gratulerte kulturministeren med avgjerda da P4 ikkje fekk fornya konsesjon. Etter vår vurdering undergrev P4 kravet om å styrke norsk språk, identitet og kultur. I brevet frå NFD til kulturministeren står det “Vi er godt tilfreds med at konsesjonen nå er tildelt Kanal4. Den desentraliserte eigarstrukturen og signala i søknaden om kulturprogram og musikkbruk gjev håp om ein radikalt forskjellig kommersiell radio samanlikna med P4. Sjølv om me prinsipielt skulle ønskje oss høgare mål enn 35% norsk musikk, er likevel målet om å nå ut med musikk- og kulturtilbod til breie og smale lyttargrupper lovande”… “Me forventar at departement følgjer opp denne konsesjonen langt tettare og strengare enn tilfelle var med P4”.

Me sa og til kulturministeren at NFD vil ta kontakt med Kanal4 for å koma med innspel til bruk av norsk klassisk tradisjonsmusikk i kanalen. Musikk som er unik i verdssamanheng og som mange kan bidra med over heile landet. Tradisjonsmusikken vår er eit nasjonalt felleseige som ikkje bare nokre få har ansvar for å passe på, men alle, og særleg dei med stor påverknad av folks kulturforståing og kultursmak.

Det står sjølvsagt att å sjå om planane til Kanal4 blir sett ut i livet, og såleis om NFD sine forventningar blir innfridd.

Publisert:

Del: