Plata “Søttenpassingen” med brørne Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen frå Verdalen blei onsdag sleppt med konsert og overraskingar på Fabrikken i Oslo. Det var servering av tradisjonell fingermat frå Verdalen, og alle som kom fekk ein lottokupong utfylt av ein verdaling. Utgjevar er det vesle selskapet ta:lik, som mellom anna har spesialisert seg på å gje ut hsitoriske arkivopptak frå folkemusikkfeltet.

Gjermund og Einar Olav Larsen, 2004

Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 CDar, og laga to musikkvideoar.

— Vi har spesialisert oss på å gje ut dei eineståande arkivopptaka i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men vi produserer også nyinnspelingar, fortel Frode Rolandsgard på heimesida til selskapet.

— Ta:lik arbeider for å løfte fram dei beste utøvarane innan den tradisjonelle folkemusikken, i eit hovedsakleg tradisjonelt uttrykk, men vi ønskjer å presentere den genuine musikken i ei moderne innramming, med moderne grafikk og nye idear.

Ta:lik omtalar Einar Olav og Gjermund som “to av dei fremste unge folkemusikarane i dag, kjenneteikna ved eit intenst og briljant samspel på fele”. “Søttenplassingen” er den første plata der dei spelar saman og solo. Brørne er saman og på kvar sin kant kjende frå grupper og samarbeid med musikarar som Odd Nordstoga, Majorstuen, Frigg og mange fleire. Dei har delteke i Kjempesjansen på NRK, dei har laga bestillingsverk og musikk til teaterframsyningar, og trass i ung alder har dei fått mange utmerkingar for felespelet sitt.

På plata får ein høyre alt fra sære verdalsslåttar til vare visetonar etter Hilmar Alexandersen. CDen inneheld eldre slåttar i gamal Trøndelags-tradisjon, samt ein heil del melodiar etter Hilmar Alexandersen. Plata representerer slik utgangspunkt og basis for Einar Olav og Gjermund. Fleire av slåttane har aldri tidlegare vore presentert på plate, skriv Talik i si pressemelding.

Ta:lik, som har distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, drives av Tore Bolstad, Niels J Røine, Anders E. Røine og Frode Rolandsgard. Meir om selskapet kan du finne ved å gå til denne sida.

Publisert:

Del: