ANMELDING: «Munch Remastered» er ei global sjangerreise frå Kina via Bali til Burzums Hordaland, skriv Nicholas Møllerhaug.

© Thor Møller

Betre setting for framsyninga Munch Remastered skal ein leite lenge etter: Cornerteateret på Møhlenpris i Bergen er eit heilt nyopna teater plassert i bydelen Møhlepris: i hjarta av det som før i tida var Bergens Mekaniske Verksted.

Munch Remastered er den første nyproduksjonen ved Cornerteateret sidan opninga den 9 september. Eit godt grep som indirekte viser kva industrieventyret i Bergen hadde å seie for Munch sjølv. Han tente godt på det søkkrike nettverket sitt i Bergen. Eit nettverk som hadde djupe forgreiningar til nettopp verftsindustrien på Møhlenpris og ved Puddefjorden.

Få norske kunstnarar hadde altså så stor nytte av det bergenske industrieventyret som Edvard Munch. Han slekta sjølv på den suksessrike og bergenske Munck-familien , og det var dei med industripengar som særleg kjøpte bileta til Edvard. Kanskje heng det framleis nokre diskrete Munchar i gamle reiarvillaer i Fana? Det var iallfall dei som hadde dei fremste måleria hans hengande i sine stover.

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Lydleg forbetra Munch
I Munch Remastered forsøker komponistane å skape ei “remastering ” (ei lydleg forbetring) av Munch. Det har blitt ei sjangerreise inn i Munchs sju mest kjende maleri. Desse blir presenterte med foto, tittel og årstal i programheftet. Eg lurer på korleis dei får fram skrik! Spør ei eldre dame på penaste bergensdialekt.

Solen er første sats. Utgangspunktet er det herlege lyse, store maleriet i Universitetets Aula i Oslo. Sola blir enkelt framkalla i ein liten bakre flik av scenerommet. Eit stort lys ovanfrå stråler ned over ein av dei fire medverkande. Ho står naken med ryggen til publikum og strekker seg langsamt mot sola. Kler på seg. Musikarane – songarinna og cellisten – er båe på scenen og del av scenebiletet. Dei har opna både lerret og framsyning med ein langstrakt lineær elektronisk bearbeidd klang: stemma og celloen speler i mange lag i dette klangbiletet.

Tonaliteten er global og lokal på ein og same gong. Strupesong og folketoneornamentikk glir om einannan. Langsamt framkallast eit rytmisk bakteppe som også funkar sjølv om det til tider kan blitt litt einsformig, som Nils Petter Molvær på nittitalet. Når dette ikkje speler ei stor rolle er det fordi lydregien er så god – frå første stund. Det gjer eigentleg ikkje så mykje at det musikalske til tider spriker i diametrale retningar. Kanskje det er fordi dei også reflekterer måleria som er så ulike og fylde med ulik energi. Eg syns kunstnarane bak rett og slett bør skulde litt på Munch.

Introvert tilstades
Eg meiner at Bodil Lunde Rørtveit (vokal) og Siri Hilmen (cello) gjev ei samla og godt innstudert ro til publikum. Kinesiske instrumentglimt gjer at den kinesiske komponisten Tan Duns mange celloverk blir ein referanse for meldinga mi. Særleg tenker eg på Hilmens langstrakte glissandoar med stor etterklang – i dialog med intens tremolo på kinesiske tradisjonsinstrument. Eg syns det fungerer. Det er godt samspel og klang. Dei enkle men verknadsfulle motiva gjev dansarane Yanelis Brooks og Alejandro Altamirano mykje å arbeide med i sitt kammerspel.


Bodil Lunde Rørtveit og Siri Hilmen. Foto: Thor Møller

Og når Solen har gått ned glir stykket saumlaust over i Ung Kvinne på Stranden prega av crispy pizzicatobeat. Rufsete Balinesiske gamellanar dronar i Livets Dans: Dansarane svingar seg i intimt kammerspel som blir endra ettersom satsane endrar seg. Musikarane har også roller på scenen. Dei er båe tydeleg til stades men introverte. Songarinna retter seg både til publikum og til dansarane – og blir nærast eit kommenterande kor i klassisk teatersamanheng. I Livets Dans dansar ho også sakte med. I Sjalusi – som er eit trekantdrama – blir ho den tredje som truger paret og pardansen. I denne satsen bruker komponist Jørn Lavoll moderne klubbelement som dubstep for å tydeleggjere dansen i dansen. Alt saman økonomisk inkludert i forløpet.

Kunsten å slutte i tide
Økonomiseringa meiner eg er det som gjer dette til ei vellukka framsyning. Sjølv om grepa undervegs er både klisjear og oppbrukte gjer det ikkje noko. Årsak: dei blir økonomiserte slik at dei blir brukt i ein akkurat passe mengde. Lengdene på satsane er også korte – og stykket kort. Det er også svært positivt. Det er ein kunst å ikkje bli altfor glad i sine eigne idear – og slutte i tide. Ja, slutte når ein har fortald det ein skulle. Det meiner eg dette ensemblet får til. Heile tida er scenen lyssett varmt i dialog med musikk og rørsler.

Alt blir trigga av det musikalske stoffet – som også er ute på plate i desse dagar: det er fleire tilløp til fine melodiar. Eg vil særleg framheve den Diamanda Galas-frenetiske Sjalusi og superlyriske Ung Kvinne på Stranden. Ankepunktet er som nemnd at nokre av beat’ene som opplevast er oppbrukte. Stemmemessig er det meste basert på vokalisk nynning. Dette får utøvarane godt til – og høgdepunkta er når Hilmen og Rørtveit opptrer homofonisk saman. Då smelter den vokaliske karakteren i stemma saman med cellokarakteren: når cellobogen speler kvast så tek ho fram kvasse vokalar. I dei homofoniske etappane er det til tider hjarteskjerande fint. Det skal det jo vere når det er Munch som står i fokus: det er melodramatisk og emosjonelt. Dette er det gamle Edvard som legg opp til.

Les også: Er det virkeiig et cembalo? Intervju med Salvatore Sciarrino

Kvinner utan liksminke
Framsyninga utviklar seg tematisk og dynamisk – både musikalsk og koreografisk – fram mot avslutningssatsen Skrik. Satsen startar med eit fint tremolobelte av kinesisk tremolo. Eit orientalsk teppe av cello og vokal som langsamt fyllast med skrik og kontrast. Songarinna bruker skarpe æ-vokalar medan celloen speler så grovt mot stolen som berre mogleg.

Ein blir glad av denne sistesatsen, som hadde klard seg godt også utanføre stykket. Bassdronane saman med cello og stemmehysteriet minner ein om at me bur i Hordaland – Burzums fylke. I ein sjanger som er totalt dominert av menn er dette eit herleg unnatak: svart kammermetall av beste merke, gjort av kvinner utan liksminke. Ei sterk avslutning på ei fin men sprikande musikalsk framsyning. (Og det er berre å legge skulda på Edvard.)

Nicholas Møllerhaug er skribent og kurator, tidlegare programsjef i Festspillene i Bergen og festivalsjef i Borealis

Munch Remastered
Musikk av SAGN (Bodil Lunde Rørtveit og Jørn Lavoll)
Yanelis Brooks og Alejandro Altamirano (dans)
Bodil Lunde Rørtveit (vokal)
Siri Hilmen (cello)
Vibeke Flesland Havre (regi)
Silje Sandodden Kise (kostymedesign)
Martin Flack (lysdesign)

Publisert:

Del: