Kvarts er på banen med ein ny CD-produksjon, “Skal-skal ikkje”. Dette er musikk komponert av Kvarts for folkemusikalen med same namn, som hadde urpremiere under Førde internasjonale folkemusikkfestival i 2002, og som seinare har turnert for Rikskonsertane og i eigen regi. På CD-utgåva av “Skal – skal ikkje” har Kvarts – som i musikalen – med seg tre musikarar: Berit Opheim og Øyonn Groven Myhren, song og Birger Mistereggen, perkusjon.

Kvarts

“Skal – skal ikkje” tek utgangspunkt i folkekulturen vår, og er ein blanding av teater, musikk og dans. Folkemusikkgruppa Kvarts har skreve ny musikk til forestillinga, og forfattaren Eldgrim Springgard har skreve manus.

Regien på forestillinga var ved Leif Stinnerbom, som driver det svenske Västanå Teater, og som mottok glitrande kritikkar for si oppsetning av Ibsens Peer Gynt ved nyopninga av Rogaland Teater i 2001.

— “Skal – skal ikkje” er konsert-teater med fokus på konserten, sa Stinnerbom omrkring premieren. – Musikken står i forgrunnen, sjøl om det heile er satt inn i eit dramatisk konsept.

Eit ungt par har funne kjærleiken og vil giftast. Men dei blir begge to utfordra av påkjenningane unge, moderne elskande kan oppleve. Kan han godta hennar sjølstende? Kan ho godta hans binding til mora? Tradisjon og modernitet. Gamle oppfatningar og nye idear. Mann og kvinne. Og svigermor.

Med seg på perkusjon har Kvarts Birger Mistereggen, som forsterkar det dramatiske og drivande lydbildet til handlinga. I rollene som brura og brudgomen finner vi Øyonn Groven Myhren og Hallvard Holmen, og Berit Opheim er den konservative men livsvise mora til brudgomen. Dansarane Martin Myhr og Solveig Hårdnes, to velkjende namn innan folkemusikken, er maskeparet som i forestillinga illustrerte og kommenterte handlinga gjennom dans, gester og bruk av maskene.

Etter premieren og det vellukka samarbeidet med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival uttalde Helge Skansen, konsertsjef i Rikskonsertene:

— Rikskonsertenes målsetting med “Skal- skal ikkje” var å lage en produksjon som utfordret folkemusikkmiljøet til kunstnerisk og formidlingsmessig nytenkning. Dette ble til fulle innfridd! “Skal – skal ikkje” er en forestilling som setter nye standarder for musikkdramatikk basert på norsk folkemusikk.

Pressa var og særs nøgd med forestillinga:

— “Skal – skal ikkje” vart eitt av festivalens desiderte høgdepunkt, skreiv meldaren i Firda. – Sjeldan har eg kjent meg så lykkeleg etter å ha vore på teater, og vedvarande trampeklapp etter teppefall tyda på at fleire hadde same kjensla.

Arne Berg i NRK uttrykte seg slik:

— “Skal – skal ikkje” ble et høydepunkt i Førde. “Skal – skal ikkje” kan gi norsk folkemusikk et nytt publikum, samtidig som den står støtt i tradisjonen. Et løft for folkemusikken i Norge, intet mindre. 

IdaLou Larsen skreiv dette i Spelemannsbladet:

— “Skal – skal ikkje” er blitt en særegen og flott teateropplevelse. Her er ikke folkemusikken brukt som et symbol på forgangne tider. Tvert imot. Han og hun er typiske unge mennesker av i dag og antakelig mer fortrolige med rock og rap enn med slått og stev. (…) Publikum i Førde var ikke i tvil: Hele salen reiste seg og hilste ensemblet med velfortjente ovasjoner.

“Skal – Skal Ikkje” distribueres av Musikkoperatørene.

Publisert:

Del: