Sidan oktober har ”Sju vindar” – beståande av Unni Løvlid, Becaye Aw, Rolf-Erik Nystrøm og Ingar Hunskaar halde meir enn 40 konsertar i Tanzania, Kina, Nepal, Sri Lanka og India.

Sju vindar

Det er i år 100 år sidan diktaren Olav H. Hauge vart fødd, og som del av markeringa vart”Sju vindar” denne våren spurt av Dei Nynorske Festspela om å gjere eit bestillingverk basert på tekstane til Hauge til årets festspel.

Som del av motivasjonen bak tingingsverket er ei omsetjing av Hauge-dikt til fleire asiatiske språk. Etter framsyninga vart urframførti juni, har gruppa difor teke musikken med seg til Afrika og Asia, der dei no har vore på turne i 3 månader.

”Sju vindar” har på turneen samarbeid med lokale musikarar og diktarar frå mellom anna Zanzibar, Beijing, Seoul, Kunming, Kathmandu, Colombo, Shanghai, Hanzhou, Xi’an, Lanzhou, Bhopal og Delhi. Hauge-tekstane har vorte framført på nynorsk, kinesisk, fransk, fulani, hindi, zwahili og koreansk.

Med seg i India har gruppa Teji Grover og Rustam Singh som har oversatt Olav H Hauge til hindi. Desse omsetjingane til hindi vert lansert i bokform 14.desember i Delhi. Meir om Hauge på hindi finn du her.

Siste konsert på turneen er 17.desember i Delhi – medan gruppa presenterer framsyninga si på Cosmopolite i Oslo 4.februar.

Turneen er støtta av lokale arrangørar, HT08, Norsk Kulturråd, MIC, Sparebank Vest, Rikskonsertene, FFLB, Ambassaden i Beijing og Oslo kommune

Dette i følgje ei pressemelding.

Publisert:

Del: