Seljord spelemannslag, Seljord juniorspelemannslag og barneleikarringen Tusseleiken i Seljord inviterer til sjokoladekappleik laurdag 9. april 2005 kl 12.00 på Granvin kulturhus i Seljord. Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Meininga er at unge utøvarar skal få trening i å opptre.

Landslaget for Spelemenn - åpningsbilde

Sjokoladekappleiken gjer god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa. Så godt er tiltaket at Landslaget for Spelemenn har teke det inn som eit satsingsområde i sitt handlingsprogram.

— Spelemannslaga i Bø og Seljord har faktisk ”brøyta veg” når det gjeld slike arrangement, skriv Torunn Raftevold Rue i ei pressemelding. – Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygge på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!

I fjor var det mellom 30 og 40 ulike innslag som høsta sjokolade frå scena. Det var nesten 70 born som spelte, song og dansa på Granvin. Det deltok ungar frå mange kommunar i Telemark: Bø, Hjartdal, Nome, Sauherad, Seljord, Tokke og Vinje!

Det er sjuande gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Premiane er stort sett sjokolade som vert sponsa av lokale forretningar. I tillegg kjøper arrangørane inn nokre skikkelege premiar, mellom anna CDar med folkemusikk.

I år vert det for første gong sett opp ”Magne Manheims inspirasjonspris” til ein gut eller ei jente som utmerkar seg i spel, dans eller kveding.

Arrangementet er etter kvart godt innarbeidd i lokalmiljøet. I Seljord arrangerer dei Sjokoladekappleik om våren, og Bø Juniorspelemannslag har arrangert tilsvarande kvar haust. Sjokoladekappleiken 9.april i år er støtta økonomisk av Musikkverkstadordninga (MVO) og Seljord sparebank.

NRK vil òg vere til stades denne dagen og gjere opptak til Folkemusikktimen i NRK P2.

Publisert:

Del: