PLATEMELDING: Mykje av materialet Henning Kraggerud og Christian Ihle Hadland presenterer på denne doble innspelinga med kammermusikk av Christian Sinding er ukjent. Forklaringane til det kan vera fleire, men sjølv peikar utøvarane på komponisten si innmelding i NS rett før han døydde i 1941. Etter krigen vart dermed både komponistens verk og kvalifikajsonar ofte avvist. Med herverande innspeling ynskjer dei to utøvarane henta fram i lyset ein komponist dei meiner fortener å bli spelt. Og dei gjer det med overtyding, skriv Ballades meldar.

Henning Kraggerud (stort, s/h)

Av Ida Habbestad

Jeg er glad i sterke følelser, sa Henning Kraggerud i eit intervju med Klassisk Musikkmagasin for nokre år sidan.

Dette utsegnet stemmer godt med dei musikalske møta eg har hatt med fiolinisten, og likeeins framhaldet:

– Diffus kunst er uengasjerende og tiltaler meg ikke. Det er fordi jeg liker å oppsøke de ekstreme ytterpunktene i meg selv enten jeg er solist, dirigent, instruktør eller kammermusiker. Disse kan godt være subtilt innadvendte eller resignerte, bare ikke diffuse. Du får ikke meg til å si at “sentimental” er et skjellsord. ”Musikk er ikke noter, musikk er det som til enhver tid skjer. Det nytter virkelig ikke å skylde på komponisten, hvis konserten ikke tar av.”

Ekstreme ytterpunkt og det sterkt kjensleladde er karakteristikkar som stadig vender attende i skildringa av Kraggerud. Han spelar ikkje alltid ordentleg, ikkje med den kalde perfeksjonisme som mål – men heller sterkt villa, med drivkraft og kjensle.

Til fingerspissen meint

Sist eg høyrde fiolinisten var det i kraftfullt virtuose utladningar i Ysaÿe sine sonatar for solo fiolin. Ei av årets sterke utgjevingar, der det mangfaldige registret av emosjonar vart forma av fiolinisten på ein måte som etterlet liten tvil om kva for ein drivkraft me snakkar om. Dei energiske og melankolske utspel – alt til fingerspissen meint – fanga merksemda gjennom lange, solistiske strekk. Kanskje med noko av den same hengjevne intense overtyding som læraren, Camilla Wicks?

Fullt så skarpe kontrastar finst ikkje på denne plata, der Kraggerud og Christian Ihle Hadland presenterer ein stor del av dei eksisterande verk av Sinding for fiolin og klaver. Romansar, elegiar, balladar, suiter og sonatar fyller to plater – alt i Sinding sitt umiskjennelege romantiske tonespråk. Og sjølv om der i coveret vert hevda at den første komposisjonen, ”Cantus Dolores”, skiljer seg vesentleg frå dei andre – frå ein Sibelius som i stort er livsglad og glødande – meiner eg at dette sangbare, elegiske men innsmigrande spring som ein tråd gjennom det heile.

Oftast kling det vakkert, sjeldan krast, men altså gjennomgåande tolka med liv, pasjon og sjel.

Lett og elegant

Kraggerud sin omlag ti år yngre medspelar, Christian Ihle Hadland, har hatt ei offensiv utøvande verksemd dei siste åra. Her framstår han med mykje overskot; han har tyngde i uttrykket, blanda med eleganse – eit spenn i anslag og klangfargar som overtyder.

Lyrisk, lekkert og lett fraserer han frå innleinga av ”Cantus Dolores”. Like svevande og enkelt kling rislande akkordbrytingar i ”Frühlingsrauschen” for solo piano, som saman med ”Suite i a-moll” utgjer ein av dei få verkeleg kjende komposisjonar av Sinding. Sistnemnde er det einaste stykket frå komponistens kammermusikalske produksjon som stadig er i utgiven versjon.

Fanga i si fortid

Mykje av materialet er altså ukjent og for å få tak i stoffet har utøvarane vore på jakt i arkiva i Nasjonalbiblioteket.

Forklaringane kan gjerne vera fleire. Norske forlag har vorte kritiserte for å ta for lite ansvar for den norske komponerte musikken. Men forklaringa som gjev størst gjenklang er sjølvsagt den om Sinding si innmelding i NS i 1941, åtte veker før han døydde. I våre tider hevdar fleire han vart brukt – og ved den så godt som uteblivande markering av komponistens 150-års jubileum i 2006 påpeikte songar Per Vollestad at Sinding på mange vis er fanga i si fortid; ein har ikkje lukkast skapa det same skiljet som me har med Hamsun, mellom den store kunstnaren og den forferdelige politikken.

Heller har ein avvist dei kompositoriske kvalifikasjonane – noko herverande innspeling freistar gå imot, langt på veg med overtyding.

For dei to musikarane byd på høgdepunkt etter høgdepunkt – ein yndig ”Berceuse”, ein stillferdig ”Elegi” i d-moll, folketoneklingande ”Alte Weise”, ein vemodig men dansant og intens ”Ballade op 61”.

Skal noko kritiserast måtte det vera at høgdepunkta til tider kan verta vel mange. Særleg ved innleiinga av den første plata, der den eine smektande sviska følgjer den andre så tett at det kjenst som ei enorm forløysing når fyrverkeriet av ein førstesats i Sindings virtuose amoll-suiten set i gang.

Men skal ein ta Kraggerud på alvor er ikkje “sentimental” noko skjellsord. Leitar ein etter nyansar mellom alt det vakre finn ein dei gjerne, frå roleg behag, melankolsk lengsle og meir motstandsfyld intensitet.

Alt usedvanleg klårt og lekkert forma av dyktige, dedikerte utøvarar.

SINDING Musikk for Fiolin og Klaver

Henning Kraggerud, fiolin
Christian Ihle Hadland, klaver

Naxos

Publisert:

Del: