Norsk kulturråd arrangerte eit presentasjonsseminar for Arnestadrapport 21. november 2001. Same ettermiddag var det ei intern samråding for sektoren. Der vart Rådet for folkemusikk og folkedans bede om å laga eit seminar på nyåret for oppfølging av rapporten.

Norsk kulturråd (logo)

Tida vart sett til ein av dei første dagane i veke 5, 2002.

No stadfester vi den innkalling vi sende ut med vanleg post før jul. Vi ber inn til eit ettermiddagsseminar tysdag 29. januar 2002 kl 1200-1800 i Rådssalen til Norsk kulturråd, det gamle militærhospitalet, Grev Wedels plass 1, Oslo.

Sakliste
Seminaret arbeider med ei sakliste på to punkt som vi håpar kan diskuterast konkret, og der det er ønskeleg å nå fram til semje om tilrådingar:

1. Organiseringa av samarbeidet mellom aktørane på folkemusikk- og folkedanssektoren
2. Etablering av ein enkel og konkret tiltaksagenda for samarbeidet

Program
1200-1215: Opning, ved leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, Brit Håland. Ordstyraren Øyvind Kvile tek over – Deltakarane presenterer seg
1215-1245: Perspektiv frå institusjonssektoren ved Ingar Ranheim og Gunnar Stubseid
1245-1300: Perspektiv frå musikkfeltet i Norsk kulturråd ved Hilde Bjørkum
1300-1315: Pause
1315-1355: Perspektiv frå dei som stod bak Arnestadrapporten: Landslaget for Spelemenn, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Rådet for folkemusikk og folkedans
1355-1430: Pause
1430-1800: Open diskusjon

Vi ber dei som vil delta om å varsla oss, gjerne via epost til tove.hvaale@hf.ntnu.no, eller til Silje Sølvberg telefon 73 59 65 74. Vi set ikkje krav om påmelding, men set pris på å få melding frå dykk som vil delta innan 21. januar for å ha eit visst oversyn. Sjølve Arnestadrapporten kan tingast frå Norsk kulturråd så langt opplaget rekk. Du kan og lese Arnestads innleiing på artikkellenka “Norsk folkemusikk og folkedans” nedanfor.

Med helsing
Rådet for folkemusikk og folkedans

Brit Håland
Egil Bakka, dagleg leiar
Rådet for folkemusikk og folkedans

Publisert:

Del: