Skal norsk folkemusikk ut i verda, må ein først rydde opp på heimebane, mener redaktøren i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl. I dette innlegget ber han de to folkemusikkorganisajonene om å samle seg om saken – i stedet for å konkurrere seg imellom. – Her i landet har ein fått Folkelarm og ei slags semje om ei riksscene. Likevel er det langt fram til at kreftene dreg i same retning. Ein sit framleis for mykje på kvar si tuve. Er ein for oppteken av å ta æra for det eller det, i staden for å tenkje: Kva er det som gagnar folkemusikken best? Lat ei brei satsing på utlandet bli ein prøvestein, oppfordrer Bitustøyl.

Hardingfele-stående

Av Kjell Bitustøyl, redaktør for Spelemannsbladet

Noreg er eit lite land med få innbyggjarar. Dette kjenner mange folkemusikarar fort kan bli ei hindring i høve til å skaffe seg nok oppdrag. Difor er det aktuelt for eit aukande tal av utøvarar å søkje seg utover landegrensene for å skaffe seg oppdrag der. Dei mest vellykka og dyktige – eller heldige – greier å skaffe seg fleire utanlandsoppdrag i løpet av eit år. Likevel utgjer dette ein forsvinnande liten del av norsk musikkeksport og truleg ein endå mindre del av den totale aktiviteten innafor norsk folkemusikk.

Danmark var eit førebilete for etableringa av Folkelarmprisen. No er det ein ny grunn til å kaste augo mot Danmark att.

Frå og med 2006 dreg danskane i gang ei storstilt satsing på eksport av dansk folkemusikk. Prosjektet er eit samarbeid mellom Danmark sin paraplyorganisasjon for folkemusikk, Folkemusikkens Fælles Sekretariat, DJBFA – Danske Sangskrivere og Komponister og plateprodusentane sin opphavsmessige interesseorganisasjon KOPIFON. Saman med ei rad organisasjonar vil dei satse halvannan million kroner i dei komande tre åra på å sende eliten av dansk folkemusikk til utlandet.

Visst har norske spelemenn, folkedansarar og folkemusikarar reist utanlands i mange år. Men dette har i liten grad vore på grunn av ei kultupolitisk satsing. Og sjølvsagt kan ein kritisere styresmaktene for at dei ikkje har gjort meir for folkemusikken på dette feltet. Men like mykje må ein sjå til eigne rekkjer.

Er organiseringa innafor norsk folkemusikk eit hinder i høve til å stable på beina ein slagkraftig strategi som rettar seg mot utlandet?

Som mange vil vita, har NFD gjennom Norsk Folkemusikkformidling gjort ein del framstøytar for å få norsk folkemusikk ut i verda. Og dei har gjort verdifulle erfaringar og etablert viktige kontaktar i utlandet. Men har dette vore ei strategisk god arbeidsdeling, der LfS meir har konsentrert seg om andre verkefelt og med det overlate til vesle NFD å fronte norsk folkemusikk i det store utlandet?

I denne samanhengen er det interessant å merke seg kva avtroppande dagleg leiar for Norsk Folkemusikkformidling, Ola Berge, seier i eit intervju med Kvinten. Han meiner at organiseringa av folkemusikk-Noreg ikkje er optimal. Han seier vidare at om det skal koma ei endring i dette, lyt det koma “som eit pålegg utanfrå, til dømes frå Kultur- og Kyrkjedepartmentet.”

Dette støttar underteikna fullt ut. Skal ein kunna koma vidare med ei stor sasting på norsk folkemusikk i utlandet etter til dømes mønster frå Danmark, eller Sverige for den saks skuld, må ein stable på beina eit apparat eller ein organisasjon som har tillit i heile folkemusikkmiljøet. Fyrst då kan ein bli slagkraftig til det beste for sjangeren og den norske folkemusikken. Det gamle tankegodset om at det berre blir bråk om ein skal endre på organisasjonsstrukturen, er kanskje moge for å kastast over bord?

I Danmark har Danish Folk Music Award blitt ein stor suksess, og no har danskane samla seg om ei ny, stor satsing. Her i landet har ein fått Folkelarm og ei slags semje om ei riksscene. Likevel er det langt fram til at kreftene dreg i same retning. Konkurranse kan vera skjerpande, men som Ola Berge seier, for å sitere han nok ein gong: “Vi trår i kvarande sine bed og er usamde om fordelinga av oppgåver. Ein konkurransesituasjon kan vere bra, men det kan også føre til at arbeidet kjennest tyngre, fordi ein veit ein kunne fått til meir saman.”

Eg vil likevel poengtere at det har vore mykje godt samarbeid i løpet av året som har gått. IntroFOLK er eit godt eksempel på eit slikt samarbeidstiltak. Samstemt er eit anna form for samarbeid som har ført fram. Medan Riksscena til no for ein stor del har handla om NFD. Og Folkelarm var LfS sitt prosjekt.

Ein sit framleis for mykje på kvar si tuve.

Så er ein inne på samarbeidsfeltet inniblant, men mangelen på tillit og for dårleg kommunikasjon set ofte ein effektiv stoppar for eit ope og godt samarbeid. Er ein for oppteken av å ta æra for det eller det, i staden for å tenkje: Kva er det som gagnar folkemusikken best? Lat ei brei satsing på utlandet bli ein prøvestein. Dette er ei altfor viktig oppgåve til at berre den eine av folkemusikkorganisasjonane kan fronte det.

Innlegg i denne viktige debatten mottas på ballade@mic.no, og publiseres fortløpende.

Publisert:

Del: