Det Norske Teateret inviterer til Bikubekveld med Jovan Pavlovic, Sandra Kolstad, Frank Kjosås, Heidi Gjermundsen Broch, Ståle Sletner og Svenn-Erik Kristoffersen.

Sandra Kolstad, © Trust Me Records

Sandra Kolstad og Jovan Pavlovic er komponistane bak to av teaterets nysatsingar; Songfuglen og Påfuglen. Dei har fått med seg musikkteaterskodespelarane og sangarane Frank Kjosås og Heidi Gjermundsen Broch, og inviterer til eit unikt innblikk i deira to musikalske verd.

Det blir ein musikalsk aftan, der du kan bli betre kjend med komponistane og får eit innblikk i deira kreative prosessar. Med i samtalen er også Ståle Sletner og Svenn-Erik Kristoffersen.

Denne utgåva av Bikubekveld er eit samarbeid med NOPA, Norsk forening for komponistar og tekstforfattarar.

Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret. Fredagar kl. 22.30 inviterer dei til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane.

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Per i dag er NOPA, NKF, MFO og NMFF medlemmer i Foreningen Ballade.

Publisert:

Del: