Telemarkfestivalen mottek i år støtte til årets bestillingsverk frå Sametinget ved Samisk kulturfond. Det er musikar og komponist Frode Fjellheim som står bak verket “Sørsamar rundt Hardangervidda”, som byr på musikare frå gruppa Transjoik, samd kvedare og spelemenn som Berit Opheim, Knut Hamre og Lars Underdal.

Frode Fjellheim, Transjoik

Sametinget ved Samisk kulturfond støtter bestillingsverket “Sørsamar rundt Hardangervidda” av Frode Fjellheim med kr. 30.000,-. Det er første gong Telemarkfestivalen mottek støtte til eit prosjekt frå Sametinget. Festivalleiinga seier dei er stolte over tildelinga, og meiner dette syner at festivalen har status som ein viktig aktør i folkemusikkmiljøet og at årets bestillingsverk har eit interessant tema.

Telemarkfestivalen har i år eit heilt spesielt bestillingsverk: “Sørsamar rundt Hardangervidda”. Den allsidige musikaren og komponisten Frode Fjellheim har fått i oppdrag å lage eit moderne bestillingsverk der det sørsamiske møter det bygdenorske: joiken møter hardingfela og kvedinga. Frode Fjellheim vil ha med seg nokre av musikarane i gruppa Transjoik, forsterka med Knut Hamre, spelemann frå Hardanger, Berit Opheim,songar/kvedar frå Voss, Arne Anderdal, spelemann frå Hemsedal/Hallingdal, Lars Underdal, spelemann frå Vinje i Telemark og Jon Anders Halvorsen, kvedar frå Lunde i Telemark.

Dei seinare åra har Frode Fjellheim jobba mykje med Tango Concertino og Transjoik. Han er fødd i 1959, og studerte klassisk piano ved Trøndelag Musikkonservatorium, Trondheim, 1980-1984. Han har sida vore freelance musiker og komponist, og var i perioden 1984 – 1992 tilknytta Trøndelag Teater som musikar, komponist og arrangør. Han har virka innanfor ei rekke musikalske stilartar som jazz, rock, folkemusikk, kirkemusikk og noko klassisk musikk/samtidsmusikk. Han har og vore repetitør/orkesterleder ved Trøndelag Teater,¨der han mellom anna komponerte musikk til teaterstykkene “Tatt på fersken”,
“Lexis i drømmeland”, “I et rom i en tid” “Anne Franks Dagbok” og “Brødrene Løvehjerte”. Han har gjort musikk til sørsamisk liturgi for Nidaros Bispedømme, og skreiv i 2000 “Arktisk Messe” for Festspillene i Harstad.

Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lang tradisjon med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid, til dømes Groven Myhren/ Nordstoga med “Nivelkinn”, som no er nominert til Spellemannprisen med ein CD med konsertopptaket frå Telemarkfestivalen 2001.

Publisert:

Del: