Kantor, organist og pianist Ulf Krupka skal jazze opp salmeskatten.

Glogerorgelet i Kongsberg kirke, © Fra glogerfestspillene.no

Til dagleg er Ulf Krupka kantor i Ski, der salmar er ein naturleg del av gudstenestene. Ved Kongsberg Jazzfestival får han sette salmetonane i sentrum.

Under årets jazzfestival i Kongsberg skal Krupka levere ein jazzkonsert med utvalde salmetonar som basis. Salmetonane er tatt ut av sin tradisjonelle kontekst og omarrangert slik at dei framstår som standardlåtar, slik mange av oss vil kjenne dei frå transkriberingene i “The Real Book“.

– Eg har forandra salmane rytmisk, nokre gongar melodisk, og reharmonisert dei. Det som er typisk for ein salme er ofte at dei er relativt regelmessige og kanskje litt forutsigbare. Dette har eg prøvd å bryte, forklarar Krupka.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Stå på eigne bein
Gjennom rytmiske og harmoniske grep, ornamentering og kreative arrangement vil Krupka fargelegge salmane og gi dei nytt lys.

– Eg har alltid tenkt slik at om du kjenner desse salmane godt vil det vere enkelt å gjenkjenne dei, men om du derimot ikkje gjer det er det berre rett og slett ei fin jazzlåt. Derfor er det viktig at arrangementa skapar musikk som kan stå på eigne bein, meiner han.

Vidare vil han bryte med alvoret ein ofte forbinder med salmar.

– Ein må kunne leike litt med melodiane. Det skal ikkje vere for trist eller strengt.

Siste nytt fra musikk-Norge rett i innboksen: Ballades nyhetsbrev

Personleg
Krupka har valt ut ei breidde av salmetonar frå ulike stilartar og perioder. Utvalet er først og fremst personleg motivert.

– Dei utvalte er salmar som inspirerer meg til å lage nye arrangement. Som kantor jobbar eg naturlegvis svært mykje med forskjellige salmar, men det er alltid nokre som peikar seg ut. Samtidig har eg tatt omsyn til å vise fram ulike stilar.

Dermed blir det alt frå “O bli hos meg” framført som jazzballade, til modale strekk over religiøse folketonar.

I tillegg til Ulf Krupka skal også bassist Tine Asmundsen og saksofonist Line Falkenberg vere med på salmeimprovisasjonane.

– Eg vonar at medmusikantane også kan sette sitt personlige preg på konserten, fortel Krupka.

Les også: Kongsbergledelse vil maksimere inntektene

Kantor utan koralbok
Det er fort gjort å øydelegge ein salme, meiner Krupka, til dømes med tung harmonisering med akkordskifter på kvar åttandedel. Sjølv har han ei uavhengig tilnærming til salmane også under gudstenestene, og brukar aldri koralbok.

– Vi forsøker å få fram eigenarten og styrken i salmemelodiane utan å øydelegge dei. Når vi improviserer opplever eg at Tine og Line også kan hente mykje ut av melodiane. Salmemelodiane har ei særprega kraft og ei styrke, og dei tåler mykje, meiner han.

Ulf Krupka, Tine Asmundsen og Line Falkenberg skal framføre sin kyrkjekonsert i Kongsberg kyrkje laurdag 7. juli klokka 11. I tillegg til samspelet med Asmundsen og Falkenberg, skal Ulf Krupka starte og avslutte konserten med det tradisjonelle Glogerorgelet.

Publisert:

Del: