Saksofonisten Ole-Henrik Mohn Pettersen (26) vann Conoco Phillips finalekonsert og får eit stipend på 100 000 kroner. Han var ein av fire finalistar som spelte på Noregs musikkhøgskole, og han vann med det japanske stykket Maï av Ryo Noda. “Teknisk komplett, fokusert og sceneutstråling” er dommen fra juryleder Eirik Birkeland.

Ole Henrik Mohn-Pettersen_Conoco2007

— Det var eit jamt høgt nivå på årets finalistar, og det var vanskeleg å skilje ut ein vinnar. Men Ole-Henrik Mohn Pettersen hadde ein gjennomført konsert. Han spelte teknisk komplett, han hadde fokus og dessutan utstråling på scenen, seier rektor ved Noregs musikkhøgskole og leiar i juryen Eirik Birkeland.

Elles besto juryen av pianist Liv Glaser, cellist Åge Kvalbein og songaren Siri Torjussen.

Samarbeid på åttande året

Dette er åttande gong energiselskapet ConocoPhillips samarbeider med Noregs musikkhøgskole om stipendkonkurransen for mastergrads- og diplomstudentane ved Musikkhøgskolen.

23 deltakarar prøvespelte tidlegare i vår, og fire gjekk vidare til finalen. Dei andre tre finalistane, slagverkaren Wendy Greenberg, pianisten Natallia Papova og cellisten Jan Clemens Carlsen, delte andreplassen og får eit stipend på 10 000 kroner kvar.

— Meir slik musikk på TV

Dan Børge Akerø leia finalekonserten og han var imponert over nivået på finalistane:

— Dette er musikk vi skulle hatt meir av på TV, sa Akerø etter at slagverkaren Wendy Greenberg opna konserten med eit kinesiskinspirert stykke av Per Nørgård.

Om vinnaren

Ole-Henrik Mohn Pettersen er 26 år og frå Fredrikstad. Han er utdanna klassisk saksofonist ved Noregs musikkhøgskole kor han tar mastergrad som solist no i vår. Han har studert hos Geir Holm og den verdenskjende saksofonisten John-Edward Kelly. Ole-Henrik er frilans musikar med eit repertoar som strekk seg frå klassisk saksofonrepertoar til samtidsmusikk og jazz. Masterarbeidet hans har blant anna vore å spesialisere seg på heile saksofonfamilien og å innleie samarbeid med samtidskomponistar.

Ole-Henrik Mohn Pettersen leier sitt eige storband, The Livin’ Jazz Orchestra.

Publisert:

Del: