Åshild Vetrhus_2 (Foto: Yina Chan)

Riksscenen er stifta: Festivalane sterkt inn i styret

– Norsk Folkemusikk- og Danselag er stolte av no å ha stiftinga på plass, seier Åshild Vetrhus, leiar i Norsk Folkemusikk og Danselag. Riksscenen blei etablert som stifting på fredag, med Karl Einar Ellingsen som den fyrste styreleiaren. Fullt namn på stiftinga blei Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans.

Kalender

Lørdagsopera

06/04/2024 Kl. 16:00

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Riksscenen blei etablert som stifting på fredag, med Karl Einar Ellingsen som den fyrste styreleiaren. Fullt namn på stiftinga blei Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans.
.
Denne fredagen vart ein merkedag for Riksscenen. Først var det stiftingsmøte med dei fem stiftarorganisasjonane og interimsstyret, der vedtektene blei fastsett. Deretter var det møte Riksscenerådet, der vedtektene var oppe til handsaming og resten av styremedlemmene og valkomiteen for den komande perioden kom på plass.

Kven skal styre?

Resultatet av møta fredag, og ein diskusjon om rolla til Riksscenerådet i forhold til stiftinga, blei at tidlegare leiar i Noregs Ungdomslag, Johan Einar Bjerkem, kom inn som styremedlem etter benkeforslag frå Noregs ungdomslag, i staden for utøvaren Synnøve Bjørset. Ho var innstilt av interimsstyret. Det betyr at to festivalar har plass i styret: både Kalottspel (Terje Foshaug) og Hilmarfestivalen (Johan Einar Bjerkem).
.
I tillegg vart det kampvotering om plassane i valkomiteen. Hilde Bjørkum og Siri Mæland kom inn i staden for Lene Furuli og Randi Skeie, som var innstilt til plass i valkomiteen frå interimsstyret.
.
Vedtektene som vart fastsett av stiftingsmøtet var oppe til brei diskusjon i Riksscenerådet. Forslag om endring av vedtektene slik at Riksscenerådet også skulle velje styreleiar og kunstnarleg utval, fekk ikkje nok stemmer.

Ein milepæl

NFD tok initiativet til oppretting av Riksscenen i etterkant av Arnestadutgreiinga i 2001. Det har vore ein lang og tidkrevjande prosess for NFD og Norsk folkemusikkformidling, som overtok prosjektet i 2004. Når Riksscena no er etablert som eigen stifting inneber det eit langt skritt vidare i denne prosessen:
.
— Dette er ein milepæl på mange måtar. Eit slik samarbeid mellom folkemusikkmiljøa og dei samiske og fleirkulturelle miljøa har aldri vore gjort før, og dette opnar for mange nye muligheiter, påpeikar NFD-leiaren Åshild Vetrhus. Me gledar oss til å følgja utviklinga og aktivitetane framover, og ser fram til at Riksscenen no blir den nye nasjonale og profesjonelle scenen og møteplassen for sektoren som me har arbeidd for å få til.

Denne arikkelen er opprinnelig publisert hos Folkogdans.no, og kan leses i original form her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.