av:

Publisert:

Del:

Utgreiinga om drift og lokalisering av ei riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo-området er no i sluttfasa, og utvalet har konkludert med at det er ønskjeleg med lokalisering i det nye kulturkvartalet som no er under planlegging i Schouskvartalet på Grünerløkka i Oslo. – Det er no opp til sentrale styremakter å leggja til rette for at denne visjonen kan bli satt ut i livet gjennom handsaminga av kulturbudsjettet i haust, skriv Norsk Folkemusikk- og Danselag på sine nettsider.

Schous-kvartalet
Schous-kvartalet

Av Jan Lothe Eriksen, Norsk Folkemusikk- og Danselag

I dag har Byrådet i Oslo lagt fram sitt forslag til budsjett for komande år, og her går ein inn for at kommunen aktivt skal bidra til ”etablering av et kulturkvartal i tidligere Schous bryggerier på Grünerløkka, med Opplevelsessenter for pop og rock, øvingslokaler for musikk i Vørterhuset, nasjonal Folkemusikkscene samt lokaler for Bårdar danseinstitutt og Oslo musikk- og kulturskole.”

Etter Stortinget si handsaming av Kulturmeldinga 1. april i fjor hadde initiativtakar Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) eit møte med Kulturdepartementet 30. juni 2004, der det blei konkludert med at vidare utgreiing og konkretisering av dette prosjektet skulle leggjast til Norsk Folkemusikkformidling, som er NFD sin formidlings- og arrangørorganisasjon. Etter høyringsmøte om Riksscena 7. september i fjor blei det satt ned eit utval for å konkretisere prosjektet og få fram alternative lokaliseringar. Utvalet består av Maria Høgetveit Berg (leiar, kultursjef i Ål kommune, styremedlem i NFD), Asgaut Bakken (prosjektleiar for Den norske Folkemusikkscena), Stein Olav Henrichsen (kunstnarleg leiar Bit 20 og Opera Vest/ styreleiar i ULTIMA), Benjamin Kehlet (utøvar i Folkedansteatret i Oslo), Unni Løvlid (utøvar/ leiar i Laget for folkemusikk i Oslo og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans), Martin Revheim (gründer for BLÅ og festivalsjef for Kongsberg Jazzfestival). Jan Lothe Eriksen (dagleg leiar for Norsk Folkemusikk- og Danselag) er sekretær for utvalet og prosjektleiar for Riksscenen

Riksscene i Oslo – nav for heile nasjonen

Det er viktig å presisere at denne etableringa ikkje er bygging av nok eit prangande kulturhus – i Oslo, men etablering av ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar innan folkemusikk og folkedans i heile landet, som også omfattar folkemusikk og dans med tilknyting til innvandrarmiljøa i Noreg. Etableringa inkluderer også oppbygging av eit tidmessig og sjangertilpassa produksjonsmiljø som skal gje moglegheiter for kunstnarleg utvikling, styrking av arbeidsmarknaden for kunstnarar frå heile landet, kompetansebygging innan produksjon, scene og formidling for heile sektoren, samtidig som det vil gje fleire og betre opplevingar basert på tradisjonell folkemusikk og folkedans til publikum. Innanfor nøkterne ramar (- om ein samanliknar med kva som er investert overfor andre sjangrar i Noreg) skal Riksscene for folkemusikk og folkedans vera

* nasjonal overbygning for profesjonalisering og kunstnarleg utvikling av folkemusikk og folkedansområdet i heile landet,
* ein motor i utvikling og styrking av tilpassa bransjekunnskap for sektoren,
* eit nav i bygginga av lokale og regionale spelestader og arrangørar, og være eit springbrett mot utlandet og vera med å auke eksporten av levande framsyningar/ konsertar og plateproduksjonar.

Gjennom etablering og utvikling av Riksscena som sentral aktør i samarbeid med Norsk Folkemusikkformidling/ Norsk Folkemusikkatalog (- med nettverket av utanlandskontaktar som Folkemusikkformidlinga har opparbeidd og dei meir enn 120 artistane over heile landet som er tilknytt katalogen), og Den Norske Folkemusikkscena (- og nettverket av arrangørar og spelestader i landet som Folkemusikkscena samarbeider med) får folkemusikken og dansen i Noreg ein sentral arena for utvikling og profesjonalisering

Lokalisering

Utvalet har brukt våren og forsommaren mellom anna til å vurdere fleire konkrete alternative plasseringar/ lokalitetar for ein Riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo-området, og er no klare til å konkludere. Utvalet legg vidare opp arbeidet sitt slik at utgreiinga om etablering og drift av Riksscena (inkl. organisasjonsform og etablerings- og driftsbudsjett) er klar til Stortinget si budsjetthandsaming i haust.

Utvalet ynskjer etablering i nybygg i Schouskvartalet. Men for at dette skal kunne gjennomførast må det føreliggje klarsignal frå staten i løpet av hausten 2005.

Bakgrunnen for at utvalet ønskjer plassering i Schouskvartalet er følgjande:

Schouskvartalet er sentralt plassert i ein del av Oslo der det i er eit stort publikumspotensial. Dette gjeld både publikum med eit forhold til norsk folkemusikk og/ eller folkemusikk frå andre land, samt eit generelt ungt musikkinteressert publikum. Plassering sentralt i Oslo aust gjer også at det ligg godt tilrette for å inkludere innvandrarmiljøa og folkemusikk og folkedans med opphav i desse miljøa sine heimland.

Kommunikasjonsmessig ligger kvartalet særs god plassert med Oslo S og Bussterminalen like ved, og trikkeliner med haldeplass til kvartalet.

Gjennom at det blir lagt opp til fleire etableringar innan musikk- og kunstområdet i kvartalet ligg det til rette for å skape eit aktivt og potent miljø, der me ser fram til å kunne nå nye publikumsgrupper, utvikle nært samarbeid både praktisk, administrativt, pedagogisk og kunstnarleg med andre aktørar, utvikle og samordne felles bruk av uteområda.

Folkemusikkmiljøet sine arrangement i Oslo har fram til nå flytta frå stad til stad utan å finne optimale lokal for sjangeren. I tillegg manglar me ein stad der sjangeren sine eigne behov er styrande både for utforming av bygg og gjennom den daglege bruken. KLP Eiendom er innstilt på å leggje til rette for utbygging av eit moderne, fleksibelt, men nøysamt bygg tilpassa sjangeren sine eigne behov, der både akustiske forhold og romprogram blir lagt opp slik at sjangeren kan få det nasjonale fyrtårnet som det er stort behov for.

Synergi ved samlokalisering

Ved å lokalisere fleire institusjonar i same kvartal ligger det til rette for stordriftsfordelar gjennom samarbeid om merkantile og administrative funksjonar. I tillegg vil det i eit utbygt kulturkvartal i Schouskvartalet liggje tilrette for å skape eit unikt miljø med kontakt over sjangergrenser og mellom ulike kunstnarlege uttrykk som vil få stor positiv verknad for musikk- og kulturlivet i Oslo og i Noreg.

Ved ei eventuell etablering av eit opplevelsessenter for pop og rock i Schouskvartalet ser utvalet ei rekkje moglegheiter for synergi og felles tiltak og prosjekt med Riksscenen. Norsk musikkliv har lange og rike tradisjonar med å utvikle tonalt stoff i spenningsfeltet mellom ulike sjangrar. Fysisk nærheit mellom desse to institusjonane vil bidra til å styrkje den kreative musikkutviklinga, og det vil liggje til rette for samarbeid på ulike områder knytt til ulike produksjonar, konsertar, utstillingar, pedagogiske prosjekter etc.

Etablering av Vørterhuset som lokale for øving og preproduksjon er også noko folkemusikkmiljøet vil dra stor nytte av. Nærheit mellom Riksscena og eit utbygd Vørterhus med øvingsrom for utøvarar både innanfor og utanfor folkemusikksjangeren vil styrkje folkemusikken og dansen spesielt, og gjera sjangeren meir tilgjengelig og gje utøvarar innan andre sjangrar eit meir medvete forhold til folkemusikken og -dansen.

Oslo musikk- og kulturskule har frå hausten 2005 etablert tilbod i folkemusikk. Gjennom fysisk nærheit mellom musikk- og kulturskulen og den nasjonale scena for folkemusikk, der ei rekkje sentrale kunstnarar, instruktørar og tradisjonsberarar innan sjangeren vil vera tilknytt og engasjert, ligg det godt til rette for utvikling av felles prosjekt og aktivitetar til glede for begge tiltaka – og publikum.

Frå utvalet sin side er det ein føresetnad at Riksscene for folkemusikk og folkedans skal vera eit statleg ansvar, og at den nye institusjonen i hovudsak med det vil bli dreven med statlege midlar. Det er vidare avgjerande at drift av lokal og produksjonsressursar for den nye verksemda skal styrast av Riksscena, med eventuell utleige av lokala til andre formål ved ledig kapasitet. Ved å plassere Riksscena i eit område med mykje annan nærståande aktivitet, vil det liggje godt tilrette for slik utleigeverksemd.

Det er no opp til sentrale styremakter å leggja til rette for at denne visjonen kan bli satt ut i livet gjennom handsaminga av kulturbudsjettet i haust.

Artikkelen finnes også på hjemmesidene til Norsk Folkemusikk- og Danselag, og kan leses i sin opprinnelige kontekst på denne siden hos NFD. Her finner du også en rekke nyttige lenker videre i saken.