Denne helga arrangerer ei rekkje akademikarar og utøvarar seminar på Dragvoll i Trondheim om open form. “Mozart, Rachmaninoff, Grieg – de har lenge stått som selvsagt repertoar hos instrumentalister”, skriv Else Olsen S i ei pressemelding. “Nå er det en revolusjon i emning – i John Cages ånd. Vi vil slippe interpreten løs og frigi ny musikk. Brenn alle svarte notehoder og lange notelinjer – leve den åpne form!”

Else Olsen S. 2006, © Elisabeth Tønnesen

Av Ida Habbestad

Førstkomande helg samlast ei gruppe unge utøvarar og akademikarar for å halda seminar om open form – verk som hovudsakleg finst i tradisjonen etter John Cage, Morton Feldmann, Earle Brown, David Tudor og Christian Wolff – der notasjonen er grafisk. Else Olsen S. skriv om open form:

“Åpen form er verk hvor mange av de valg som tradisjonelt har tilhørt komponisten, blir overlatt til utøveren. Dermed fjernes unødvendige begrensninger og den sanne interpret får slippe til. Utøverne trenger helt andre metoder og teknikker enn det som tilbys i den tradisjonelle instrumentalutdanningen, og står dermed ovenfor en rekke andre utfordringer i tillegg til de utfordringer tradisjonelle verk krever.”

Bak arrangementet står Mia Göran (stipendiat Universitetet i Oslo) Guro Rønningsgrind (stipend NTNU), Magnus Andersson (musikkskribent, kritikar i Morgenbladet), Andreas Engström (stipendiat Universitetet i Stockholm), Tora Ferner Lange (musikar) og Else Olsen S. (musikar).

Utøvarane vil òg vera kunstnarar!
Kvifor set de fokus på denne forma, Else Olsen S.?

— Det handlar om at eg, når eg etter å ha gått gjennom ein lang, traust utdanning som klaverutøvar, sit att med eit ynskje. Det er noko eg ikkje får sagt når eg spelar dei gamle verka – som eg jo elskar. Det er noko anna eg får utløp for, når eg spelar verk med open form – eg får brukt utøvaren i meg sjølv.

— Hjå utøvarane i interpretasjonen av den klassiske tradisjonen kan du høyra flotte tolkningar, som alle er så godt som like. Dette er ein motreaksjon, no treng me interpretasjon. Me treng ikkje meir kopiering.

Korleis ynskjer ein dette gjort?

— Eg er oppteken av interaksjonen mellom komponist, verk og utøvar. Utøvarane vil òg vera kunstnarar; me vil òg skapa. Men dette krev andre teknikkar enn det me er opplærte til. Det krev at ein kan improvisera og at ein kan tenkja kompositorisk, slik komponistane vert lærte opp til. Dette inngår ikkje i nokon utdanning me har, sette ovanfor dette kjem ein til kort – utøvarane får det ikkje til, og så vender dei attende til Schubert igjen.

Utdanningsinstitusjonane innstilte på den gamle tradisjonen
I utspelet frå dykk høyrest det ut som dette i hovudsak er ein kritikk av komponistane, men for meg høyrest det ut som dette like gjerne er ein kritikk av utøvarrolla?

— Ja, rolla til utøvaren treng å utviklast. Eg kunne godt ynskja meg meir samarbeid mellom utøvar og komponist, komponistane gløymer ofte at det er mange ressursar i ein utøvar. Men det er for så vidt ikkje komponisten sin feil – for det er nesten ingen utøvarar som held på med open form, i forhold til kor mange som held på med vanlege verk. – Kva for klassiske utøvarar er det som kan improvisera i dag? For å spela denne typen musikk, krevst teknikkar me ikkje får i utøvarutdanninga. Og kven er det som orkar å ta komponistutdanning i tillegg til utøvarutdanning? Det tek lang tid, og det er dyrt, du må vera ganske glad i å vera fattig då.

Så det er kanskje hjå utdanningsinstitusjonane du meiner problemet ligg?

— Ja, utdanningsinstitusjonane me har er innstilte på den gamle tradisjonen – om du spelar Prokofiev er du hip og kul og spelar nye ting.

Open form ein neglisjert tradisjon
Kva mener du at burde gjerast?

— Me må jobba for at interpretasjonen vert ein naturleg del av opplæringa. Det er utømmelege høve i forhold til pedagogikk og barn. Det er mykje lettare å få fram det kompositoriske i ungane om dei spelar slike verk. Ein må byrja i det små, med dei små. Men først må lærarane kunna det. Ein treng ressursar, no har me byrja ein prosess som forhåpentlegvis vil utvikla seg og bera fruktar. Me treng ny musikk no!

Meiner du at dette er ei form eller tradisjon me ikkje har i dag?

— Konturane av han finst, men det er meir det at du kan finna innspelingar her og der. Open form tilhøyrer ein tradisjon som er neglijsert. Alle snakkar om barokkmusikken og dei gamle stilartane som vår kulturarv som me må ta vare på. Så snakkar ein om 1960-talet, tradisjonene som Cage representerte, den ler me heller litt av. Det er ingen som har spesialisert seg, det er ingen utøvar som har gjort noko forskingsarbeid på dette. Dokumentene ligg der frå Cage, men det er ingen som nyttar dei. Det er utøvarne sitt ansvar.

“Musicircus”
Under samlinga som foregår i Trondheim fredag til søndag vil dei involverte utøvarane og akademikarane halda foredrag med utgangspunkt i sine arbeid med Christian Wolff. Det vil òg verta foredrag ved Stephen Montague og Lars Gunnar Bodin. Adeaforon spelar Christian Wolff og John Cage, og som avslutningskonsert vert Cages gigantverk “Musicircus” framført med over 70 musikarar.

— “Musicircus” er ein type happening/konsert/teater/sirkus, som vart framført første gang i 1967, forklarer stipendiat ved NTNU, Guro Rønningsgrind:

— Verket har ikkje noko partitur, Cage såg det som noko han igangsette meir enn eit stykke han hadde skrive, men konseptet er at ein inviterer mange utøvarar (både musikarar og dansarar) til å framføra sine program under same tak. Utøvarane er plassert spreidt omkring, og publikum får vandra fritt og utforska sjølve.

— Cage var inspirert av at det kunne spegla ein slags anarkistisk utopi: at mange uavhengige aktørar som ikkje hadde ein dirigent eller eit felles organiserande prinsipp likevel kunne skapa ein heterogen harmoni, seier Rønningsgrind.

“Cage-klubben” har alt møttest fleire gonger og hatt felles samarbeid om verka i Cage-tradisjonen. Kva er så planane vidare?

— Me vil framleis møtast og utvikla kunnskap. Så, i næraste framtid planlegg me ein festival. Me har invitert Christian Wolff til å komma – men me veit ikkje ennå om det vil skje. Å få ein stor amerikansk pioner kostar, seier Olsen S:

— Så me vonar at me kan påverka nokon som har tilknytning til institusjonane, så dei ser at dette er noko me må få inn. Dette er ei vinning for heile musikk-Noreg!

Programmet for helga:
Fredag 21. april: foredrag kl. 14.15.-17.00 Dragvoll, Aud 7
Lørdag 22. april: foredrag frå kl. 10.00, Dragvoll, Aud 7
Laurdag 22. april: Konsert kammersalen Olavshallen kl. 20.00
Søndag: Avslutningskonsert Dragvoll kl. 17.00, framføring av Musicircus av John Cage, med omlag 70 utøvarar

Publisert:

Del: