ANMELDELSE: Raga Bansal har dyktige musikarar og elegant sjangerblanding. Men skulekonsertformatet set sine grenser for kva det er mogeleg å gjera, og kanskje kan det vera like greitt å droppe ord og forteljing og halde seg til det ein kan best?

© Lars Opstad / Rikskonsertene

Av Tori Skrede

Desse spørsmåla kan vera aktuelle etter mange skulekonsertar, og dei trengde seg og på etter at eg hadde vore på skulekonserten Raga Bansal på Høvik skole i Lier ein torsdag i mars. I Raga Bansal er det den indiske ragaen som står i sentrum, det gjeld både konserten og trioen til fiolinisten Harpeet Bansal, som har med seg norske Andreas Bratlie på tablas og tjekkiske Vojtech Prochazka på piano.

Med denne samansetjinga av musikarar vert dei indiske toneuttrykka blanda med meir vestleg orienterte klangar frå kunstmusikk og jazz, og saman vever dei fine musikalske bilete der dei indiske klangfargane heile tida ligg langt framme. Pianoet supplerer med moderne improvisasjons- og kunstmusikk (om det er nokon forskjell på dei to!), og kombinasjonen er god.

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Litt lange strekk
Tidleg i konserten introduserer ein av musikarane at: ”Vi er i kong Akbar sitt slott. Vi har fått i oppdrag å spille ragaer.” Så startar dei med ein morgonraga som er roleg i uttrykket og full av skildrande morgonstemning. Harpeet Bansal står i sentrum, og ungane likar det dei høyrer. Det kjem ingen voldsomme kræsj eller uventa samanstillingar som får oss til å tenkje ”wow, her har vi eit heftig møte mellom kulturar og to typar musikk”, men det er ein fin kombinasjon av ein type folkemusikk og vestleg improviasjonsmusikk — til tider er det svært vakkert. Musikarane spelar framifrå, og ungane i salen er med, sjølv om det blir meir uro i rekkene når nokre av dei musikalske strekka varar i overkant lenge.

Med denne morgonragaen skjøner vi at det finst ulike typar ragaer knytt opp mot ulike naturfenomen, stemningar og hendingar, og dette kjem til uttrykk gjennom musikken gjennom den heilskaplege karakteren, tempo og musikalske rørsler i det heile.


Andreas Bratlie, Vojtech Prochazka og Harpeet Bansal kombinerer indiske toneuttrykk med meir vestleg orienterte klangar. Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene

Lite pedagogikk
For nokre år sidan ga Rikskonsertene ut boka ”Bruk konserten” der både reflekterande artiklar og konkrete opplegg syner korleis ein kan setje skulekonserten inn i større samanhenger og knytte han opp mot aktuelle mål i læreplanane. Eit opplegg frå denne boka er og lagt ved konsertinformasjonen til Raga Bansal, og der kan ein finne tips til korleis ein kan drøfte med elevane kva dei, i eit høve som dette, lærer om landet musikken kjem frå og kva for musikalske særdrag ein finn i denne musikken. Bruk konserten! er ei særs god bok, og eg er overtydd om at elevane vil kunne skjøne mykje meir av både kulturen og det musikalske innhaldet om dei får høve til å drøfte det etterpå.

Les også: Treffsikre beats fra Timbuktu og Amina Sewali

Om elevane på Høvik skole fekk det veit eg ikkje, men ein lærar eg snakka med før konserten vedgjekk at dei ikkje hadde hatt tid til å førebu seg så mykje på førehand. Men uansett står skulekonserten som kunstnarleg produkt åleine¸ og her er rammeforteljinga at musikarane prøvespelar raga-repertoaret sitt for kong Akbar. Kong Akbar er ikkje å sjå, men røysta hans runger over lydanlegget. Musikarane er kledde i indiskinspirerte klede, men elles er det ikkje så mykje som gjer dei til anna enn musikarar på spelejobb. Dei har nokre raude klede hengande i bakgrunnen, men det er og det einaste som er av kulisser og scenografi.

Tynn historie trekk ned
Men her dett eg litt av. For kva er vitsen med å ha ein stemme over anlegget som kommanderer ”Spill fort!” eller ”spill fortere? I realiteten er Kong Akbar berre ein type forteljar eller konferansier, og musikarane gjer det han ber dei om. Kanskje hadde det vore like greitt at ein av dei hadde teke nettopp den rollen framfor å bruke ei historie som er alt for tynn.

Les også: Verdien av en sjanger

Den einaste gongen det skjer noko dramatisk, er når pianisten fortel at den neste ragaen er magisk. Då tek han plutseleg fram eit melodika og spring rundt mellom publikum og spelar rett opp i andletet på ungane. Då stig temperaturen, ungane ler og når dei etterpå spelar eldragaen som set fyr på slottet blir det liv og røre i salen. Men straks etterpå finn musikarane ut at dei små spela ein regnraga for å sløkkje brannen. Publikum blir med og lagar regnlydar med munn og fingrar. Lydbiletet vert fint, og dette et utan tvil noko ungane har vore med på før og skjønar seg på.


Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene

Ungane ser nøgde ut, og det er jo dei konserten er meint for. Det er mykje fin musikk å høyre, ikkje minst når musikarane får tempoet opp i ein raskare raga i tredelt takt og i festragaen til slutt. Men likevel er det noko som skurrer i meg over denne lettbeinte omgangen med forteljinga og det sceniske uttrykket. Sjølv lengtar eg etter fine kostyme, dans og fint lys. Skal ein først vera i kong Akbar sitt slott må ein kunne vente seg meir enn dette.

Skulekonsertane til Rikskonsertene har sine rammer, og det blir tydeleg her. Det er sjølvsagt ikkje praktisk mogeleg å ha med ein ekstra dansar og kulissar som treng å riggast opp og ned. Men kanskje det hadde vore råd med litt meir spenstige replikkar, i det minste? Her verkar det som historia er noko dei har koka i hop i full fart berre for å binde musikken saman.

Klassisk dilemma
Eg meiner Raga Bansal viser mykje av det som kan vera skulekonsertane til Rikskonsertane sitt dilemma: Praktiske forhold set ein del rammer for kva det er mogeleg å gjera. Det fine med dette er nettopp at det godt går an å ha ein vellukka konsert med berre tre musikarar. Men det er kanskje ikkje rom for så mykje anna enn å spela, i alle fall ikkje å gjera det godt? Resultatet i Raga Bansal blir dessverre at resten av framsyninga står langt tilbake for det høge nivået på musikken, og rammeforteljinga trekk det det kunstnarlege innhaldet i heile framsyninga ned. Og då gjer vel musikarane seg sjølve ei bjørneteneste?

Raga Bansal
Med Harpeet Bansal, fiolin, Andreas Bratlie, tablas og Vojtech Prochazka, piano
Produsent: Ingrid Kindem
Høvik skole, Lier, torsdag 3. mars

Publisert:

Del: