Frå Valdres meldest det om stor oppfølgjing av årets stemne. Med 9000 publikummarar er ny rekord satt.

Jørn Hilmestemnet 07/Foto: www.hilme.no

Det samla talet besøk på arrangementa under folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet i Valdres, landa i år på 9000. Dette er 1500 fleire enn i fjor og ny publikumsrekord. Både konsertar, dans, kappleik og kurs har trekt mykje folk. Mange fekk med seg tingingsverka /Bastard/ (m.a. dansaren Hallgrim Hansegård, musikarane Frode Haltli, Rolf-Erik Nystrøm og Terje Isungset) og/ Som lilja rein /(Marit Mattisgard, Berit Opheim, Aage Kvalbein og Håkon Asheim/). /Godt besøkt var òg fjellkonserten med Karl Seglem, Andreas Ljones, Rune Tylden, Mattisgard og Opheim og konserten med Valkyrien Allstars og Lillebjørn Nilsen.

Dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, Solveig Hårdnes, er svært nøgd med årets festival.

— Folk trivst på Jørn Hilme-stemnet. Vi har tilbod til eit breitt publikum, og får tilbakemeldingar om at vi held svært høgt nivå både på den tradisjonelle og den nyskapande delen av programmet. Talet på arrangement og besøkande er mykje høgre enn tidlegare, men takk vera ein stor frivillig innsats, har den tekniske gjennomføringa av festivalen glide svært godt, seier Hårdnes.

Dette i følgje ei pressemelding.

Publisert:

Del: