KONSERTMELDING: Urframføringa av Ricardas Kabelis nye verk hadde ei fascinerande påverknad på publikum. ”Gjennom forløpet breidte det seg ei tiltakande uro mellom tilskodarane, og eg er overtydd om at me var fleire som lenge reflekterte over alt anna enn musikken; tanken krinsa kring vonde stolar, kviskrande damer på raden bak, mi eiga etterkvart ubendige rastløyse”, skriv Ballades utsende om konserten.

Ricardas Kabelis/Foto: Arunas Baltënas

Av Ida Habbestad

Første konsert i serien ”Nytt fra Norden” besto av to tredelar Beethoven
pluss ein del ny musikk av Racardas Kabelis.

Dette skeive blandingsforholdet var til å undrast over, særleg sidan Kabelis’
namn var overskrift på konsertprogrammet. Men sidan verket åt sistnemnde
gjorde mykje av seg, var det kanskje med hensikt at verk frå kjernerepertoaret
sto før og etter – under overskrifta av det nye.

Gåtefull og minimal

Litauiske Ricardas Kabelis er ukjend for mange i Noreg, men vart i festspelprogrammet
introdusert som ein av dei mest radikale og gåtefulle skikkelsar i sitt
lands musikkliv.

”Hvordan takler han oppgaven å skrive en komposisjon for de tradisjonstunge
mediene hardingfele og strykekvartett?” spurte artikkelforfattaren i presentasjonen
av han, og svaret er kanskje: Med total opposisjon mot tradisjonelle forventningar.

For som andre komposisjonar av Kabelis, der framhevinga av eitt musikalsk
parameter (og utelukkinga av dei øvrige) står sentralt, hadde også dette
verket eit minimalistisk utgangspunkt. Enkle akkordar, repetert med små
variasjonar og med korte pauser mellom, er raskt oppsummert kva Engegårdkvartetten
og Nils Økland fekk å bryna seg på.

Nothing to say

’Cage-liknande’, kunne ein tenkja om Kabelis’ verk. Fritt for nokon
openbar progresjon eller dramaturgi, var assosiasjonen der til det kjende
utsegnet: ”I have nothing to say, and I am saying it (and that is poetry)”.
I dette tilfellet kunne ein kanskje lete Kabelis seia: ”I have nothing
to say and I am saying it – over and over”.

Som i Cages ”4’33” – spora me dessutan den største (og kanskje eigentlege?)
utviklinga ute i salen. Gjennom forløpet breidte det seg ei tiltakande
uro mellom tilskodarane, og eg er overtydd om at me var fleire som lenge
reflekterte over alt anna enn musikken; tanken krinsa kring vonde stolar,
kviskrande damer på raden bak, mi eiga etterkvart ubendige rastløyse –
som i dette tilfellet hadde eitt mogleg utfall: å lata att augo, freista
stengja alt dette andre ute.

Misbruk av hardingfela?

Og me lot oss så gjerne provosera; av Kabelis fråverande forsøk på å meddela,
og endå meir av hans nærast meiningslause bruk av hardingfela. Den hadde
eit einaste enkelt oktavsprang å framføra, klimpra nedanfrå og opp, igjen
og igjen.

For ein nordmann er dette uhøyrt. Kvifor nytta Kabelis ei hardingfele slik?
Skulle han ikkje la seg inspirera av understrengane, av den særeigne klangen?
Kvifor kasta vekk ressursar ved å invitera ein storleik som Nils Økland
til å klimpra eit enkelt intervall?

Uortodoks provokasjon

Denne forma for provokasjon virka fascinerande i ei tid der me går mann
av huse for å få med oss alle dei heftige verkemiddel i Calixto Bieitos
”Brand”.

Hjå Bieito er overgrep, narkovrak, munnsex, avkutta tunger og alle slags
kroppsvæsker ein sjølvsagt del av uttrykket. Kabelis’ nye verk rørde ikkje
ved slike tabubelagte grenser; provokasjonen låg i noko anna. Musikken
underheldt oss ikkje, den hadde ikkje noko på hjarta, men overlot til oss
å tenkja sjølve – på ingenting.

Dét likte me dårlig. Me ville reisa oss og gå (men turde det ikkje), og
reagerte med høfleg distansert applaus då komponisten kom opp for å få
sin blomekvast.

Men var det dermed eit dårleg verk?

Etter denne første framføringa, er ikkje dét godt å seia. Uansett må det
ha vore ei kraftanstrenging for musikarane, som med sitt statiske forløp
og urolege publikum gjennomførte med imponerande vilje og ro.

Kva provoserer mest?

Så er det kanskje ikkje så rart at Engegårdkvartetten avslutta med ein
Beethoven som var kaotisk og lite polert; og der ensemblets frontfigur
i forsøket på å formidla det ytterste, nok bikka over frå det energiske
mot det ukontrollerte.

Konsentrasjonen heldt ikkje til siste slutt – og inntrykket av at profesjonaliteten
slapp tak ved vegs ende vart forsterka ved introduksjonen til første ekstranummer.
”Nå skal vi spille litt mer finsk samtidsmusikk, hehe”, sa andrefiolinisten.
Spøkefullt sjølvsagt; for heldigvis slapp me meir av det ubehagelege, og
fekk servert smektande tango i staden.

Same kor uskuldig dette utsegnet var, låg innbakt i det ei avstandstaken
frå verket som tidlegare var urframført. Den imponerande respekten som
musikarane hadde synt vart forsiktig prella vekk. Dei spende bein på si
eiga, bunnseriøse framføring, og styrka vår mistanke: Dette var ikkje eit
verk som held mål.

Men kan ein konkludera så enkelt? Veit me nok om Kabelis verk etter ein
gongs gjennomlytting til å slenga det i haugen av ikkje interessant musikk?

Eg er som sagt ikkje sikker.

Men då me nokre augeblikk etter, lettare til sinns forlot Håkonshallen,
var det uansett med ei underleg kjensle av at utøvarane heller fridde til
oss enn til si eiga opptreden.

Nytt fra Norden – Ricardas Kabelis

Med Engegårdkvartetten og Nils Økland

Verk av Beethoven og Kabelis

Publisert:

Del: