Forfattar Stig Nilsson har i biografien “Prots – trollmann med kor” teikna eit portrett av dirigenten, pedagogen og kulturmiksaren Per Oddvar Hildre. Ballade vidarebringer her eitt av kapitlene frå den nye boka, der Prots fortel om korleis hans eksperimentering med musikalske uttrykk i kyrkja vakte sterke reaksjonar, i Noreg og i utlandet. – Når eg i dag ser tilbake på dei reaksjonane vi møtte, ser eg at dei paradoksalt nok var til stor nytte for oss, fordi dei tvinga oss til å tenke gjennom ein gong til kva vi gjorde, og til å kunne argumentere for det. Det har også lært meg at ein aldri skal stole blindt på autoritetane, men ha stort frimot når ein har tru på noko, seier Hildre i samtale med forfattaren.

Per Oddvar Hildre 2006

Av Stig Nilsson

I dag legg knapt nokon organist seg borti kva for instrument ein utøvar bruker i kyrkja. Verken kyrkjemusikken eller folkemusikken er lenger så prega av tradisjon og konservatisme, det blir blanda og miksa både her og der, både musikkarrangementa og instrumentbruken er meir eksperimentell både i og utanfor kyrkjene. Det er også blitt heilt vanleg å applaudere under og etter kyrkjekonsertar.

Kyrkjebråket på 1970- og 1980-talet har ikkje Prots sjølv alltid tatt så tungt. Men reaksjonane frå det han kallar ”skikkelegheita” skapte mykje irritasjon både hos han og samarbeidspartnarane hans.

Noko av det gjekk innpå han:

— Eg hugsar rett nok ingen som blei direkte lei seg av dette, men vi var både frustrerte og sinte, særleg fordi vaksne folk ikkje kunne skilje skit og kanel. Vi meinte kritikarane burde sjå at vi hadde ein bodskap, og at det var god musikk det vi serverte, for det var det! seier Prots.

Han liker at det kom nye grupper til kyrkjerommet. – Det er då ikkje så farleg med dei som tilhøyrer kyrkja frå før. For meg er det eit poeng: Eg trur vi også fekk folk som var rekna som kyrkjeframande, til å oppsøke kyrkja. Dessutan har eg grunn til å tru at mange av dei som var i kyrkja frå før, sette pris på mykje av det vi gjorde. Alle konsertane, alle platene, alt vi gjorde, fekk for det meste positiv respons frå både publikum og presse, seier Prots.

— Vi brukte musikk for å spreie bodskapen på ein annan måte. Musikk er jo i seg sjølv eit kommunikasjonsmiddel som dei fleste av oss forstår. Uansett livssyn. Teksten denne musikken blir framført saman med, bør ha ein bodskap som eg kan stå for, men som folk sjølve kan velje avstanden til. Likevel kan dei like musikken. Det kan nemleg hende at dei som liker musikken, interesserer seg for teksten seinare. Då har vi vel trekt til oss nye grupper også til den bodskapen vi vil spreie, slik eg ser det. Det må då vere bra, seier Prots.

— Men eg rekna nok med at det blei reaksjonar. Det blei det i utlandet også, faktisk. Desse eksperimenta med å bringe saman forskjellige musikksjangrar fall til dømes ikkje heilt i god jord i New Orleans heller, så seint som på slutten av 1980-talet.

SKRUK og Ytre Suløen turnerte i USA sommaren 1986 og konserterte i mellom anna New Orleans.

— At vi kom til kyrkjer i New Orleans med korsong og tradjazz, var ikkje på sin plass. Tradjazz har vore rekna som horehusmusikk der, eller Red Light Music, som det heiter. Vi blanda saman denne jazzen med kristen gospelmusikk. Fleire unnlét å kome til konsertane våre der borte av den grunn, fortel Prots.

Bakgrunnen for denne reaksjonen er at jazzmusikarar frå tida før 1900 ofte fekk dårleg betalte spelejobbar i horehusa. Det var ikkje så mykje arbeid å få for mange musikarar. Uttrykket jazz kom på folkemunne til å bety samleie. Når denne musikken trengde seg inn i kyrkjene og blanda seg med kyrkjemusikk, er det ikkje vanskeleg å forstå at protestar kom for dagen.

— Her heime var det også skepsis til at denne musikken blei dratt inn i kyrkja, seier Prots. – Og reaksjonane mot for eksempel applausen som følgde denne musikken, kom ikkje berre frå kyrkje- og bedehusfolk, men også i sterk grad frå folk som ikkje rekna seg som typiske kyrkjegjengarar. Musikkformene vi drog inn i kyrkja – og måten vi framførte dei på – braut med det folk var vane med å høyre i kyrkjerommet og på bedehuset.

— I tillegg hadde vi denne musikalske konflikten mellom kyrkje og bedehus, eller det høgkyrkjelege og det lågkyrkjelege, som vi blei ein del av.

— I Ålesund kyrkje nekta organisten oss mellom anna å framføre den religiøse tonen ”Akk, mon min vei”, frå plata Av moll er du komen til dur skal du bli, fordi det flotte arrangementet Henning Sommerro har gitt songen, blei sagt å ikkje halde mål! No har snart alle hatt denne songen og dette arrangementet på repertoaret.

Fleire andre som opptredde på konserten hugsar at det var til dels høg temperatur knytt til strykingar som organisten skal ha gjort på repertoarlista. Hendinga førte mellom anna til hissig debatt på eit styremøte i SKRUK.

— Nokre kyrkjefolk reagerte også på den tredje plata til SKRUK, Smykker fra bedehuset, som kom i 1979, fordi vi plukka ut nettopp dei songane som kom frå det lågkyrkjelege miljøet, det vil seie songar frå bedehusa – som ikkje var rekna for å vere bra nok for kyrkjene, seier Prots.

— Når eg i dag ser tilbake på dei reaksjonane vi møtte, ser eg at dei paradoksalt nok var til stor nytte for oss, fordi dei tvinga oss til å tenke gjennom ein gong til kva vi gjorde, og til å kunne argumentere for det. Det har også lært meg at ein aldri skal stole blindt på autoritetane, men ha stort frimot når ein har tru på noko.

Skribenten Andreas Hompland har eit perspektiv på kva det var Prots prøvde å gjere noko med. I ein artikkel i Dagbladet ved song- og salmediktaren Trygve Bjerkrheims død (1904–2002), skriv han at SKRUK på slutten av 1970-talet løfta bedehusets åndstradisjon med folketonar inn i den kyrkjelege kulturverkstaden med nettopp platene Av moll er du komen til dur skal du bli og Smykker fra bedehuset. Hompland skriv at ”mens bedehuset hadde svenske svisker som `Blott en dag` – sjølvsagt omsett av Trygve Bjerkrheim og i våre dagar framført av Carola Bibelstrip, hadde folkekyrkja danske Brorson og Grundtvig – tynga av seige orgeltonar”.

— I den gamle bedehustradisjonen fanst der mange smarte melodiar og gripande tekstar som hadde vore utestengde frå kyrkjerommet fordi dei ikkje var rekna for å halde mål, seier Prots. – Vi tenkte at det kunne vere spennande å få nokre av våre mest anerkjende komponistar og musikarar til å arrangere desse smykka for kor a cappella. Dette førte mellom anna til at bedehussongen ”Navnet Jesus” blei ein hit på Ønskekonserten og blei populær hos mange fleire enn før. Og desse songane blei stovereine i kyrkjerommet. Nokre av dei har også blitt akseptert som songar i salmeboka.

Mange av desse bedehussongane tok altså også kyrkjefolk no til å like. Dei møtte opp på konsertane til SKRUK i hopetal, dei kjøpte etter kvart hundretusenvis av plater. Prots trur noko av forklaringa på dette var nettopp bruken av tunge arrangørnamn som frå før var høgt akta i kyrkjekrinsar, som Knut Nystedt, Harald Herresthal, Trond Kverno og Per Inge Almås.

Erik Hillestad er einig:

— På denne måten har Prots og SKRUK vore ein viktig del av møtet mellom kyrkja og bedehuset. Prots bidrog til å bryte ned skilje her. Han brukte dei lågkyrkjelege bedehussongane og løfta dei inn i salmeboka og bygde rett og slett bru mellom kyrkje og bedehus, meiner Hillestad.

— Eg har aldri forstått kvifor religiøs musikk frå bedehuset ikkje har vore rekna som seriøs nok for nokre i kyrkja, seier Prots. – Eg synest også mykje av det som kom ut av samanblandinga av til dømes gospel og tradjazz, har utvida den musikalske horisonten til kyrkja, meiner Prots.

Slik har det nok også gått, meiner andre.

For komponisten og musikaren Henning Sommerro var miksen av sjangrar mykje meir eit musikalsk prosjekt, eit opprør mot vedtatte måtar å arrangere musikk på.

— Det har skjedd utruleg mykje på 25 år. Eg hugsar eg var glad for å få frie hender av Prots. På Av moll er du komen til dur skal du bli var det eg som plukka melodiane og arrangerte dei for kor, orgel, keyboard, trommer og bass. Det blei eit heftig prosjekt. Av og til stakk det litt at folk kritiserte det vi gjorde, men all kritikk bygger jo på den ståstaden ein sjølv har, så eg tenkte stort sett: Dei får meine kva dei vil, det eg gjer er riktig for meg, seier Henning Sommerro.

Slik såg koristane i SKRUK det også.

Andre del av dette kapittelet vert publisert i morgon.

Publisert:

Del: