Fire nye tilsette ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på campus Rauland, USN.

Unni Boksasp, © boksasp.no

Frå januar 2018 har campus Rauland fått fire nye tilsette. Alle fire er aktive og profilerte musikarar. Målet er at deil vil sette kvart sitt preg på instituttet med nye tankar og praksisar rundt tradisjonsmusikk, skriv skulen på eige nettside.

Dei fire er:
Anders Erik Røine (f. 1971) frå Bø/Groruddalen er tilsett som ph.d.-stipendiat i doktorgradsprogrammet i kulturstudier med prosjektet «En utforskende studie av spilleteknikk på norske slåtteinstrumenter med utgangspunkt i langeleiken» med oppstart 1. januar 2018. Røine er aktiv som musikar, komponist, produsent og lydteknikar, og er m.a. kjent frå den kritikarroste duoen Sudan Dudan. I 2016 vann han Spellemannprisen i kategorien «Folkemusikk/tradisjonsmusikk» for utgjevinga «Kristine Valdresdatter», og i 2017 vart han utnemnt til «Årets folkemusikar» på bransjefestivalen Folkelarm. Røine har utdanninga si frå Universitetet i Bergen (Cand.philol. i etnomusikologi), tidligare Høgskolen i Søraust-Noreg, avdeling Bø (kulturarbeid), og har sjølv teke folkemusikkstudia i Rauland.

Unni Boksasp (f. 1972) Boksasp er musikar, komponist og arrangør frå Tingvoll, no busett i Tinn i Telemark. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solo kvedar, i ulike ensemble, som pedagog, komponist og folkedansar. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå tidligare Høgskolen i Søraust-Noreg, avdeling Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho mottok Spellemannsprisen for plata «Keramello» i 2011 ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble og vann eliteklassa i vokal folkemusikk på Landskappleiken – klasse A – både i 2010 og i 2011.

Magnus Soltvedt Wiik (f. 1985) Wiik er ein gitarist/multi-instrumentalist frå Trondheim med bakgrunn frå jazz, rock, irsk, amerikansk og norsk folkemusikk. Han er mykje brukt som freelance-musikar, og har opp gjennom åra vore bandleiar i ei rekke band. Magnus er også svært aktiv som komponist, og har gitt ut åtte plater kor han figurerer som hovudkomponist. I tillegg har han mottatt ei rekke stipend for sitt verke som musikar, seinast i form av Geir Digernes minnepris (2015). Wiik har bachelorgrad frå jazzlinja ved NTNU, og mastergrad i improvisert musikk/jazz frå Norges musikkhøgskole.

Laura Ellestad (f. 1982) er tilsett som nestleiar ved instituttet. Ellestad er ein prisbelønt kanadisk hardingfelespelar med røter i Valdres. Ho har bachelorgrad i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet (2012) og mastergrad i utøving frå Norges musikkhøgskole (2014). I 2014 kom ho med si fyrste soloplate, «Valdresspel i Amerika», som vart nominert både til Spellemannsprisen og Folkelarmprisen. Ho har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt som musikar, m.a. Torleiv Bolstads minnestipend (2009) og «Ole Bull Scholarship» frå Hardanger Fiddle Association of America (2005). I 2014 vart ho den fyrste hardingfelespelemann frå Nord-Amerika til å kvalifisere seg til eliteklassa – klasse A – på Landskappleiken. I tillegg til stillinga ved USN er ho tilsett som doktorgradsstipendiat ved Norges musikkhøgskole, kor ho forskar på det norsk-amerikanske folkemusikkmiljøet i Midtvesten i USA.

Publisert:

Del: