Hilde Bjørkum heidra med internasjonal pris for sitt arbeid med å løfte europeisk folkemusikk.

Hilde Bjørkum, © Oddleiv Apneseth

Tidlegare direktør i Førdefestivalen, no kommunaldirektør for kultur og idrett i nye Sunnfjord kommune, Hilde Bjørkum, mottok sist helg ein internasjonal pris i Budapest, BUDAPEST RITMO AWARD, melder Førdefestivalen. Prisen går kvart år til ein person som har bidratt med eineståande innsats for det globale verdsmusikk-miljøet og for musikklivet i sentral- og aust-Europa.

– Eg er overraska, beæra og audmjuk over å motta Budapest Ritmo Award 2019, sa Hilde Bjørkum då ho mottok prisen laurdag 5. oktober.
– Det å være i selskap med store prisvinnarar som Ben Mandelson og Simon Broughton er heilt utruleg! Eg har alltid hatt og vil alltid ha eit stort hjarte for musikken frå sentral- og aust-Europa, med all sin variasjon, vidunderlige energi, spanande rytmer og heilt fabelaktige musikarar. Eg vil rette ei stor takk til juryen og til arrangørane av Budapest Ritmo-festivalen, som gjer ein enorm jobb for musikken i regionen, og som alltid har tatt meg så varmt i mot og vore strålande samarbeidspartnarar og vertskap.

Det er berre to personar som har motteke prisen før: Simon Broughton, redaktør i magasinet Songlines, og Ben Mandelson, grunnleggar av den internasjonale festivalen og møteplassen WOMEX.

Les meir på nettsida til Budapest Ritmo-festivalen.

Publisert:

Del: