Tirsdag gjekk Sogn og Fjordane sin kulturpris til rockfestivalen på Eid.

© Jeanette Løvoll

Malakoff er arrangert sidan år 2003 i Eid kommune, med i underkant av 6000 innbyggjarar. Publikumstalet har utvikla seg fra 650 besøkjande i 2003 til over 20 000 i 2013.

Les også: Totalpakken viktigere enn program

I 2004 og 2005 vart festivalen kåra til årets festival av Norsk Rockforbund, og i år mottok festivalen Sogn og Fjordane sin kulturpris.

– Festivalen er stadig på jakt etter nye, spennande og kreative utøvarar, som kan gjere festivalen endå meir attraktiv for målgruppa. Dei har eit vake blikk mot unge nyetablerte artistar, som gjennom Malakoff får ein arena dei kan bruke for å nå ut til eit nytt og større publikum. Dette er musikalsk entreprenørskap av vital betydning, sa eiar i hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, til prisvinnarane.

Les også: Nøktern, engasjert, bærekraftig

Dagleg leiar Arnt-Ivar Naustdal og ansvarleg for marknadsføring, Gunn Guddal, mottok prisen på 50 000 kroner i fylkestinget i Leikanger.

Publisert:

Del: