Prinsesse Märtha Louise har takka ja til å foreta den offisielle opninga av Telemarkfestivalen i Bø torsdag 1. august 2002. Slottet stadfesta dette overfor Telemarkfestivalen onsdag. – Dette er svært gledeleg og ei stor ære for oss, melder festivalleiinga. Fredag vart det kjend at Gåte spelar på festivalen.

Gunnhild Eide Sundli, Gåte

Prinsessa skal gjeste Bø i Telemark i samband med opningskonserten torsdag 1. august. Prinsesse Märtha Louise imponerer med sitt engasjement for forteljinga og eventyret – noe som har ført til at mange har fatta ny interesse for eventyra våre.

Eventyr- og forteljartradisjonen har djupe røter i Telemark. Mange av våre mest kjende eventyr har sitt opphav i denne delen av landet. Telemarkfestivalen har hatt dette som tema i ulike samanhengar, men ønskjer nå å fokusere meir på forteljinga og eventyret som berande element i ein felles internasjonal kulturarv. Årets festival vil by på fleire programinnslag der eventyr og forteljartradisjonen vil stå i fokus.

Telemarkfestivalen er ein moderne møtestad og arena for fornying av folkemusikken – ein stad der det eksperimentelle skal møte det tradisjonelle, der det nasjonale skal møte det internasjonale. Festivalen har den norske folkemusikken som utgangspunkt og skal vise fram dei mangfaldige tradisjonane i vår eigen folkekunst- og kultur. Samtidig ønskjer festivalen gjennom møte på tvers av grenser, å knyte kontaktar, sjå historiske fellestrekk og fremje kunnskap om og respekt for ulike uttrykk innanfor tradisjonskulturen.

Meir glad-nytt frå Telemarkfestivalen: I løpet av den siste tida har Gåte segla opp som eit av dei mest nyskapande og løfterike banda i den norske musikkverda. Leiinga i Telemarkfestivalen kan difor kome med fylgjande melding: Gåte spelar på Telemarkfestivalen 2.august.

Med ukonvensjonell bruk av folketonar har det purunge Trondheimsbandet vakt oppsikt og begeistring både i folkemusikkretsar og i norsk rock, ikkje minst som konsertband. Sist veke gjekk dei rett inn på andreplassen på VG-lista med den nysleppte EP-en sin Gåte. Ei overstrøymande musikkpresse har trekt parallellar til artistar som Bjørk og Seigmen, ikkje minst på grunn av deira originalitet og talent. Sjølv samanliknar dei seg med gamle dagars spelemenn, datidas rockestjerner.

Telemarkfestivalen ynskjer å vere ein konsertstad der yngre artistar får vere med å sette den folkemusikalske dagsordenen og set kvart år søkjelys på det nye som rører seg innan folkemusikken. Når Gåte står på festivalprogrammet, er det difor ei naturleg vidareføring av denne profilen. Tidlegare har folkrock-grupper som Hoven Droven og Faiport Convention gjesta festivalen, og i fjor vart 100-årsjubileet til Myllarguten feira med «eit rocka myllargutprosjekt».

Gåte blandar folkemusikk med rock og elektroniske verkemiddel. Men sjølve ønskjer dei ikkje å bli plassert i nokon musikalsk bås. Låtane deira har opne arrangement som hentar inspirasjon frå mange musikalske sjangrar og stilartar. Det naturlege sentrum i bandet er den 16 år gamle Gunnhild Eide Sundli som utmerker seg med sterk og var kveding. Med kroppslege krumspring og energisk framferd har gruppa har allereie ry på seg for å vere eit liveband av klasse.

Gåte består av Gunnhild Eide Sundli (vokal), Sveinung Eide Sundli (fele, programmering og synth), Marius Børmark (gitarar), Gjermund Landrø (bass og saksofon) og Martin Viktor Landlie (trommer).

Telemarkfestivalen samlar rundt 4000 besøkande kvart år. Festivalen feira 10-års jubileum i 2000. Tidlegare kulturminister Ellen Horn stod for den offisielle opninga i jubileumsåret og Kåre Willoch opna festivalen i fjor.

Telemarkfestivalen 2002 blir arrangert i Bø 1.- 4. august. Eit spennande program vil bli presentert i Oslo tysdag 9. april.

Publisert:

Del: