Førde Internasjonale Folkemusikkfestival leverer rekneskap med resultat på plussida for 2007.

Valkyrien Allstars_1

Festivalen sin rekneskap viser eit overskotet for 2007 på kr 45 004.

– Vi hadde som mål å gå i økonomisk balanse, så dette resultatet er vi godt nøgde med, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Festivalens totale omsetning i 2007 var på 7,5 mill. kroner.

Kunstnarleg oppsummerer styret festivalen i 2007 som ein av dei absolutt beste.

— No er vi midt i den hektiske oppkøyringa til årets festival 3.-6. juli, og gler oss til å presentere fleire artistar til publikum enn nokon gong før, seier Bjørkum.

Årets festival har særskilt fokus på interkulturell dialog, og mellom artistane er det legendariske balkanbrassbandet Fanfare Ciocarlia, sigøynerdronninga Esma Redzepova og dei norske publikumsyndlingane Valkyrien Allstars.

I alt presenterer festivalen 330 artistar frå 41 land under årets festival.

Det er Førdefestivalen som melder dette.

Publisert:

Del: