For tida presenterar Rikskonsertene forestillinga “Skal – Skal Ikkje” med m.a. Øyonnn Groven Myhren og Kvarts. Neste forestilling med folkemusikk vert “Polsdans og Plagiata – i Hilmar Alexandersens fotefar” i oktober – eit meistermøte mellom spelemenn og dansare.

Fra "Polsdans og Plagiata", 2002

Hilmar Alexandersen (1903-1993) blir rekna som ein av dei aller fremste bygdespelemennene vi har hatt her i landet. No blir han heidra av nokre av dagens fremste spelemenn. Dei har laga ein forrykande konsert der Hilmar Alexandersen og musikken hans er satt i sentrum.

Konserten “Polsdans og Plagiata” er eit meistermøte mellom unge spelemenn og spelemenn med lang erfaring. Dei har alle markert seg heilt i toppen innan norsk folkemusikk. Einar Olav og Gjermund Larsen hadde begge Hilmar Alexandersen som læremeister då dei var små. Saman med Petter Andreas Røstad jr., Martin Myhr og Geir Egil Larsen legg dei ut på vegen i haust for å la oss oppleve musikken til Hilmar Alexandersen.

På “Polsdans og Plagiata” opptrer Einar Olav Larsen (fele, hardingfele, klaver og kontrabass), Gjermund Larsen (fele, hardingfele, cello og gitar), Petter Andreas Røstad jr. (trekkspel), Martin Myhr (bjønndans og hallingdans) og Geir Egil Larsen (fløyter, lur og bukkhorn). Den sistnemde er og programleiar.

Turnérute for “Polsdans og Plagiata”:

* 13 oktober: Levanger
* 14. oktober: Namsskogan
* 15. oktober: Røyrvik
* 16. oktober: Lierne
* 17. oktober: Nærøy
* 18. oktober: Inderøy
* 19. oktober:Verdal
* 20. oktober: Namdalseid
* 21. oktober: Namsos
* 22. oktober: Meråker
* 23. oktober: Stjørdal

Publisert:

Del: