Almås er tilsett frå oktober 2018.

Per Idar Almås Foto: Førdefestivalen

Per Idar Almås frå Stord er tilsett som direktør og kunstnarleg leiar i Førdefestivalen etter Hilde Bjørkum, som takkar av etter nesten 30 år i direktørstolen.

Almås er 37 år og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Han kjem frå ei delt stilling, der han har vore festivalsjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest på Sandane, og prosjektansvarleg i Festspillene i Bergen der han i stor grad har jobba med programmet for born og unge, samt konsertturneen Nordvegen.

Almås har tidlegare vore i staben bak The Tall Ships Races 2014 Bergen. Han har lenge vore engasjert i Bergens kulturliv, særleg gjennom arbeid med konsertar og festivalar, og har også arbeidserfaring frå Arna og Åsane kulturkontor i Bergen kommune og TV2.

– I den nye direktøren, Per Idar Almås, får vi en kar som er positiv, hardtarbeidande og løysingsorientert, med teft for god programmering. Han har lun humor og får også dei beste skussmål når det gjeld samarbeidsevner, og han brenn for formidling av musikk og kultur både til vaksne og born. Vi i styret er kjempefornøgde og gler oss til å følgje Almås, seier styreleiar Tone Winje i ei pressemelding.

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Almås er tilsett som ny direktør og kunstnarleg leiar frå oktober 2018.

Publisert:

Del: