PLATEMELDING: På sin nye plate tek bandoneonist Per Arne Glorvigen for seg instrumentets ferd frå 1800-talets Tyskland til Argentina på 1900-talet. – Fascinasjonen over denne reisa har give eit produkt med framifrå versjonar av kjende Piazolla-stykke. Me får dessutan sensuelle, avslepne og muntre tolkingar av Bach, skriv Ballades meldar om plata.

Virgin and Whore/Foto: www.simax.no

Av Ida Habbestad

Per Arne Glorvigen portretterer Bach og Piazolla på denne plata. Med det knytter han band mellom fortid og notid – mellom Tango-komponisten og Barokk-meistaren.

Samanstillinga er naturleg med tanke på korleis Bach sto høgt mellom inspirasjonskjeldene til Piazzolla. Men det er ikkje det eventuelle tilhøvet mellom komponistane Glorvigen først og fremst legg vekt på her. Meir er det den omfattande vandringa bandoneonen har gjort; frå det kom til i Tyskland og Band tok patent på det i 1855, til 1880-åra då sjømenn tok det med sørover, og det etterkvart vart eitt av tangoens særprega instrument.

Tittelen er dermed dobbel; ”Virgin and Whore – Bach and Piazzolla” – med komponistnamna plasserte så Bach står under jomfrua, Piazzolla under hora, på forsiktig provokativt vis.

Frå uskuld til attrå

Det folkelege instrumentet likna orgelet i klangen, og kunne med fordel nyttast i kyrkjer utan orgel. Men, som Glorvigen fortel i coverteksten, er bandoneonen mellom få ulogiske tyske oppfinningar. Med sine fire ulike tastatursystem er instrumentet vanskeleg å traktera. Det, meiner Glorvigen, er årsaka til at ein etterkvart omtrent ikkje framførte Bach på bandoneon i Tyskland. I kva grad praksisen som kyrkjemusikkinstrument vart utstrakt, nemner han ikkje, men me kan slå fast bandoneonen sitt verkelege fotfeste først kom med ein heilt annan sjanger.

Utvandringa frå Europa til Argentina ved inngangen til 1900-talet var enorm, berettar instrumentalisten vidare. Med sterk overvekt av mannfolk i landet – fem for kvar kvinne – vart prostitusjon lønsam verksemd. Bandoneonens vandring innebar altså meir enn geografisk avstand, og rørde seg mellom kulturelle skilnader, mellom dyrkinga av uskuld og attrå.

Sensuell Bach

Fascinasjonen over denne reisa har give eit produkt med framifrå versjonar av kjende Piazolla-stykke. Det er den velkjende ”Tangoens historie” og ”4 tangoar”, strålande traktert av fiolinist Sveinung Lillebjerka og bassist Arnulf Ballhorn i tillegg til Glorvigen sjølv.

Me får dessutan sensuelle, avslepne og muntre tolkingar av Bach.

For det er Bach-komposisjonane som virkar sterkast prega av dette møtet, og størst er den uttrykksmessige samanblandinga i CD-ens andre spor. Der improviserer Glorvigen over adagioen frå ein Bach-sonate i f-moll, og får eit barokt tango-stykke som resultat.

Fiolinist Sigmund Lillebjerka bidrar som barokkens alibi. Han spelar stilreint, tru mot det opphavlege verket – men fritt – ei akkompangerande stemme. Over det legg Glorvigen melodien, elegant ornamentert med kromatikk og innsmigrande tango-inspirerte fraser. Med si forsiktige understreking av gje-og-ta-tilhøvet til musikalsk tid (som òg er å finna i barokkmusikken) vert dette ein sensuell, smygande tango for to.

Ikkje monumental

Òg i Bach-verka som framførest utan tilsvarande innblanding, kling det unektleg sydleg. Valet av stykke – alle i moll-toneartar – korresponderar godt med det litt såre piazzolske uttrykket. Og bandoneonen er i seg sjølv så sterkt forbunde med tangouttrykket at assosiasjonen vert umiddelbar.

Nærleiken til orgelet høyrer me, men bandoneonisten Glorvigen tolkar Bach lettare enn kva eg trur dei fleste organistar ville gjort. Preludiet og fuga i a-moll som innleiiar og avsluttar plata lyd dermed dansant, folkeleg og muntert .

Dét bryt ned noko av det monumentale ein ofte forbind med denne musikken. Men overraskande nok opplever eg ikke alltid at musikken svingar meir av den grunn. Kanskje er det den attendelente haldninga, som trass alt muntert, gjer at enkelte dynamiske høve ikkje heilt kjem til sin rett. Dømevis i Adagioen i f-moll (som dei improviserte over tidlegare), som kling flatt og unyansert til tider.

Ikkje dermed sagt at den er utan sjarm – i mine øyre fungerer improvisasjonen berre så mykje betre. Der tykkjest element frå begge komponistar stå meir likeverdig saman, og dialogen skapar stemningsfulle bilete som gjev prosjektet meining på snedig vis.

Per Arne Glorvigen – Virgin and Whore
Selskap: Simax

Medverkande:
Per Arne Glorvigen – bandoneon
Sveinung Lillebjerka – fiolin
Arnulf Ballhorn – kontrabass

Publisert:

Del: