DEBATT: – Jeg er ikke overbevist om at medskapende er noe man er, men en holdning man har; en prosess man er i, sa Tor Espen Aspaas under debattmøtet Gjenlyd fredag. Der sette Norges musikkhøgskole omgrepet ’Den medskapande musikar’ under lupa, og me gjengjev her nokre av synspunkta som kom opp. – Uttrykket ’medskapande’ har ei aktiv form, det er noko som skjer her og no, som vil halde fram og ikkje nødvendigvis må ende i eit sluttprodukt, sa Karette Stensæth.

Morten Halle på Gjenlyd/Foto: Ingrid Holst Sollie

Av Ida Habbestad

Gjennom tidene har det variert kva innblanding komponistar har ynskt seg frå utøvarane. Der eldre verk ofte er noterte med opning for improvisasjon, har notasjonen i nyare tid vorte stadig meir detaljert. Og sjølv om det òg innan kunstmusikken er ulikt i kva grad ein er ærbødig mot tradisjonen, har verket i form av partituret vore handsama med større respekt enn dømevis i teatret. Innan jazz-sjangeren nærmar ein seg òg ”verket” på anna vis – meir med ideal om å gjera materialet til sitt eige.

Med omgrepet ”Den medskapnade musikar” som satsingsområde i strategiplanen var det dermed betimeleg at musikkhøgskolens debattforum ”Gjenlyd” under Ultima stilte spørsmålet ”Den medskapende musiker – hvem er det?”.

Ei ansvarleggjering

Debattleiar Astrid Kvalbein spurte, og fekk svar frå representantar frå ulike miljø ved og ikring NMH: leiar av Drivhuset Musikkverksted, Jon Halvor Bjørnseth, pianist Tor Espen Aspaas, koordinator for det nyoppretta Senter for musikk og helse, Karette Stensæth, komponist og utøvar Maja Solveig Kjelstrup Ratkje, komponist Peter Tornquist samt komponist og utøvar Morten Halle.

Og sjølv om breidda i panelet i utgangpunktet tyktest fordra ulike svar, låg det ei første semje i at den medskapande musikar er noko ein ynskjer seg – uavhengig av sjanger. Faktisk, hevda enkelte, kan det sjåast som ein føresetnad for kvalitet.

— Jeg er ikke overbevist om at medskapende er noe man er, men en holdning man har; en prosess man er i, sa Tor Espen Aspaas innleiingsvis.

Han søkte definera omgrepet gjennom å nemna kva vedkomande ikkjeer; nemlig den som framfører eit stykke nøyaktig slik det er gjort tidlegare, utan nokon vidare refleksjon. Eller ein som let autentisk oppføringspraksis ta form som noko stagnert.

— Den medskapende musiker har et bevisst kontraforhold til disse. Det er en som ansvarliggjør seg selv kreativt – som trekker konsekvenser i sin eigen samtid, sa Aspaas.

Eit uheldig med?

Å vera medskapande handlar altså om å ha eit reflektert tilhøve til utøvinga. Men er ikkje dette for mange utøvarar sjølvsagt?

Frå salen vart det påpeikt at sjølv om ikkje orkestermusikarar nødvendigvis improviserer eller gjer endringar i framføringa av ein symfoni, formidlar dei sine eigne beretningar – saman med dirigenten og oppmot hundre andre. Målet er ikkje nødvendigvis å skapa nokon reproduksjon.

Med ein slik føresetnad til grunn, var det fleire som tidleg i debatten sette fokus på den mogleg uheldige bruken av med– i medskaping.

— Det er mange eksempler på musikk der skillet mellom utøver og verk ikke finnes. Men utviklingen har gått mer mot å skape et hierarki der komponisten står på toppen, enten det er Rolf Wallin eller Bjørn Eidsvåg vi snakker om. Implementeringen av opphavsrettigheter i vesten de siste 100 årene har vært med på å forsterke dette. Det kommer flere penger gjennom rettigheter enn gjennom salg av musikk, selv om musikerne nå får enkelte rettigheter ved bruk av opptak – noe som viser at man kan gå med på at en framføring også er et åndsverk, sa Morten Halle.

— Slik jeg ser det, innebærer begrepet ’medskapende musiker’ at noen er skapende, og at musikeren bare blir en ”medskapende light”. Ut fra denne forestillingen blir ordet med på å opprettholde skillet mellom komponist og utøver, men jeg vil påstå at musikklivet dreier seg mer i en retning hvor skillet mellom disse er i ferd med å forsvinne. Vi må nok jobbe med penger og språk; begge deler er makt, sa han.

Halle uttrykte òg at han trur komponisten når vedkomande er del av eit band som arbeider i lag gjennom fleire år kan skapa betre musikk enn den som arbeider isolert – ei røynsle som berre til dels kan trekkjast over i kunstmusikkverda.

For gjeld eit slik skilje konsekvent?

— Jeg synes ikke man skal forsere en prosess hvor man visker ut skillet mellom komponist og musiker. Man må gjerne opprettholde bredden av alle forskjellige måter å skape musikk på, sa Maja S. K. Ratkje.

Den forgjengelege musikken

Men at der tradisjonelt sett er lagt meir vekt på opphavspersonar enn utøvarane er eit faktum. Ikkje minst når ein ser til utøvarhistoria, som i kunstmusikkverda er så godt som ikkje-eksisterande i høve til komponisthistoria. Frå salen kom innspel med nok eit døme: Når der avspelast lytteeksemplar, både i utdanningsinstitusjonar og i media, får ein i regelen alltid informasjon om komponist og verk, men ikkje alltid om kven som står bak framføringane.

Komponist Peter Tornquist peikte på fleire gode grunnar til å henta utøvaren tettare inn i komposisjonsprosessen.

— Komponisten er ikke i direkte kontakt med publikum. Vi kommuniserer gjennom utøveren til publikum – og får vi ikke med oss utøveren på dette, kommer vi ikke gjennom. Jeg tror vi kan tjene mye på å gi litt slipp på noe av kontrollen vi har vært opptatt av å ha, og heller forsøke å sørge for at utøverne får et eierskap både til verket og materialet det bygger på. Vi må ha toleranse for det den medskapende bringer inn i prosessen; godta det forgjengelige i musikken – at den først våkner til live når vi har en utøver som gjenskaper den, sa han.

Som skapt i augeblikket

Formidlingsaspektet er imidlertid ikkje berre noko komponisten er avhengig av – kanskje er det òg eit ansvar utøvaren har?

— Jeg mener at et viktig aspekt ved formidlingen, uansett om det er ny eller gammel musikk vi snakker om, er at man må få musikken til å se ut som den blir skapt der og da. De beste musikerne jeg har spilt med, er de som gjør noe som krever at vi andre må være kreative, sa Halle.

Jon Halvor Bjørnseth hadde òg interessante røynsler å dela frå sitt arbeid med Drivhuset Musikkverksted

— Når vi arbeider i verksted med barn spiller det ingen rolle om utøverne er klassisk eller improvisasjon i utdanningen sin. I musikkverkstedet er det ingen som spør hvilken hatt du har på hodet, sa han.

— Isteden kan det hende man gjenoppdager virkemidler, i møte med en elev som aldri har vært borti et crescendo, for eksempel. Dersom flere musikere og komponister fikk slike erfaringer i blodet, ville det kanskje stimulere til større nyskaping og kommunikasjon?

For eit vesentleg spørsmål er korleis ein blir ein medskapande musikar; korleis ein grip tak i haldninga å vera medskapande?

— Jeg tror ikke det kan undervises i medskaping; det er noe som skjer gjennom erfaring. Men det må legges til rette for den i institusjonen, sa Ratkje – som peikte på at éi mogleg tilretteleggjing kunne vera å gje komponistar som skriv tingingsverk tid og midlar til å gjennomføra workshops for å gjera seg betre kjend med utøvarane.

— Jeg ønsker jo gjerne at musikerne skal legge sin egen personlighet i musikken, la ho til.

På den andre sida kan ein spørja seg kva grensa går mellom undervisning og tilretteleggjing – nok ein gong utan tanke på om musikken er ny eller gamal.

— Jeg tror det er viktig å utfordre studentene; å gi dem motbør på egne holdninger, oppfordre dem til å bli kjent med sin egen tankeverden, og la dem ta beslutninger på skjønnsmessig grunnlag, sa komponist Bjørn Kruse frå salen.

— Den som ikke har formulert noe omkring musikken eller fått anledning til å utvikle sine refleksive verden; hvordan skal vedkommende forventes å ta tak i musikken og tillegge den sine ting?

Kvar går grensa?

Eit samstemt panel hadde give uttrykk for at den medskapande musikar er eit godt ideal. Imidlertid fanst større usemje om kor langt musikaren kan gå med sine idear.

Då det frå salen vart nevnt at det i eit prosjekt til våren er planlagt å arbeida med ein Beethoven-kvartett som om ein var i teaterverda – med kutting i manus og liknande, kom ulike reaksjonar. Somme meinte ein burde ”ta Beethoven i forsvar”, andre at verket bør sjåast foranderleg, òg for publikum.

— Det er merkelig at Ibsen får tåle det, men ikke Beethoven, sa Halle, som peikte på at ulike kontekstualiseringar av Ibsen-skodespela jo ikkje betyr at den originale versjonen ikkje vert spelt – men at dei ulike måtar å gjennomføra dei på finst side om side.

Om ballen så må sleppast der, mellom mange idear som vart løfta fram – får Karette Stensæth sine betraktningar om kva som ligg i det medskapande konkludera.

— Uttrykket ‘medskapande’ signaliserer noko inkluderande. Det har ei aktiv form, er noko som skjer her og no, som vil halde fram og ikkje nødvendigvis må ende i eit sluttprodukt, sa ho.

— Aksepterer ein ei slik tolking, er fokus vekk frå musikar eller komponist og over på eit dialogisk perspektiv. Og livsfilosofen Bakhtin peikar nettopp på det: At å vere betyr å kommunisere. Dialogens vesen kan ikkje opphøyre. To stemmer er eit minimum for eksistens – den eine kjem inga veg åleine.

Publisert:

Del: