Aasmund Olavsson Vinje jubilerer og Jorun Marie Kvernberg står i spissen for eit tingingsverk som skal på skuleturné. Men korleis formidlar ein Vinje for barn?

På Geitevis Foto: Knut Utler/Førdefestivalen

«I e Vinje!» «Nei e e Vinje!» Slik kivast romsdalingar og møringar på scenen. Men ingen seier «Eg æ Vinje!» slik ein vinbyggje ville sagt. Er han så universell no, Aasmund Olavsson frå husmanns-Plassen i Vinje, at han går heim over heile landet?

Alle kjenner Blåmann, Blåmann, bukken min, og den songen var òg det fyrste Jorun Marie Kvernberg tenkte på då Førdefestivalen for eit drygt år sidan spurde om ho ville ta på seg å lage ei framsyning for born om A.O. Vinje. Ho tenkte at det skulle vel gå greit.

Men så byrja ho å lese seg opp, og skjøna at det eigentleg var berre Blåmann som er det ein kan kalle eit barnedikt. Resten er ganske avansert. Ho fann likevel nok å ta tak i, men skjøna at ho ville ha hjelp av ein regissør og tok kontakt med Tore Nysæther for å få grep om rammeforteljinga.

Gjengen bak På geitevis Foto: Foto: Marianne Lystrup

– Korleis har du tenkt når du skulle freiste femne eit langt liv og ein stor kunstnar og personlegdom i ei framsyning på snaue tre kvarter?

– Eg fortel ei historie som er litt personleg og som kretsar kring det poetiske ved Vinje. Ikkje så mykje om tvisynet, sarkasmen og avismannen. Men eg er medviten om at Vinje var svært oppteken av nasjonsbygginga – av å vera ein samlande folkeopplysar i samtida si. Og så tenkte eg at når ein er oppteken av å gjeta eit heilt folk, må det vera noko ein saknar i utgangspunktet. Difor har eg postulert at han mista Blåmann.

– Det gjorde han vel. Det er ikkje berre noko du postulerer?

– Vi veit jo ikkje om det faktisk skjedde, jamvel om han skreiv eit dikt om det. Men den fridomen har eg tatt meg. Eg påstår at det skjedde, seier Tore Nysæther. Han er sjølv hamring og bur no i Bergen, men kjenner at Vinje absolutt vedgår han.

– Kva er det viktigaste Vinje kan inspirera ungane med i dag?

– Å tore å syne fram det som er sårt, at ein ikkje alltid treng å syna seg så sterk. Det tykkjer eg er den store styrka hans. Han er fole sarkastisk og kjekkas, javisst, men samstundes brettar han ut seg sjølv om tapt kjærleik og det eine og andre. Dette treng vi å bli minna om i dagens glansbiletesamfunn, seier Jorun Marie Kvernberg.

– Ja, Vinje erkjenner at utan den djupe sorga er det kan hende ikkje mogleg å vera diktar, legg Nysæther til og held fram:

– Eg ville òg sagt: Å sjå seg sjølv i ein samanheng. For han var oppteken av at om det han heldt på med ikkje var verdsett i augneblinken, var han likevel viss på at det ville få konsekvensar: Eg veks og blir borte, slik tytteberet oppå tuva, som eksisterer ved å bli knust til tyttebersaft. Det var han medviten om. Han såg seg sjølv i ein større samanheng enn si eiga samtid.

– Ja, han skriv mange dikt om dette at me skal vekk og så kjem nokon andre og tek over, seier Jorun Marie Kvernberg.

– Temmeleg melankolsk?

– Ja, men pragmatisk òg. Eit liv er ganske lite på jorda. Men me er ein del av noko større, seier ho.

– Vinje var grunnleggande sivilisasjonsoptimist. Han trudde alt skulle bli betre. Du veit dei hadde det ganske fælt i Noreg kring 1870-talet. Nitti prosent av befolkninga hadde ei inntekt svarande til omlag ein dollar i dag. Det var frykteleg mykje fattigdom. Han skreiv om alt mogleg frå ernæring og matstell til hygiene og jordbruk gjennom avisa si, Dølen. For å lære folk å dyrke jorda si, og lage sunn mat, vaske seg på hendene – slikt som kunne gjera at livet vart lettare for folk. Og ikkje minst at dei måtte skaffe seg kunnskap. Han var rett og slett ein sekulær potetprest, seier Nysæther.

På Geitevis Foto: Knut Utler / Førdefestivalen

– Kva har tidlegare tonsetjingar av Vinje hatt å seie for deg under komponeringa, Jorun Marie?

– Sidan Blåmann kanskje er den einaste songen av Vinje som ungar faktisk kan, er han med slik han er. Ein må bruke den vesle kroken der for alt det er verdt. Elles prøvde eg rett og slett å ikkje lytte altfor mykje til det som fanst frå før. Dei andre tekstene eg har med, er ikkje mykje brukt: «Eit syn», «Framvoksteren min», der la eg inn litt av Blåmann som eit siste vers, og eit rart lite vers, som eg fann midt inne i ein artikkel der han snakkar om sorga og gleda: «Perleskum». Verset er ganske kryptisk, men uansett om ein skjønar det eller ikkje, så er det mange fine bilete der.

– Det er ein kvalitet i mykje av Vinje sitt stoff: Der er så mange fine bilete. Så om grunnbodskapen kjem fram eller ikkje, sit du uansett att med så mykje fint – ordklangar og bilete som er verdt å grunne på. Opprinneleg heitte forestillinga Perleskum. Eg angrar eigentleg litt på at eg tok det vekk, men så skulle det liksom bli litt meir barnevennleg.

Resten av gruppa som er med i framsyninga, er komne til der me sit og pratar og det oppstår entusiasme kring perleskummet. Ordet skapar rike bilete i hovuda våre, og vi byrjar tala om artige høve til å lage spin-offs. Ungane ville sikkert bli yre over å kunna kjøpe perleskum – kva no det er… kan hende sukkerspinn?

Les også: Levende historiefortelling

Jorun Marie Kvernberg er lukkeleg for samarbeidet dei har fått til. Ho har sjølv plukka ut dei musikarane ho ville ha med seg. Unni Boksasp og Dag-Filip Roaldsnes har ho arbeidd med før, men med Daniel Herskedal kom det nye klangar inn i gruppa. Tuba er jo ikkje akkurat eit svært vanleg folkemusikkinstrument i Noreg. Og at det skulle vera folkemusikk låg i tinginga, men det var ikkje noko problem at litt jazz vart blanda inn. Tubaisten syner dessutan at det ikkje berre bur tonar, men òg kattar, bilar og tog i dette instrumentet.

– Kven hjelpte Daniel å finna alle dei rare lydane i tubaen?

– Eg hjelpte han ikkje fysisk, men eg visste at han hadde røynsle med litt av kvart og spurde han: Har du litt snøstorm inni der, og kanskje ein bil? Toget hadde han med seg frå før, seier Nysæther.

– Ja han regissøren tyna meg litt, fleipar Herskedal. – Eg får ikkje den kattepurringa ut att, endå eg har vaska tubaen mange gonger!

Kvernberg supplerer:

– Daniel har eit stort repertoar av lydeffektar. Han har omlag 600 skulekonsertar bak seg, så han veit litt om kva som fungerer. Det med formidling til born er noko vi er svært opptekne av. Når Vinje er litt vanskeleg tilgjengeleg i utgangspunktet, må ein stole på at me får fram noko likevel, som dei oppfattar. Det kan vera klangfulle ord til dømes, berre det er noko ein kan oppleve i seg sjølv – det same med musikken og replikkane. Om du ikkje nødvendigvis forstår alle orda, skjønar du kroppsspråk og tonefall.

På Geitevis Foto: Knut Utler/Førdefestivalen

Framsyninga byrjar med at alle musikarane står bak i salen og kjem syngande og spelande fram til scena, der alle som ein presenterer seg som Aasmund Olavsson Vinje og byrjar fortelje soga om han. Fleire av dikta som blir framførde, har fått songbare melodiar. Jorun Marie fortel at ho la vekt på å gjera dei tilgjengelege.

– Ofte når ein komponerer er det A-del og B-del og C-del og bru, men dette verket består i større grad av melodiar så publikum kan bli kjende med det musikalske materialet på den korte tida framsyninga tek.

Ho er takksam for dei gode arbeidstilhøva dei har hatt i samband med dette tingingsverket og vonar at det er signal om at noko nytt og betre er på gang.

– Barnekonsertar har strevd med status, både hjå utøvarar og dei som sit med fordeling av ressursar, og ikkje alt som kjem ut på vegen ber preg av å vere gjennomarbeidd. Mi erfaring frå andre barnekonsertproduksjonar er at me på to-tre dagar skal greie å lage ei ny framsyning med heilheit, regi og dramaturgi tilpassa ungar, med interaksjon og alt. Det er frustrerande lite når ein ynskjer å lage kvalitet. Men, denne gongen hadde me 12 dagar saman, musikarar og regissør, i tillegg til skikkelege ressursar til komponering og manus. Eg får tru, som Vinje, at alt skal bli betre, og at dette er teikn på det, seier Jorun Marie Kvernberg.

Framsyninga På geitevis turnerer i Sogn og Fjordane i veke 42 og veke 47

Publisert:

Del: