Det usedvanlege står i høgsetet for Oslo Kammermusikk Festival, som opnar 13. august. ”Det usedvanlige kan være artistene, repertoaret eller lokalitetene, eller aller helst en kombinasjon av disse” skriv Arve Tellefsen, på festivalens heimesider. Tellefsen er initiativtakar til, og har vore kunstnarleg leiar av kammermusikkfestivalen sidan oppstarten i 1989. På årets program er eit sterkt innslag av unge norske utøvarar samt ei rekkje internasjonale toppensemble som “Quatuor Mosaiques”. Det vert òg framføring av Ståle Kleibergs “Requiem” under opninga av eit nytt Holocaust-senteret på Bygdøy.

Arve Tellefsen 2005

Av Ida Habbestad

Ballade har snakka med Tellefsen, og lurer på kva dette usedvanlege består i:

— Vi prøver å sette sammen program som er uvanlige, som man ikke hører hver dag ellers i året, seier Tellefsen.

— Vi har uvanlige ting av gamle komponister, som for eksempel Galuppi som knapt er spilt i Norge før. Og så presenterer vi nye ting. Jeg tror vi var den første festivalen i Norge som fant ut at vi, i tillegg til å presentere unge utøvere, også ville presentere unge komponister som fremdeles studerer. Vi har derfor hvert år konserter i samarbeid med Oslo Sinfonietta, hvor de plukker ut og fremfører verk av de komponistene de oppfatter som mest aktuelle, sier Tellefsen.

Kven som er årets unge komponistar er endå ikkje offentleggjort, men verka deira kan høyrast på Parkteatret 20. august. På programmet for øvrig er ”Aftonland” av Arne Nordheim og ”Pierrot Lunnaire” av Arnold Schönberg, med Tora Augestad som solist.

Det beste av det norske – også av dei unge
Det same ynskjet om å presentera utøvarar ein ikkje så ofte kan høyra, gjeld òg i valet av utøvarar:

— Når det gjelder utøverne, er tanken den samme – vi vil vise frem de beste av de norske. I år har vi for eksempel Rolf Lislevand og Truls Mørk helt på toppen, men vi har også de unge utøverne, som Birgitte Christensen, Marianne Thorsen, Vilde Frang Bjærke – superbegavelser alle sammen, seier Tellefsen.

Festivalen profilerer at dei er opptekne av rekruttering, både mellom publikum og utøvarar, og er difor rause med å gje rom for dei unge kammermusikarane. I årets program kan ein til dømes høyra Vilde Frang Bjærke med oktett, som framfører 1. sats fra Schuberts ”Oktett” D803 under opningskonserten. Frang Bjærke deltek vidare under to av Schubert-konsertane, og ved fleire andre høve under festivalen.

Andre unge utøvarar er pianist Christian Ihle Hadland, songar Audun Iversen, samt ein trio beståande av Ragnhild Hemsing, Frida Fredrikke Vaaler Værvågen og André Hæhre som vil fremføra Schuberts Klavertrio i B-dur.

Quatuor Mosaiques i særklasse
Men festivalen har òg ei rekkje internasjonale utøvarar på programmet. Tellefsen trekkjer fram Quatuor Mosaiques som eit høgdepunkt:

— Blant de utenlandske utøverne står Quatuor Mosaiques i en særklasse. Det er nok veldig mange som anser dem som den fremste strykekvartetten i verden når det gjelder å spille på originalinstrumenter, seier Tellefsen.

Kvartetten som er i landet for første gang, vil under festivalen framføra Beethoven, Haydn, Mozart og Arriaga – alle verka på originalinstrument. Av andre internasjonale ensemble er spanske Cuarteto Casals, som i tillegg til strykekvartettar av Haydn og Mozart vil fremføra Ligetis Kvartett nr 1 ”Metamorphoses Noxturnes”. Frå Italia kjem Quartetto Bernini, som spelar musikk av italienske komponistar som Galuppi, Puccini og Argento. Jordi Savall og hans ensemble kjem òg, med konserten ”Du temps & de l’instant” i Universitetets Aula 18. august.

Av større utenlandske kunstnarar for øvrig kan nemnast den amerikanske pianistlegenden Leon Fleisher, den russiske pianisten Nikolai Demidenko, cellomeistrane Arto Noras, Erling Bløndal Bengtsson og Leonid Gorokhov samt cembalisten og ensemble-leiaren David Owen Norris.

Nye rom for musikk
Ein del av festivalens tradisjon er òg å stadig innføra nye lokale for konsertane sine:

— Det er mange unike konsertsteder i Oslo, meiner Tellefsen. – Og jeg tror publikum setter pris å at man åpner nye rom for musikk i byen.

— I år har vi tatt i bruk to nye lokaler, det er Oslo Militære Samfund som er en glimrende konsertsal for kammermusikk, og så har vi en konsert under åpningen av Villa Grande, som er et senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.

Konserten på Villa Grande er plassert ei veke etter at det øvrige festivalprogrammet er omme, grunna forseinkingar i klargjeringa av senteret. Her vil Ståle Kleibergs ”Requiem” verta fremført, av KORK, Det norske operas kor og solistane Ole Hermod Henriksen, Ingeborg Barstad og Sigrid Ohlsson. I forkant av konserten kan ein få med seg utdelinga av prisen ”Righteous Among the Nations” til dei som redda barn ved den jødiske barneheimen i Oslo under 2. verdskrig.

Storebrands talent
Av større satsningar kan elles nemnast ”Festkonsert i Oslo Konserthus” 19. august. Her vil mellom anna Tine Thing Helseth vera solist, og elles medverkar andre solistar frå Festivalen, og H.M. Kongens Gardes Musikktropp. Under denne konserten vert det dessutan presentasjon av ”Storebrands fiolin og talent”

— Det er ikke Storebrands talent! ler Tellefsen. – Anledningen er at Storebrand har kjøpt en fiolin til ca 1 million kroner, som de gir til utlån til et ungt talent under 18 år. Det er avgjort hvem som vil få den, men det holdes hemmelig til den deles ut på konserten, og det er da vi altså presenterer både fiolinen og talentet som skal få den.

Under same konsert vil ”Postens musikkpris” pålydande kr 50. 000,- gå til ein kommunal musikkskule, plukka ut av Norsk kulturskoleråd i samarbeid med Posten og kammermusikkfestivalen.

Med det er eit knippe namn og begivenheter skildra; for det fullstendige programmet, sjå festivalens heimesider.

Publisert:

Del: