Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele. Føremålet har vore å setja fokus på instrumentet for vår tids komponistar. Dei fem komponistane, Michael Finnissy, England, Malin Bång, Sverige, Kevin Volans, Irland, Kunsu Shim, Korea og norske Asbjørn Schaathun har på førehand fått eit innblikk i dei tradisjonelle uttrykksformene ein har på hardingfela.

Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk- og Danselag)

Intensjonen har vore at verka skal kunne utøvast av ein spelemann slik at det vil klinge på instrumentet. Dei tre utøvarane som er plukka ut til dette prosjektet er Nils Økland, Liv Merete Kroken og Lars Underdal, heiter det hos Norsk Folkemusikk- og Danselag, som har vald desse konsertane som Månadens Artisfgfokus for oktober 2003.

Nils Økland er ein særs kreativ og oppsiktsvekkjande hardingfelespelarar, ein allsidig utøvar på fiolin og hardingfele som har brukt mykje tid på fleire stilar innan både folkemusikk og klassisk musikk. Han er frilans musikar involvert i mange ulike prosjekt og har gjeve ut 2 soloplater med mykje eigenprodusert musikk. Bakgrunnen hans gjorde han til eit naturleg val for eit prosjekt som dette

Liv Merete Kroken og Lars Underdal var begge studentar ved fyrste kullet på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Med bakgrunn i heimbygda Hornindal i Nordfjord er Liv Merete Kroken utøvar av musikk frå Nordfjord til Hardanger. Utover å vera soloutøvar har ho i lag med Sigrid Moldestad duoen Spindel, og dei to med Unni Løvlid trioen Fjøgl. Repertoaret i desse to gruppene byggjer på både tradisjonell musikk og ein del eigenprodusert materiale.

Lars Underdal voks opp i Vinje i Telemark og har difor felespel frå Telemark som sitt basisrepertoar. Han er med i gruppa Blåmann Blåmann som dei siste åra har vore aktive både på festivalar, turnear og enkeltkonsertar. Sist år var han solist med Sinfonietta Dresden i “Violintripelkonzert” av Karsten Gundermann, under Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Han har og vore med på fleire CD-plater og gav i 1998 ut plata “Gullfakse” på NOR-CD.

Om du vil lese meir om utøverane, kan du gå vidare til denne sida hos Norsk Folkemusikkkatalog.

Prosjektet er støtta av Lindemans Legat, Landslaget for spelemenn og Fond for utøvende kunstnere. Opningskonserten på Osafestivalen finn stad på Nain, fredag 10. oktober kl. 19, mens konserten under Ultimafestivalen blir å sjå i Lindemansalen, sundag 12. oktober kl. 15. Heimesidene til Osafestivalen finn du her, medan Ultima har denne nettadressa.
 

Publisert:

Del: