KONFERANSE: Kva skal til for at Den Norske Opera, Regionoperaene og Distriktsoperaene saman kan skapa konkurransedyktige samarbeidsnettverk som utviklar opera, musikkteater, ballett og dans i Noreg? Dette var eitt av fleire tema under Opera Norge-konferansen som fann stad i går. Representantar frå Kultur- og kirkedepartementet samt påtroppande direktør ved Den Norske Opera var mellom bidragsytarane.

Tom Remlov 2006

Av Ida Habbestad

Med forestillinga ”La Traviata” – eit samarbeid mellom Ringsakeroperaen og Operaen i Kristiansund – som ramme, fann OperaNorge konferansen 2007 stad på Hamar i går. Sjølv om nettverket OperaNorge foreløpig er under utredning, har dei dei siste åra arrangert konferansar med tanke på samarbeidet mellom region- og distriktsoperaene i Norge, og hatt dette samt andre felles utfordringar som tema.

På Hamar fekk me soleis ei større innsikt i det norske operalandskapet, samt høyra nokre av påtroppande administrerande direktør i Den Norske Opera, Tom Remlov, sine tankar kring det framtidige samarbeidet med operaselskapa.

Men først ut var politisk rådgjevar for Trond Giske, Trine Lie Larsen. Ho erstatta kulturministeren som måtte melde avbod, og haldt innlegg med utgangspunkt i nasjonale planar, kulturmeldingar og kulturløfte, og spurde: Har myndighetene makta halda kva dei lova?

Store aukingar – ingen føringar

Ikkje uventa konstaterte Larsen at departementet meiner løftene er haldne, både på dette og dei fleste andre område innan kulturfeltet, gjennom Kulturløftet. Med utgangspunkt i tala ho la fram, var det vanskeleg å vera usamd i dette. Aukinga i kulturbudsjettet på over ein halv milliard talar for seg, og særleg operafeltet har nytt godt av dette.

Den Norske Opera har, i tillegg til det nye bygget i Bjørvika, vore lova ei realauke i løyvinga på 100 millionar kroner mellom 2005-2010 – noko Larsen meinte dei vil innfri. Og dei regionale operaene; som deler 33 millionar kronar – har opplevd ei auke på 73% frå tidlegare.

Me spurte departementet om der i og med dei auka løyvingane vil leggjast føringar for korleis selskapa nyttar midla?

— Det vil være lettere å oppnå mer støtte dersom man er konsolidert i sitt miljø – gode samarbeid er viktige for oss. Men vi legger oss ikke opp i om det settes opp smale eller brede forestillinger, svarte Larsen til dette.

Larsen fekk òg spørsmål om dei vil bli meir tydelege på kva kriterie dei vurderer oppnådde resultat ut frå, men hadde for høvet ikkje noko klårt svar:

— Vi ser behovet for dette, og i forbindelse med den nye scenekunstmeldingen har det blitt diskutert om vi vil definere kriterier for kvalitet. Men vi avventer altså meldingen, sa Larsen.

Manglande øyremerking

Tom Remlov trekte i sitt innlegg fram utfordringar internt i Operaen som eit mogleg bilete òg på det regionale perspektivet.

— Ved å omorganisere Den Norske Opera, legemliggjorde man utfordringen institusjonen har stått ovenfor. Nasjonalballetten er eldre enn Operaen, men har hatt en stemoderlig tilværelse etter at Operaen ble opprettet. Med en operasjef som øverste leder har de nok følt at de ikke har vært tatt ordentlig vare på, sa han i innlegget.

— Konflikter oppstår når noen har mange ressurser og en kortere avstand til departementet, mens andre er dårligere stilt. Internt i operaen eksisterer dette problemet, og er nok ikke løst ved at jeg er tilsatt, men er noe som kommer til å vare lenge, sa Remlov.

Ressursfordelinga, og ikkje minst den manglande øyremerkinga av midlar, tykkjest vera eit gjennomgåande problem som ein stadig vende attende til gjennom konferansen. Både Den Norske Opera og Operaen i Kristiansund er frå det statlege forventa å skulle vera ressurs- og kompetansesentre for dei øvrige operaene i landet. Men korkje Remlov eller operasjefen i Kristiansund, Thomas Chr. Thomassen hadde nokon idé om kor stor del av tildelinga frå det offentlege dei skal bruka til formålet.

— Vi er tildelt en pådriverrolle, og føler at vi har levert i forhold til forventningene. Men midlene er ikke øremerket formålet – og det er vanskelig å få inntrykk av hva departementet forventer at omfanget skal være. På same måte som Operaen ikke vet hvor mye av sine tildelinger som skal benyttes til samarbeid med distriktsoperaene, hevda Thomassen seinare på dagen.

Remlov peikte på si side på øyremerking frå organisasjonen sjølv som ei løysing. Han lova òg å nytta fleire ressursar på turneverksemd og samarbeid dei komande åra; eit enkelt løfte sett i høve til dei siste års nærast totale nedprioritering av dette grunna flyttinga til Bjørvika.

— Hovedelementet i føringene fra departementet er å medvirke til at ressursene samles, at man samarbeider, sa Remlov, og inviterte samtlege operaer til å setja opp produksjonar på Operaens Scene 2, samt nytta nysatsinga Scenerommet, som ressurssenter for utvikling av opera. Han vidareførde òg den interne parallellen, og nemnte at dei to sjefane for høvevis ballett og opera har byrja snakka om ein fellesproduksjon – som noko radikalt nytt for Operaen.

Manglande prosjektstøtte

Den sterke optimismen frå departementet til tross; det var ikkje berre fryd og gaman å spora hjå dei regionale operaene i Noreg.

— Norge er eit spesielt land i operasamanheng, sa tidlegare operasjef i Kristiansund, Olav Grytnes i sitt innlegg.

Han peikte på korleis operaen i Noreg tradisjonelt sett har hatt sterke røter i kystkulturen – mellom anna med sin fungerande opera i Kristiansund alt frå 1928. Vidare fortalde han korleis det alltid har vore eit sterkt folkeleg engasjementet for opera i Norge, og kor viktig det er å vedlikehalda interessa.

Han synte og til korleis det i den nasjonale planen for produksjon og formidling av opera og ballett frå 2002 gjekk fram at ein ville vurdera prosjektstøtteordningar som aldri har komme på dette feltet.

— Ved denne delen av satsinga har ikkje staten gjort nok; det har drukna i kulturmeldinga, sa Grytnes.

Aukinga ikkje substansiell

Dei øvrige operasjefane hadde òg mykje på hjarta då me spurde i kva grad dei meiner departementet har halde løftene sine.

— Me er slett ikkje nøgde, svarte Else Sundquist, sekretær i Opera Nord i Tromsø, og fortalte om korleis utfordringane kring det å samla eit orkester i seg sjølv er ei nærast for stor ressursmessig utfordring for dei – før dei i det heile kan tenkja repertoar og øvrig mannskap.

— Vi er selvfølgelig fornøyde med økte tilskudd, men det imponerer ikke med en økning så lenge den ikke er substansisell, sa operasjef i Opera Sør, Ketil Akerø.

Han peikte på kor lite som skal til ved ei liten tildeling før prosenttalet veks.

— Nå som Den Norske Opera har fått milliarder til nytt bygg og et sterkt økt tilskudd til drift og innhold, mener vi det er vår tur – og på dette synes jeg ikke vi har fått noe svar fra departementet i dag, sa Akerø.

Forventa nasjonal interesse?

Så gjenstår altså spørsmålet – om eit solid samarbeid mellom operaene er meir enn eit samtaleemne, om det vil komma på beina innan rimeleg tid – og ikkje minst om det vil ha politisk fruktbare konsekvensar.

Me merkar oss at samtlege selskap vil ha meir pengar, men at dei snakkar lite om innhald – og aller minst om det som var innkallinga sitt hovudtema: ”Hvordan skal man møte den forventede nasjonale operainteresse etter åpningssesongen i Bjørvika?”

At den sannsynleg auka merksemda i Bjørvika si opningssesong vil ha ringverknader, er ein sikre på, noko operasjefen i Kristiansand kunne understreka:

— Oppmerksomheten som operaen i Bjørvika har skapt, har medført at mange i Kristiansand omtaler det nye bygget, som man nå lager for konsert og teater, som den nye operaen – til tross for at Opera Sør er mellom de mindre aktørene som skal inn i huset, fortalde Akerø.

Korleis ein vil arbeida kring dette er meir uvisst; men truleg er altså OperaNorge eit steg på vegen. Og om der skal trekkjast nokon konklusjon frå konferansen er det utfordringa til departementet som står klar. Der Larsen lanserte ”Opera for alle” som departementet sitt mål, var svaret: tydeleg:

”Ta heile Noreg i bruk!”

Publisert:

Del: