Rådet for folkemusikk og folkedans har vedtatt eit arbeidsprogram med ei sterk prioritering av folkedansen.

Bygda danser_Lea de, oppland 2007 (Foto: Silje Onstad Hålien)

Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans vart helde i Trondheim den 20. oktober 2007. Der vart følgjande resolusjon vedtatt samrøystes:

Løft for folkedansen

Eit samla folkemusikk- og folkedansmiljø oppmodar Stortinget gjennom løyvingar over statsbudsjettet i 2008 å gje arbeidet med den norske folkedansen eit tydeleg løft. Særleg er det arbeidet retta mot grunnopplæringa og rekruttering blant barn og unge som må styrkast.

Dette inneber:
— Ei styrking av organisasjonane sitt arbeid på feltet
— Ei utviding av Bygda Dansar til tre fylke
— At organisasjonane gjerast i stand til å følgje opp og vidareføre vinsten av arbeidet med Bygda dansar etter avslutta prosjektperiode.
— At det blir etablert ei utøvarutdanning i folkedans

Bakgrunn for dette er å finne i Rådet sin arbeidsplan. Der heter det at ein skal:
Skape ein betre kontinuitet i kunnskapsformidlinga innafor folkedansen og Arbeide for utviding av ”Bygda dansar” til tre fylke.

I samband med budsjetthandsaminga i Stortinget for 2007 sa ei samla Familie- administrasjons- og kulturkomite dette:

“Komiteen vil peke på verdien av at folkedansen fortsatt lever mellom mennesker og ikke først og fremst har blitt et kuriosum til scenebruk slik man ser i enkelte andre land. Komiteen mener en levende tradisjon kun kan bibeholdes dersom dansekunnskapen formidles bredt ut til nye generasjoner.”

Egil Bakka og Bjørn Aksdal er i Stortinget på høring i Kulturkomiteen i dag på vegne av Rådet for folkemusikk og folkedans.

Nytt styre

Rådet har også valgt nytt styre, og det nye Rådet med varamedlemmer (gjeldende fra 01.01.08) er:

Magnar Sundt (utøving og grunnopplæring) vara: Gro Marie Svidal
Marit Jacobsen (utøving og grunnopplæring) vara: Vegar Vårdal

Kari Margrete Okstad (høgre utdanning, forskning, arkiv) vara: Ola Graff
Ove Larsen (høgre utdanning, forskning, arkiv) vara: Olav Sæta

Vegard Opheim (open plass) vara: Mari Andrea Ness

Lene Furuli (presentasjon og formidling) vara: Dagfinn Krogsrud
Marit Westling (presentasjon og formidling) vara: Mari Skeie Ljones

Lene Furuli ble valgt til ny leder, og Magnar Sundt nestleder. Terje Foshaug vart supplert inn i valgnemda for Lene Furuli.

Publisert:

Del: