Det kan synast som om Kunnskapsdepartementet blandar saman omgrepa kvalitet og kvantitet, skriv MFO sitt lokalstyre ved Norges musikkhøgskole, om ideen om å slå saman estetiske høgskular i Oslo.

MFO sitt lokalstyret ved NMH (fv.): Håkon Storm-Mathisen, Guro Gravem Johansen og Håkon Kvidal., © NMH

Viss motoren går bra, ikkje prøv å få den til å gå betre. Ordlyden skal ha stått i ei bruksanvisning til ein båtmotor ein gong i tida. Den passar godt i prosessen Kunnskapsdepartementet (KD) har initiert for å skape den estetiske “kjempecella” Oslo University of the Arts – ein fusjon av Arkitekt- og designhøgskolen (AHO), Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) og Norges musikkhøgskole (NMH).

Statssekretær i KD, Bjørn Haugstad (H), er i Morgenbladet (nr 5 -15) overtydd om at desse tre institusjonane kan «få til» meir om dei er slått saman enn dei klarar kvar for seg. Samanslåing frå små til større einskapar er eit refreng i tida, vere seg kommunar eller sjukehus. Argumentasjonen er gjerne at å slå saman administrative funksjonar fører til forenkling og effektivisering.

Rektor ved NMH, Peter Tornquist, undrar seg i same avis over forslaget om fusjon når utgangspunktet er ønsket om å forbetre kvaliteten i høgre utdanning. Styret i lokallaget av MFO på NMH støtter han i dette. Vi meiner potensialet for å hente ut meir kvalitet i utdanninga er forsvinnande lite gjennom ein fusjon.

Dette vil vi grunngjeve i seks punkt.
For det første
: Det kan synast som om KD blandar saman omgrepa kvalitet og kvantitet. Argumenta for linja departementet ser ut til å legge seg på dreier seg om at vi har for mange institusjonar, dei er for små, og gjennomstrømminga av studentar er for låg.

Alt dette er parameter for sånt som lar seg telle. Men at kvalitet ikkje treng å ha noko med tellbare einskapar å gjere er opplagt for dei fleste. Særleg for den som held på med kunst og kunstutdanning, som befattar seg med det unike, særeigne og sansbare. Eit ideologisk regime der tellekantar og produktivitet er styrande vil verke kontraproduktivt på kunstutdanningane sine overordna føremål i samfunnet.

For det andre: viss siktemålet med ein reform er å forbetre kvaliteten, bør ein sjå på eksisterande kunnskap om kvaliteten i institusjonane. Ein fersk rapport frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) viser at saman med Musikkteaterhøyskolen (MTH) har Norges musikkhøgskole landets mest nøgde studentar.Dette har halde seg stabilt i fleire år. NOKUTforklarar funna med at institusjonane er høgt spesialiserte og tilbyr utdanning på eitt eller nokre få fagområder. På dette punktet heng altså kvalitet direkte saman med det å vere liten.

Ved desse institusjonane er det enkelt å banke på døra til rektor. Studentane blir godt kjende med lærarane, og dette gir moglegheit for spontane, uformelle møte og personleg oppfølging, noko studentane held fram som viktig for deira oppleving av kvalitet. NMH er ein motor som går så det grin allereie.

For det tredje: Fusjon blir grunngjeve med byråkratisk forenkling. Til dømes tenkjer ein seg at det er meir effektivt med eitt lønningskontor eller eksamenskontor i staden for tre. Kor gyldig er eigentleg dette?

Små einskapar gir oversikt og nærleik mellom administrasjon og fagleg tilsette. Saksbehandling kan gå gjennom færre ledd, og ikkje minst kjenner trompetlæraren konsulenten på lønningskontoret. Det inneber i seg sjølv ei forenkling av prosessar, grunna tilliten eit nært kollegaskap legg til rettes for. Når menneska bak funksjonane ikkje kjenner kvarandre må det nødvendigvis føre til fleire og meir rigide formelle prosedyrar.

For det fjerde: Samanslåingsideologien baserer seg på prinsippet om rasjonalisering. I ein mindre institusjon har éin tilsett kanskje fleire oppgåver, eller institusjonen vel å tilsette lærarar med samansett og brei fagkompetanse.

Rasjonalisering går ut på at det blir meir effektivt med fleire tilsette med større spesialisering av arbeidsoppgåver. I staden for at Håkon både underviser i rytmisk trening, arrangering og gitar, skal han no undervise tre gonger så mange gitarstudentar, medan dei andre faga settast bort til kvar sine spesialistar.

Blir kvaliteten på gitarundervisninga automatisk tre gonger så god? Neppe. Teknisk rasjonalitet fungerer kanskje på ein fabrikk med tanke på produktivitet, men er veldig dårleg egna til å motivere, inspirere og utvikle kompetansen hos kunstfaglege lærarar. Dessutan risikerer Håkon at det tredobla talet gitarstudentar blir som eit samleband, der han ikkje har sjans til personleg oppfølging. Depersonifisering i kunstutdanning blir som å fylle bensin på ein dieselmotor.

Vi har òg store problem med å sjå korleis ein kan cashe ut ein gevinst i dei tilsette sin fagkompetanse ved at institusjonen blir større, ettersom kompetansen vil vere den same. Med mindre tanken er å lage større studentgrupper på tvers av dei tidlegare institusjonane, og kutte ned på talet stillingar. Utvatning av faga er i så fall konsekvensen, noko som fører til dårlegare kvalitet, ikkje betre.

For det femte: Den spesifikke fagkompetansen i alle ledd er ein føresetnad for kvalitet. Fleirtalet i  administrasjonen ved NMH har musikkfagleg bakgrunn. Det er opplagt at utan denne innsikta vil prosessar rundt Fou-arbeid, eksamensgjennomføring, timeplanarbeid o.l. bli tyngre og lite kvalitetssikra.

For det sjette: NMH har vore gjennom to fusjonar tidlegare, så dette har organisasjonen erfaring med. Den tilseier at ein fusjonsprosess har store omkostningar, ikkje berre økonomisk, men også for dei tilsette sin motivasjon og oppleving av å ha tyding og medverknad på arbeidsplassen. Dette verkar igjen direkte inn på kvaliteten på undervisning og forsking.

Når dei tre institusjonane med ei samla stemme ikkje ønskjer fusjon, går vi ut frå at KD forstår at det er på eit gjennomtenkt og godt fundert grunnlag.

I biologien er det kjend at enkeltceller som smelter saman til kjempeceller ofte utviklar betennelse og svulstar. AHO, KHiO og NMH har etablerte samarbeidspunkt i dag, og vi vil gjerne samarbeide meir og betre. Men vi ønskjer ikkje at det går verk i dette samarbeidet som følgje av ei påtvunge samansmelting ingen impliserte ønskjer.

Lokalstyret i Musikernes Fellesorganisasjon ved Norges musikkhøgskole:
Håkon Kvidal, 1. lektor
Guro Gravem Johansen, 1. amanuensis
Håkon Storm-Mathisen, 1. amanuensis

 

 

Publisert:

Del: