Som et apropos til dagens kommunevalg, bringer Ballade her videre Solveig Grødem Sandelsons kommentar til kulturmeldingen, som ble lagt frem 29. august. – Det spørst om vi ikkje fekk den kulturmeldinga vi fortente, skriver hun, og anklager kulturlivet for å ha lagt seg på en svært så defensiv linje i forhold til Kulturmeldingen, der man for all del ikke måtte støte noen. – Det er viktig ikkje å vera kontroversiell. Det er viktig ikkje å bruka ord som kling kritisk, det er viktig å virka samlande. Sånn at heile kulturlivet kan opptre i samla flokk når dei må våga seg ut av sin eigen sfære, ironiserer Sandelson. – Norsk kulturliv har tradisjonelt sett på seg sjølv som ei samling skjøre planter. Ei samling det ikkje skal meir enn eit vindpust til for å blåsa livet ut av.

Kulturmeldingfugl

Av Solveig Grødem Sandelson, Stavanger Aftenblad

Det er vel ikkje meir å seia nå. Om kulturmeldinga. Bortsett frå at det spørst om vi ikkje fekk den kulturmeldinga vi fortente. Dei har lytta godt, byråkaratar og politikarar. Meldinga oppsummerer i stor grad tankar, tendensar og haldningar i norsk kulturliv dei siste ti åra. Kvalitet har blitt eit viktigare ord, kultur har ein eigenverdi, kulturomgrepet er ikkje lenger like utvida, tydeleggjort i meldinga ved at frivillige organisasjonar må vika, dei får stort sett sitt i ei anna melding, frivillighetsmeldinga. Globalisering og internasjonalisering står sentralt, noko dei mange festivalane får honnør for å bidra til. Og i tillegg til dei tunge institusjonane, som symfoniorkestra, skal også frie ensemble og frie kunstnarar få betre kår, ikkje minst dei frie dansemiljøa. Kvalitet, globalitet og individualisering er viktigare enn nasjonsbygging og det store fellesskapet. Jo, det er ei nokså dekkande oppsummering av tendensane som har rørt seg på arenaen. Dei fleste aviser brukte ikkje meir enn ei helg og ein leiarartikkel på å få sagt det som var å seia. Og det ikkje nødvendigvis fordi dei tok lett på oppgåva.

For kulturministeren har fått med seg fleire slåande tendensar frå den norske kulturarenaen, også slike som verkeleg har levd lenge i landet: Det er viktig ikkje å vera kontroversiell. Det er viktig ikkje å bruka ord som kling kritisk, det er viktig å virka samlande. Sånn at heile kulturlivet kan opptre i samla flokk når dei må våga seg ut av sin eigen sfære. Når dei må ut og be om pengar, når Per Kristian Foss og eit Stortingsfleirtal må overbevisast. Og, endå verre, når ein vil setja kultur på dagsorden i valkampen.

Det som er samlande og ukontroversielt gir også eit godt utgangspunkt for ein konstruktiv kulturdebatt. Syns kulturministeren. Det er ikkje sannsynleg at det er noko ho har funne på heilt av seg sjølv.

Norsk kulturliv har tradisjonelt sett på seg sjølv som ei samling skjøre planter. Ei samling det ikkje skal meir enn eit vindpust til for å blåsa livet ut av. Kva skade ein framfusen orkan som for eksempel Framstegspartiet kunne koma til å påføra, er ikkje til å tenkja på. Kontroversielle diskusjonar er altfor risikable, ein må ikkje gi pengesterke kulturfiendar gratis ammunisjon. Om haldninga ikkje lenger står skrive med eldskrift på veggen, er røyksignala endå tydelege nok til at ein kulturminister oppfattar dei.
Det er ikkje så vanskeleg å forstå ei slik haldning, det er heller ikkje vanskeleg å finna historiske grunnar til den. Men kanskje gir debattdøden kulturmeldinga så fort leid, også eit bilete av effekten?

Nå kan ein hevda at også i denne defensive haldninga tar Kulturmeldinga først og fremst opp i seg det som har vore, trekkjer konklusjonane, heller enn å snappa opp nyare tendensar, halda fram visjonar, eller sjølv peika på alternative måtar å navigera på. Valgerd er verdikonservativ. Likevel kan ein ennå finna pustande restar etter denne haldninga, for eksempel finn vi i Stavangerregionen akkurat nå to prosjekt det synest nesten umuleg for einkvar kulturaktør å uttrykkja skepsis til: Det eine er det nye Konserthuset. Rundt det, utan avsendar, ligg ei luftig forventning til at samtlege aktørar i musikklivet, frå dei frivillige organisasjonane til profesjonelle aktørar i ulike sjangrar, må gi si fulle tilslutning til prosjektet for at det skal kunna vera liv laga. Likevel virkar det ikkje å ha særleg stor gjennomslagskraft når dei gjer akkurat det. Det kan virka som ein variasjon over det evige ropet om ”ulv, ulv” – så mange gonger har ein i store kultursaker ropt med ei samlande, ukontroversiell stemme at ingen lenger tar notis av det, det har blitt eit tomt ritual.

Det andre prosjektet er Tou scene, og alt som finn husrom og identitet innanfor dei gamle bryggeriveggene. Ein skal ikkje trø i graset, spede spirer må få gro. Men når er spirene sterke nok til å tola fri ferdsel? Må det nyskapande, eller rett og slett det nye, vernast frå nærgåande spørsmål for å overleva, eller må det tola kritisk interesse heilt frå starten av? Og kor lenge kan det i tilfelle vernast, før det mister relevans for omverda? At ein arkitektskole blir stabla på beina så og seia over sommaren kan vera imponerande og kreativt gjort. Eller det kan tenkjast å vera forhasta, til og med uansvarleg. Kor er arenaen som kunne få fram nyansane mellom dei ytterpunkta?
Eller er det uansvarleg å stilla slike spørsmål, til og med lite konstruktivt?

Nei, Valgerd har lytta godt til kulturfeltet, ho. Ho støttar det som synes korrekt å støtta, akkurat nå. Og legg forhalda til rette for at kulturlivet på rituelt vis kan slå ring om beitet sitt. Som om det er ein heilt nødvendig føresetnad for å overleva i ein debatt. Spede spirer må få stå, dei toler ikkje fri ferdsel. Tar ho feil?

Artikkelen “Toler kulturlivet fri ferdsel?” sto opprinnelig på trykk i Stavanger Aftenblad onsdag 8. september, og er bragt videre med generøs tillatelse av artikkelforfatteren.

Publisert:

Del: