– Det som ein gong er trykt i ein farge kan òg trykkjast i ein annan, seier Nils Økland. Han er aktuell med soloplata ”Monograph”, basert på versjonar av stykke som tidlegare er framførte i større ensemble.

Nils Økland 2007

Av Ida Habbestad

Foto: Lars Flydal/ECM Records

— Fordelen med å veksa opp på ein liten plass som Haugesund var at eg heile tida traff folk i gata. Dei heldt på med ulike ting som ein måtte forhalda seg til. Det var ikkje slik at du kunne gå inn i eitt miljø å vera isolert der, seier Nils Økland.

Me møter felespelaren i forkant av hans konsert på Borealis – og i høve utgjevinga av plata ”Monograph”. CD-en føyer seg inn i rekkja av mangfaldige produksjonar, og me har spurt om han frå byrjinga visste at han skulle arbeida breidt.

Økland viser til oppveksten, og rosar kulturtilbodet i byen.

— Det var ein openheit i kulturskulen. Rektor på den tida, Odd Endresen, trekte inn masse folk. Me hadde seminar med utøvarar som Håkon Austbø, Frank Nesse, Erling Kvarven, Ole Bøhn og Åge Kvalbein – og alle elevane fekk vera med. Timar med konsertmeister i Stavanger Symfoniorkester og spelemannen Ørjan Sætran var viktige i perioden, seier Økland.

Å sjå musikken på nytt
Då han kom til Oslo, la han vekt på å orientera seg som i Haugesund. Ein dag i studietida kunne strekkja seg frå strykekvartett-spel på føremiddagen, balkanmusikk på ettermiddagen, øving med Løver og Tigre på kvelden, og jamsessionar ut over natta. Dermed kunne han til sin avsluttande konsert ved musikkhøgskulen innkalla eit stort knippe musikarar. Under tittelen ”Nils Økland stryker til eksamen” skipa dei ein konserten med durata fire timar.

Men det er rolegare no, hevdar fiolinisten. Han har ”skjerpa seg” som han seier, og arbeider meir konsentrert. Slik er det kanskje beteiknande at hans nyaste utgjeving er eit soloalbum.

Der presenterer han eigne komposisjonar, storparten frå dei siste fire åra. Mykje av materialet er opphavleg tenkt for større besetningar – til andre uttrykk. Dømevis ”Mønster”, ”Pas de deux” og ”Seg”, skrivne til ei framsyning ved Haugesund Teater. Eller ”Rite”, skriven til ein koreografi av Ingeleiv Berstad. No føreligg dei i utgåver for hardingfele, fiolin eller viola d’amore.

— Då eg arbeidde med plata, gjekk eg attende til opptak og skisser for å laga soloversjonar. Eg følte eg kunne sjå musikken på nytt, seier Økland om prosessen.

Frigjort frå uttrykka dei er tenkte til, vert musikken meir transparent, hevdar han.

— Når eg speler åleine vert det på ein annan måte. Det vert meir luft. Og det skjer noko med uttrykket når ein tek musikken inn i eit rom som Olavskyrkja på Avaldsnes. Kanskje ein filosoferer over større ting?

Sølvspunden tråd som bindeledd
Den gamle middelalderkyrkja ved Karmøy der plata er spelt inn, har røter attende til 1200-talet. Rommet høver godt som understreking av referansane attende i tid.

For ornament, rytmikk og melodiliner vitnar om folkemusikktradisjonen, og der finst òg spor mot det barokke. I alle fall gjev opningsstykket, ”Mønster” – med det innleiiande oppadgåande kvintspranget, akkordbrytningane og framføringa på viola damore – assosiasjonar til Bach sine solosonatar for fiolin.

Har du reflektert over denne nærleiken til Bach?

— Eg føler vel eigentleg at det er musikken før Bach eg har vore mest oppteken av. Den er det ein slik fridom i, svarer Økland.

— Men desse tinga glid over i kvarandre. Eg har spelt og lytta såpass mykje til folkemusikk og barokk at det berre slår inn, trur eg. Når eg spelar i utlandet, vert eg gjerne presentert som linka mot folkemusikk. Sjølv om eg ikkje arbeider heilt tradisjonelt med folkemusikkmaterialet, forheld eg meg til den muntlege måten å arbeida på.

Vidare er der linjer mellom den norske folkemusikken og den barokke, berettar Økland.

— Folkemusikken er påverka av barokken, av dansemusikk, vokalmusikk, militærmusikk og meir. Der er ein sterk link med alt frå buetyper til den sølvomspundne tarmstrengen; d-strengen på hardingfela. Den er ein gammal barokkstreng som har overlevd i Noreg.

Ingen akademisk bue
Som medlem av Christian Wallumrød Ensemble har Økland arbeidd med ECM på ”Sofienberg Variations” og ”A Year from Easter”.

På spørsmål om han på si nye plate har forsøkt tilpassa seg ECM Records sin estetiske profil, meddeler Økland at Audun Strype, som står for lyd har hatt mykje å seia i opptaksprosessen, samt at Manfred Eicher har medverka i utvalet og miksen av det innspelte materialet.

Kva gjeld tittelen, ”Monograph” – som i bokverda tyder ei beskrivelse av et avgrensa emne – har òg ECM sett sitt merke. Økland presenterte først eit av spora på plata, ”Mono”, som sitt forslag.

— I utgangspunktet tenkte eg at ”Mono” (som motsetnad til ordet stereo, red. anm.) var ein fin tittel sidan eg speler åleine. Men ”Monograph” høvde endå betre. Eg føler jo at dette er mitt møte med eitt eller anna, der eg sit åleine. Det er ikkje nokon akademisk bue over sakene. Det er eg som spelar på instrumenta, på min måte.

Når Økland skildrar ”sin måte”, er det det fleksible, muntlege han trekkjer fram. Musikken vert ikkje skriven ned, den er i stadig utvikling. Aller mest kjem den frå det intuitive, hevdar utøvaren, og gjev døme på kor tilfeldig idéar kan komma.

— ”Pas de deux” kom til då eg hadde vore ein tur i Spania og skulle inn med nokre kuffertar i kjellaren. Då plutseleg var temaet der. Andre gonger kjem det når eg arbeider med instrumenta, for eksempel når eg stemmer fiolinen på måtar eg til vanleg ikkje gjer. Plutseleg kjem noko ut av det, svarer Økland.

Grafikk
Fleire av titlane har klåre bilete. Du har til dømes eit stykke som heiter ”Nattsvermer”. Kjem tittelen først?

— Eg veit ingenting om nattsvermaren eigentleg. Men eg har ein plass utafor Haugesund. Dit likar eg å dra for å hogga ved, gå turar. Der er eit rugdetrekk, meiner eg, og flaggermus, og nattestider er der heilt stilt. Det er ein plass eg likar å dra for å få inspirasjon.

— Men når folk ofte seier at det er landskapsmåleri eg held på med, er eg ikkje heilt enig. Kanskje kan dei heller sjåast som grafikk, desse soloversjonane? Det som ein gong er trykt i ein farge kan òg trykkjast i ein annan, seier Økland, som oppsummerer:

— Eg driv på med mitt. Så kan andre definera det som dei vil.

I kveld kl 22.30 spelar Nils Økland i lag med poeten Ivar Orvedal på Landmark som del av Borealis’ opningskveld.
Han gjev òg ein solokonsert under Maijazz i Stavanger.

Video av Nils Økland Ensemble, Borealis 08.

Publisert:

Del: