I den andre delen av kapitlet i Prots-biografien fortel dirigenten om soloplata som skulle vera ei ironisering over det norsk musikkliv, og om sin kamp mot det han kalla “mafiaen” i kyrkja. – Eg gjorde det fordi eg oppfatta organistar som eit problem den gongen. Dei hadde lite til overs for det andre musikarar dreiv på med. I dag er det heldigvis ei heilt anna openheit hos norske organistar. Det er veldig få som reagerer så arrogant som mange gjorde på sytti- og åttitalet, meiner Prots.

SKRUK

Av Stig Nilsson

Ved tiårsjubileet i 1983 gav koret ut eit jubileumshefte der litt av denne striden blir omtalt:

”SKRUK står på ein måte både i og utanfor alle kyrkjelege samanhengar. Når vi ikkje søkte noka særskild organisatorisk tilknyting, var vel det mest grunna i at vi ikkje var samde om kvar det i så fall skulle skje. Og spennvidda er ikkje blitt mindre med åra. (…) Bølgjene går av og til høge, men vi opplever òg mangfaldet som ein rikdom. (…) Alt vi har hatt føre oss, har vi prøvd å gjere så godt vi kan. Kvalitetshungeren blir innan kristenlivet stundom sett på som framand og forstyrrande i høve til forkynninga. Mange er det som såleis har spurt oss om kva som for oss er det viktigaste; å forkynne eller å lage høgkultur? Vi har nok i koret hatt våre usemjer om dette, men er vel komne til at spørsmålet ikkje gir uttrykk for ein verkeleg konflikt. (…) Vi har prøvd å eksperimentere litt. Enno er det kanskje ikkje alle som har svelgt at vi drog i åk med Vårsøg eller trødde takta med Ytre Suløens Jass-ensemble. Honnør til alle som målber tvisyn, men røynslene våre er at det blir eksperimentert så altfor lite slik i kyrkja (…).”

Kor bevisste Prots og samarbeidspartnarane hans har vore på at det var kontroversielt og eksperimentelt det dei gjorde, er fleire av dei slettes ikkje så sikre på i ettertid – sjølv om mykje av det blei oppfatta som nettopp det:

— Eg trur i alle fall ikkje vi tenkte så mykje på at det vi gjorde, var eksperimentelt. Det var vel ikkje så eksperimentelt heller, meiner Henning Sommerro. – Det var meir at vi sette saman sjangrar som ikkje var heilt vanlege, og at arrangementa dei fekk, var uvande for folk. Så viste det seg i ettertid at det blei oppfatta som noko nytt og noko annleis, men verken eg eller Prots gjekk rundt og tenkte slik. Vi dreiv med musikk, vi, på vår måte.

Einar Aarø, Jens Arne Molvær, Ottar Anderson, Stein Erik Tafjord, Helge Førde og Jarle Førde, det første mannskapet i Ytre Suløens Jass-ensemble, brydde seg ikkje stort om alt oppstyret.

— Vi opplevde dette mykje meir som eit fantastisk musikalsk prosjekt, seier Jens Arne Molvær. – Og det var noko heilt nytt. Eg har kanskje høyrt noko liknande før vi gjorde det, men aldri noko med så god kvalitet som dette samarbeidet resulterte i, for å seie det rett ut.

— Bråk blei det, når folk klappa og hadde det moro, men vi tok det ikkje særleg innover oss. Det var mange som hadde det moro. Vi meinte det var rett musikk, også for kyrkjene, seier Molvær, som aldri har opplevd at nokon direkte har kritisert han for prosjektet, sjølv om sinte motstandarar diskuterte det med høg temperatur i kyrkjelydane og skreiv lesarbrev i avisene.

— Prots opplevde det nok på ein annan måte, som hadde meir direkte å gjere med både kyrkja og bedehuset. Vi opplevde meir indirekte at folk protesterte litt. Det hende det kom folk til konsertane, at dei sette seg på første benk og satt der med armane over kors og så bistre ut. Så gjekk det ein halvtimes tid, så gløymde sjølv dei mest grinete seg heilt bort, og så begynte også dei å klappe og kose seg, fortel Molvær.

Han trur ikkje at dette samarbeidet med SKRUK sett frå Ytre Suløen si side var meint som ein del av eit arbeid for å gjere kyrkjedørene opnare. – For oss var det nok ikkje ein slik agenda. Men det var både spennande og nytt også for oss. Eg har alltid hatt stor sans for gospelmusikk, i alle fall i original tapping, og når vi miksa dette med tradjazz, kom vi ut med noko som folk ikkje hadde høyrt før. Eg synest vi opplevde stor entusiasme. Det er det artig å ha vore med på.

Kontroversane som Prots var i, hadde nok ein større dimensjon på landsbygda, der pietismen stod sterkare enn i meir urbane strok i landet. Erik Hillestad stod for provokasjonar av større dimensjonar i hovudstaden – og syntest det Prots gjorde, var lite å hisse seg opp over.

— Eg laga jo i si tid sjølv Dans med oss Gud, som skapte eit forferdeleg rabalder, så til og med Dagbladet følte seg krenkt på Guds vegner, seier Hillestad.

Den gongen Hillestad stelte i stand bråk med musikalprosjektet Dans med oss Gud, var i oktober 1982. Då arrangerte Kirkelig Kulturverksted eit ”fyllekalas” i Fagerborg kyrkje i Oslo. Det var eigentleg berre ei platelansering alt dreidde seg om. Librettoen til musikalen handla om ei gruppe ungdommar som tar seg inn i kyrkja for å feste saman med Vårherre. Dei har med seg eigen vin til sin høgst spesielle nattverd. Til slutt kjem politiet, men politifolka slepp ikkje inn, fordi ungdomane hevdar det er deira kyrkje. Ungdommane kunne ikkje kyrkjerommets språk.

Formålet med å skrive musikalen var frå Hillestad si side slettes ikkje å håne det heilage. Mange oppfatta det likevel slik. Spørsmåla mellom linjene i musikalen var eigentleg: Kven er det som eig kyrkja? Kven av oss blir gjenkjend ved Guds ansikt?

— Å utvide kyrkjedørene var også det Prots gjorde på sin kant av landet, meiner Hillestad. – Alle desse tinga trur eg handla mykje om kyrkjas frigjering og kyrkjas angst. Om tradisjonar i brytning med samtida. Mange sider ved livet måtte sameinast med den religiøse dimensjonen på nye måtar. Det handlar om ei verdiorientering i endring, meiner Hillestad.

— Eg skal vere forsiktig med å seie at vi dreiv og sprengde barrierar. I ettertid ser eg at det fungerte slik, og det er eg glad for no, men det var ikkje ei programerklæring, seier Prots i dag.

Kontroversane med organistar og anna musikkpoliti førte til at Prots seinare, på oppmoding frå Erik Hillestad, laga ei eiga plate som skulle vere ei ironisering over norsk musikkliv, inkludert musikkritikarane, med tekstar som handla om slike som rakkar ned på andre musikksjangrar, om båstenking. I 1983 gav Kirkelig Kulturverksted difor ut ei soloplate med Prots. Han fekk med seg opphavsmenn som Jan Eggum, Lars-Helge Myklebust, Geirr Lystrup og Erik Hillestad, og musikarar som Trond Villa, Stein Erik Tafjord, Simon Flem Devold og Kjell Bækkelund.

Blant anna gjekk Prots hardt ut mot det han kalla ”mafiaen” i kyrkja, og proklamerte i eit intervju med Aftenposten: ”Vi har organistene som sitter på sine høye krakker og vet hva som er Guds smak …”

— Eg gjorde det fordi eg oppfatta organistar som eit problem den gongen. Dei hadde lite til overs for det andre musikarar dreiv på med. I dag er det heldigvis ei heilt anna openheit hos norske organistar. Det er veldig få som reagerer så arrogant som mange gjorde på sytti- og åttitalet, meiner Prots.

Soloplata er kanskje det einaste produktet Prots leverer offentleg, som nesten ikkje får merksemd i det heile tatt. Årsaka til soloplatas anonyme liv er ein nokså ukjend amerikansk opphavsmann som nekta Prots å bruke ein av songane sine i norsk versjon: Ode til ein kritikar. – Vi fekk ikkje rettane til songen. Plata blei likevel gitt ut, i håp om at det skulle ordne seg. Etter berre nokre veker på marknaden måtte Kirkelig Kulturverksted gi opp, og heile plateopplaget blei inndratt, køyrt på dynga og kasta, fortel Prots.

— Eg trur nok ikkje det blir fleire soloplater på meg, seier han lakonisk, men legg til:

— Ein skal kanskje aldri seie aldri. Kanskje når eg har passert seksti og er moden nok til å gjere det …

Publisert:

Del: