I denne artikkelen tar Ingvill Marit Buen Garnås tak i Helene Bøksles utgivelse “Elverhøy”, gitt ut på Universal i vår. Garnås griper også etter det som utløste debatten mellom TONO, Norsk Folkemusikk og Danselag, og GramArt, nemlig prinsippene om å oppgi kilder og ha respekt for måten tradisjoner er videreført på. I denne blandingen av kronikk og anmeldelse av “Elverhøy” fra et folkemusikalsk ståsted, skriver Garnås blant annet: “Før ein kan seie at eit sjangerkryssande prosjekt er med på å auke kunnskapen om norsk folkemusikk, må ein del føresetnader vera til stades.”

Helene Bøksle - Elverhøy

Av Ingvill Marit Buen Garnås

TONO-debatten
Helene Bøksle sin radiohit ”Natta vi har” frå debutalbumet ”Elverhøy” skapte for kort tid sidan høglytt debatt, etter ei tilsynelatande freidig registrering som ny komposisjon i Tono. Norsk folkemusikk og danselag (NFD) gjorde i eit ope brev på Ballade den 05.05.06 Tono merksame på at tekst og melodi var henta frå den tradisjonelle mellomalderballada ”Margjit og Tarjei Risvollo”, samt visse likskapar med Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek sitt Tono-registrerte arrangement av same ballade på albumet ”Rosensfole” frå 1989.

I kjølvatnet av dette blei Helene Bøksle raskt utpeika som eit uskuldig offer i eit politisk spel. NRK framstilte det som om Bøksle hovudsakleg blei skulda for plagiat, eit ordval som i stor grad skulle prege media si vinkling av saka vidare. Saman med Bøksle sitt management tok m.a. VG til motmæle mot ”museumsvokterne”. Tono fråskreiv seg eit kvart ansvar, ba NFD ”trekke sine forhastede beskyldninger” og stilte spørsmålsteikn ved motivet, jf. pressemelding lagt ut på Tonos eigne nettsider. Gramart slutta seg til kritikken på den unge debutanten sine vegne; ”Organisasjonen bidrar til å sette et urettmessig og skadelig søkelys på en ung artist i en viktig fase av hennes karriereoppbygging”.

Bøksles medmusikar og produsent, Sindre Hotvedt, kom etterkvart på banen og ”la seg flat for kritikken”. Melodien blei omregistrert med utgangspunkt i at den er basert på ei tradisjonell mellomalderballade, slik det faktisk også står i coveret (!). Tono fatta i ettertid ei avgjerd om at det ikkje fins slike likskapar med Buen Garnås/Garbarek sin versjon at det vedkjem deira arrangementsrettigheiter på denne.

Norsk folkemusikk og danselag (NFD), Landslaget for spelemenn (LfS) og einskilde utøvarar har i det seinare teke opp diverse relaterte tema med Tono. Det går på rutiner for innmelding av tradisjonelt eller delvis tradisjonelt materiale, kva som skal kunne reknast som arrangement eller komposisjon etc. I tillegg arbeidast det med å få oppretta eit fond for tradisjonsberarar.

Utover dette seier den offentlege debatten lite om kvifor ein i folkemusikksamanheng normalt oppgjev kjeldene sine, uavhengig av evt. rettigheiter i Tono.

Ein takk til kjeldene
I folkemusikksamanheng er det ikkje sjeldan at kjelder blir oppgjevne i fleire ledd bakover. Fins det ein viktig kapasitet eller stilskapar i rekka, blir denne vanlegvis trekt fram og omtala. Dette kan vera alt frå notidige utøvarar, utøvarar ein finn på voksrullopptak eller i notenedteikningar frå midten av 1800-talet. Nokre kjenner ein kan hende berre gjennom munnleg tradisjon.

For den som er ein del av eit tradisjonsmiljø er dette ein sjølvsagt ting. Ein gjev kjeldene kreditt for at dei har teke vare på stoffet, sett sitt merke på det og gjeve det vidare. Ofte har kjeldene også tilført vesentlege opplysningar for sjølve tolkinga av materialet.

Tek ein eit historisk tilbakeblikk på spel- og songarven i ulike delar av landet, kan ein raskt fastslå at overleveringa i mange tilfelle har hengt på svært få personar. I vår eiga samtid kan ein også snakke om pionérar. Korvidt desse vil kalle seg tradisjonsberarar eller kunstnarar er uvesentleg i samanhengen.

I tillegg til å vidareføre munnleg overført tradisjon har desse utøvarane ofte lagt ned mykje arbeid i å restituere arkivmateriale. Det krev stor oversikt og god teft å leite opp dei rettelege perlene blant voksrullopptak, notenedteikningar og lausrivne tekstar. Oppskrifta er gjerne god kjennskap til lokale formideal, kombinert med ein sikker personleg stil.

At slike restitusjonar og personlege utformingar seinare blir ”hitar” i eller utanom folkemusikkmiljøet, er ei naturleg mekanisme, og for så vidt ein del av folkemusikken sitt vesen. Når det gjeld offentlege framføringar og nye innspelingar må ein likevel kunne forvente at kjeldene blir gjort greie for, uavhengig av evt. registreringar i Tono. Det er jo eit relativt nytt fenomen at folkemusikarar i det heile melder inn arrangement eller bearbeidingar i Tono.

Med dagens fordelingsplan vil denne type personlege utformingar eller restitusjonar i dei fleste tilfelle heller ikkje kvalifisere til å vera avrekningsberettiga i Tono. Praksisen er noko uklår. I eit folkemusikkperspektiv kan slike endringar likevel innebera klart nyskapande element. Det er jo nettopp ved endring av ”dynamikk, frasering, ornamentering, fingersetjing o.l.” (nemnt i Tonos forvaltningsplan § 14) at nye former oppstår.

Dei mange utgjevingane frå hardtsatsande unge folkemusikarar syner at kjeldetilvisingar framleis blir vektlagt. Når folkemusikken blir nytta som basis i andre sjangrar, som for eksempel i Helene Bøksle sitt tilfelle, ser det derimot ut til at imaget og staffasjen er langt viktigare enn ingrediensane. Helene Bøksle seier til Fædrelandsvennen den 12.06.06; ”Denne musikken har fulgt meg hele livet. Og mitt formål har aldri vært noe annet enn å bære tradisjonen videre”. Likevel har det enno ikkje vore mogleg å få ut av henne kva eller kven ho har som kjelder på nokre av dei mest kritikarroste balladane på debutalbumet. I tillegg ber mange av folkemusikkinnslaga på plata preg av at debutanten har vore lite i kontakt med kjelder eller tradisjonsmiljø generelt.

Som lauvet i lunden brenn…
Eg sill’ gjeva burt hest og sale, venast i lunden gjeng
Va du Margjit så glad i meg, som lauvet i logjen brenn
— Det va mi og alli di, som hjala her unde lio

Eit vers frå mellomalderballada ”Margjit og Tarjei Risvollo”, nedteikna etter Bendik Aanonsen Felland i Skafså av Ludvig Mathias Lindeman i 1861, i seinare tid fyrst og fremst gjort kjent av Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek på ”Rosensfole”. På Helene Bøksle si plate ”Elverhøy” møter me altså eit lite utdrag av same ballade under tittelen ”Natta vi har”. Kjelde er ikkje oppgjeve utover at visa er tradisjonell.

I utgangspunktet er ”Natta vi har” eit fint konsentrat av den lange og svært dramatiske visa. Teksten ber elles tydeleg preg av at Bøksle har lært den etter eit opptak ho korkje heilt har forstått eller hugsa rett. Utan å gå for mykje i detalj er det til dømes ikkje heilt uvesentleg når ”logjen” er bytt ut med ”lunden”, – som lauvet i lunden brenn. Symbolikken er med eitt borte. Dei klåre bileta er som mange veit eit svært grunnleggjande trekk ved balladespråket.

Signe Lita ho styrde sine skip i frå land
Så gløymde ho Gud Fader, Guds Sønn og Hellig Ånd.
— I ro meg ivi Rolland med dem årinn

Fyrste verset i den svært sjeldne mellomalderballaden om SigneLita, som ser heile brurefølgjet sitt forlise i eit frykteleg uver. Denne oppgjev Helene Bøksle at ho har lært av Sondre Bratland. Vidare skriv ho at visa er frå Åseral i Agder. Dette er skivebom. For to generasjonar tilbake fans dette mystiske visebrotet berre hjå tre kjelder i Telemark, nærmare bestemt Anne Tjønn og Olav Stuverud i Tuddal og Aaste Tinnes i Heddal. Nærmaste versjon måtte ein til Sverige for å finne. ”Signe Lita” fekk så nytt liv i Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek sin versjon på nemnde utgjeving, ”Rosensfole. På Helene Bøksle si plate syng Sondre Bratland introen, slik han har visa etter Agnes Buen Garnås. Det er her lagt på eit arrangement påfallande likt Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek sin versjon.

Helene Bøksle syng så visa etter Sondre Bratland, i sin eigen og mykje omarbeidde versjon. Guds Sønn er mellom anna ikkje lenger funne verdig ein plass i det gode selskap. Til tross for det dramatiske innhaldet i teksten er framføringa elles rett så livleg. I Bøksle sin versjon er ”Signe Lita” blitt reine skjemteballada.

Å setja ein kjend og kjær folkemusikar som Sondre Bratland inn i ein så pinleg samanheng som dette framstår som bortimot respektlaust. Den snevre utbreiinga av visa er interessant i seg sjølv. Å dikte opp eit opphav og vrenge visa for innhald og stemning liknar elles ikkje mykje på det ein vanlegvis forbind med tradisjonsbering. Tekst og melodi har her hamna på kvar sin planet. Det er sjølvsagt fritt fram å tolke ei vise som ein vil, men Helene Bøksle sin versjon av ”Signe Lita” blir ikkje meir enn eit litt umogent stykke arbeid.

Helene Bøksle har fått svært gode kritikkar for debutplata si. Kritikarane har særleg festa seg ved ”Natta vi har” (Margjit og Tarjei Risvollo), ”Signe Lita”, ”Heiemo og nykkjen” og ”Isimo”. Dei to fyrste er som nemnt kjende viser etter Agnes Buen Garnås, den tredje er ei av visene Kirsten Bråten Berg er mest kjend for. Helene Bøksle har heller ikkje oppgjeve si kjelde for denne.

Den som har høyrt Bråten Berg sine kjelder, systrene Gunvor og Gyro Uleberg frå Åseral, kan lett tenke seg at Bøksle har visa i form etter Bråten Berg. Det kan elles nemnast at det både for tittelsporet ”Elverhøy” og ”Nattergalen” er gjort greie for ymse skriftlege kjelder frå midten av 1800-talet. Dei daude kjeldene har ein altså vedkjent seg. Sjølve framføringa av ”Heiemo og nykkjen” er ikkje så verst, vel og merke dersom ein har sans for denne blandinga av folkesong og ei meir musicalaktig tilnærming.

Reint tekstmessig brukar Helene Bøksle det tradisjonelle materialet ganske fritt. I utgangspunktet er det ikkje noko i vegen for det. Men t.d. i ballada om ”Isimo” er ikkje handlinga til å kjenne att. Ballada handlar i originalversjonen om Villfar som er på leiting etter syster si, Sylvklar. Ho er i fangenskap hjå ei havfrue. Havfrua har lagt henne i dvale og gjeve henne eit nytt namn, Isimo. Som i gudesegna om Frøy når han hentar heim syster si, har Villfar vengjer på ferda. I Bøksles versjon har Isimo fått vengjer og er på leiting etter syster si. Det er jo mildt sagt nyskapande. Språket er elles svært dårleg på nett denne visa. Det er eit overdrivi nynorsk med ar-endingar i tide og utide. Det høyrest i grunnen verre ut enn når countryartistar syng på dårleg engelsk.

På ”Isimo” og ”Elverhøy” er det laga nye melodiar på tradisjonelle tekstar. Her har kanskje Helene Bøksle funne nisja si. Med denne løysinga står ho friare til å skape seg ein eigen stil, ikkje nødvendigvis i retning av den tradisjonelle folkemusikken. ”Måneskinnsmøyane”, ”Dans på Rusakula”, ”Blomen fell” og ”Det stig av hav eit alveland” utgjer det ikkje-tradisjonelle repertoaret på plata. I visesjangeren er det også tydeleg at Helene Bøksle er i sitt rette element. Bonussporet, ”En vuggesang”, mest kjent i form av Gjendines bånlåt, er i motsetjing framført som ei merkeleg blanding av norsk folkesong og gospel. Det er kanskje mest riktig å kalle det gospel, for stilmessig har det lite med norsk folkesong å gjera.

Folkemusikk light
Det er rett at folkemusikken stort sett er tent med å bli brukt i nye samanhengar. Men i andre musikksjangrar er ein også på same måte stort sett tent med å bruke folkemusikk som ingrediens. Det skapar ein heilt eigen aura når folkemusikk er involvert. Alle prisar seg lukkeleg for at nokon gjer ein innsats for saka, og kritikarane lar seg overvelde av romantikken. Meir tradisjonelle utgjevingar med folkemusikk av landets fremste utøvarar på området vekker lita og inga interesse, bl.a. fordi kritikarane seier dei manglar kompetanse til å melde dei.

Dei same kritikarane set seg like fullt i posisjon til å melde plater i kategorien folkemusikk light. Og det er ikkje måte på kor lett alt plutseleg fell i smak. Skulle derimot ein kjennar koma til å opne munnen, plasserast han tvert i båsen ”museumsvoktar”. Folkemusikkmiljøet generelt, – det vera seg organisasjonsfolk, media eller utøvarar, tør difor heller ikkje å ha ei sjølvstendig meining. Dei fleste held pusten, mens ein og anna galning lettar på loket. Å få eit surmulande folkemusikkpoliti på nakken ser elles ut til å vera eit sjakktrekk med tanke på å skaffe seg PR. Media og alskens meir eller mindre inhabile aktørar er raskt på pletten.

Før ein kan seie at eit sjangerkryssande prosjekt er med på å auke kunnskapen om norsk folkemusikk, må ein del føresetnader vera til stades. Det må vera kvalitet i alle ledd, også når det gjeld det folkemusikalske. Og det må vera mogleg å spore kjeldene. Dårlege tolkingar og misvisande kjeldeopplysningar fremmar på ingen måte forståinga av folkemusikken. Slike produksjonar lever sitt eige liv ved sida av alt som kan definerast som folkemusikktradisjon.

Publisert:

Del: