av:

Publisert:

Del:

Telemarkfestivalen delte i samarbeid med Posten Norge i år ut ein nasjonal pris for nyskapande folkemusikk. Prisen på 10 000 kroner er den første i sitt slag, og vart delt ut til Nordstoga i Gullbring kulturhus i Bø i Telemark. Den ferske prisen vil bidra til å rette fokus på den positive utviklinga innan den norske folkemusikken, og kan delast ut til enkeltpersonar eller grupper.

Odd Nordstoga (Foto: Telemarkfestivalen)
Odd Nordstoga (Foto: Telemarkfestivalen)

– Å drive med nyskapande musikk har vore Odd Nordstoga sitt varemerke i mange år, seier juryen, som har bestått av Marianne Hodne (Posten Norge), Ingebjørg Bø (styreleiar i Telemarkfestivalen), Øystein Akselberg (dagleg leiar) og Kjell Bitustøyl (redaktør i Spelemannsbladet), i sin grunngjeving av prisen. – Ein viktig del av denne nyskapinga har sitt ankerfeste i folkemusikken, akkurat som artisten har det. Han har fått folkemusikken med seg frå heimbygda Vinje, for kveding og bygdedans var noko Odd møtte både i heimen og i ungdomsmiljøet. Men like naturleg som dette var impulsane frå utanlandsk pop og rock, ein musikksjanger som på 80-talet hadde like stor utbreiing i ungdomsmiljøa på bygdene som i byane; tradisjonane sat i veggane og rocken var på radioen. I byrjinga då Odd laga sin eigen musikk var det pop/rock som var etiketten. Men parallelt med dette dreiv han med kveding på kappleikar og elles. Og han hadde fått bygdedansen inn gjennom fleire år som aktiv dansar i Ungdomsringen i Telemark.

I 1997/98 såg folkemusikkgruppa Blåmann, Blåmann dagens ljos, dette var ein kvartett med folkemusikarar som raskt oppnådde suksess med arrangerte utgåver av tradisjonelle slåttar og gamle viser. Odd var frontfiguren med både trekkspel og gitar som sine instrument, men med vokalframføringa som det viktigaste elementet. Gjennom denne gruppa var Odd med og rydda nytt land i folkemusikk-Noreg, arrangementa var nyskapande, og framføringa utypisk for folkemusikkutøvarar. Gjennom uhøgtidleg og morosame framføringar nådde Blåmann, Blåmann fram til eit større publikum. At Odd henta fram sine røynsler frå popmusikken var utan tvil eit pluss for denne gruppa.

Men det var gjennom prosjektet Nivelkinn der Odd Nordstoga samarbeidde med folkemusikaren Øyonn Groven Myhren, at Odd for alvor stod fram som ein nyskapar med sterke folkemusikalske preg. Nivelkinn, som byggjer på tekstar av diktaren Aslaug Vaa og som har melodiar av Odd og Øyonn, er utan tvil noko av det mest vellykka av nyskapande folkemusikk som er gjort i nyare tid. At prosjektet som blei framført som eit bestillingsverk på Telemarkfestivalen for fyrste gong i 2001, har blitt framført rundt ca 50 gonger i etterkant, seier sitt om populariteten. CD-en Nivelkinn fekk Spellemannprisen for beste folkemusikkplate i 2002, noko som stadfester kvaliteten i dette verket.

Folkemusikaren Odd Nordstoga kom endå meir fram i ljoset då han deltok på Landskappleiken i 2001 som A-klassing og blei nummer tre. Same året fekk han Norsk folkemusikkfond sin pris. Odd si deltaking på CD-produksjonar omfattar fleire sjangrar, ein kan til dømes nemne CD-en “Edith og eg ” der Odd bidrog med fleire melodiar. Hovudpersonen her var Herborg Kråkevik. Før denne CDen ligg der fleire prosjekt, både i form av eigne utgjevingar og gjennom samarbeid med andre utøvarar. På denne måten har Odd staka ut sin veg.

Førebels siste kapittel i Odd Nordstoga sin veg mot dei store høgder kom med CDen “Luring”, som kom i april i år. Med denne CD-en har Odd oppnådd ein eventyrleg suksess. Ikkje minst har han gjort suksess over heile landet i sommar som “live”-artist. Men sin heilt spesielle evne til å kommunisere med publikum fenger han breitt, frå dei yngste til dei eldste. “Luring” er ei plate der folkemusikken er som “eit bakteppe for (pop)musikken”, for å bruke Odd sine eigne ord. Dei folkemusikalske draga er sterke, dei fleste som har omtalt plata ser på ho som ei god blanding av popmusikk og folkemusikk. Og suksessen har skapt skjelvingar og begeistring langt inn i det etablerte musikkmiljøet. “Norges mest usannsynlege popstjerne”, skreiv ei avis.

– At Odd gjennom sin nyskapande måte å bruke folkemusikken på har opna dører for andre folkemusikarar, er det liten tvil om. Suksessen til Odd med “Luring” har me enno ikkje sett enden på, men alt no kan ein slå fast at norsk folkemusikk har fått seg ein durabeleg opptur på grunn av Odd. Folkemusikken har fått auka status, og interessa frå media har auka tilsvarande. Det er ein imponerande bragd Odd Nordstoga har utført og han er i høgste grad verdt ein pris for sitt arbeid med nyskapande folkemusikk, konkluderer juryen.

Telemarkfestivalen og Posten Norge AS gratulerar Odd Nordstoga med prisen og ønskjer lukke til vidare i karriera. Den nasjonale prisen for nyskapande folkemusikk skal bidra til å rette fokus på den positive utviklinga innan den norske folkemusikken. Prisen skal tildelast utøvarar innanfor sjangeren “nyskapande folkemusikk”. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller grupper. Utdelinga av prisen blir lagt til ein årleg konsert under festivalen. Prisvinnaren blir av festivalen invitert tilbake for å halde konsert under neste års arrangement med ny prisutdeling.