Samtidsmusikktidsskriftet Parergon har hatt eitt opphald i utgjevingane på omlag eit år. No er tidsskriftet attende i ny innpakking, og med eit heilskapleg fokus på musikkritikk. ”Jeg mener at musikkritikken vi har i dag er for grunn”, seier Emil Bernhardt til Ballade: ”Det er mye som skjer i musikklivet, men det fanges ikke opp på en måte som yter arbeidsmengden rettferdighet.” Bernhardt er ny redaktør for tidsskriftet, som med dette ynskjer å verta eit medium for ei djupare gjennomgåing av konsertar, festivalar og utgjevingar, samt for diskusjonen av kriteria for musikkritikk.

Parergon 2006-1a/www.yokoland.com

Av Ida Habbestad

Foto: www.yokoland.com

Samtidsmusikktidsskriftet Parergon kan snart feira sitt tiårsjubileum, etter den fyrste utgjevinga i 1997. Tidsskriftet vart stifta etter at papirutgåva av Ballade vart nedlagt, og den første redaksjonen (beståande av Lars Petter Hagen, Trond Reinholdtsen, Eivind Buene, Bendik Hagerup og Astrid Kvalbein) opplevde eit sterkt behov for eit forum for diskusjon kring samtidsmusikk

— Me valde ei pro-modernistisk linje, og var både intellektualistiske og kvasi-intellektuelle, fortel Astrid Kvalbein. – Det vart frekt og virka nok provoserande for mange. Men for oss som sat på innsida opplevdest det som eit nokså stort spenn mellom den nostalgiske dugnadsånda me jobba under, og at det fekk så sterk provokatorisk kraft.

Frå temanummer til musikkritikk
Behovet for diskusjonen kring samtidsmusikk er stadig aktuelt, og etter eit opphald i utgjevingane på omlag eit år er tidsskriftet attende, no med ei noko anna vektleggjing. Framleis er Trond Reinholdtsen og Eivind Buene i redaksjonen, i tillegg er Risto Holopainen komme med, og Emil Bernhardt er ny redaktør. Bernhardt fortel om bakgrunnen for den nye innfallsvinkelen:

— Jeg mener at musikkritikken vi har i dag er for grunn; anmeldelsene i dagspressen er for lettvinte og kortfattede. Det er så mye som skjer i musikklivet, men det fanges ikke opp på en måte som yter arbeidsmengden rettferdighet.

Parergon går difor førebels vekk frå sin gamle profil med temanummer, og vil gjennom sine 2-4 årlege utgjevingar heller gå inn for å etablera ein meir grundig musikkritikk – og diskusjonar kring denne. For det er behov for eit alternativ til tilbodet dagspressa gjev, meiner Bernhardt:

— Jeg tenker at avismediet kanskje er feil medium for disse tingene. Det har selvfølgelig med plass å gjøre, og hvilken tid kritikerne har til rådighet. Noen ganger handler det også om mangel på kompetanse. Det finnes unntak, selvfølgelig – men selv i Morgenbladet, hvor man skal gå dypere, er plassen for liten, meiner Bernhardt; – Det er derfor vi prøver å lage et tidsskrift hvor det skal være plass til å tenke tankene til ende.

For Bernhardt er kritikk og melding to ulike ting; og i hans definisjon er ein dermed meir eller mindre i mangel på førstnemnde:

— Å anmelde en konsert er å lage en liten notis om at det og det skjedde, man skriver noen ord om fremføringen, et par om intepreten og kanskje et ord om stykket. En kritikk er noe som prøver å gå i dialog med selve stykket på stykkets premisser, seier Bernhardt.

Bernhardt understrekar avslutningsvis at intensjonen ikkje er å utnemna smaksdommarar eller vera musikkpoliti:

— Å kritisere noe er å ta ting på alvor. Dette er ikke ment som noe destruktivt, men noe som setter en refleksjon i gang om hva som skjer i et stykke. Dialogaspektet er viktig: vi kommer ikke inn som politi for å sette standarder, men vil diskutere, komme i dialog om musikken, få belyst verkene fra flere sider. Vi kommer også til å diskutere kriteriene for hvorfor og hvordan man kritiserer, hvordan vi kan gå analytisk til verks og lage et kritisk språk, seier Bernhardt.

Internasjonalt perspektiv
I ”det nye” Parergon er det forøvrig eit ynskje om å få tilført eit meir internasjonalt perspektiv. Ein innfallsvinkel er at utanlandske skribentar vil å melda norske utgjevingar, og omvendt. I første nummer i 2006 har til dømes Torsten Möller som normalt skriv for MusikTexte i Tyskland, skrive om Happy Days. I tillegg er det innført eit samarbeid med svenske Nutida Musikk og danske Autograf, og Parergons abonnentar vil i 2006 motta eitt nummer av kvar av desse som del av abonnementet.

Parergon er i sal hjå Tronsmo, Akademika og Torpedo Kunstbokhandel, for abonnement kan ein kontakta Bernhardt direkte, emilbe@online.no

Publisert:

Del: